![]() |
[04.01.12 15:26] - Det ligg godt til rette for at Sp framleis skal vere ei av dei sterkaste røystene i lokaldemokratiet, sa partileiar Liv Signe Navarsetes i sin tale til partiets folkevalgtsamling.
Partileiar Liv Signe Navarsetes tale til Senterpartiets folkevalgtsamling 04.01.12. på Lillestrøm
Sjekkast mot framføring!
Kjære senterpartistar, og spesielt; kjære folkevalde senterpartistar!
Det er ein fantastisk start på året å få lov å møte alle dykk som kvar dag gjer ein stor jobb for partiet vårt landet rundt.
Eg vil starte med å takke. Takk for innsatsen i valkampen. Takk for jobben som er gjort dei siste fire åra. Takk for støtta til partiet og til meg som leiar i ei krevjande tid. Eit valresultat under pari, men med gode einskildresultat i fleire kommunar. 93 ordførarar, 74 vararordførarar vart fasiten. Eg er godt nøgd med resultatet når ein ser på posisjonar. Men ikkje minst sit det 1522 folkevalde senterpartistar i styre og stell over heile landet. De er ryggrada i det norske folkestyret. Tillitsmenn og– kvinner for innbyggarane i dykkar kommunar og fylke. Men også folk med eit tydeleg verdigrunnlag, dugnadsand og idear som de vil få gjort om til handling! Det ligg godt til rette for at Senterpartiet framleis skal vere ei av dei sterkaste røystene i lokaldemokratiet. ”Um bakkane kan vere tunge stundom, er det så mykje likare når ein fyrst hev vunne høgde” skreiv Arne Garborg.
Senterpartiet er eit styringsparti. 30. januar har me delteke 7000 dagar i regjering i nyare tid. Men om ein ser på historia lokalt er styringspartiet SP endå sterkare.
Som folkevalde har me fått tillit. Tillit til å forvalte fellesskapen sine ressursar til beste for alle. Ei fantastisk moglegheit, men óg eit stort ansvar. Å vere folkevald kan av og til også vere ein einsam jobb. Somme tider må ein ta vanskelege avgjerder og stå i blesten for dei. Då skal de vite at de har eit robust og støttande parti i ryggen. Eit parti der me gjer kvarandre gode. Der det er kort veg mellom alle nivå. Difor denne samlinga idag - for å treffe kollegaer og gje kvarandre råd og vink. Og for at me skal kjenne kvarandre neste gong me slår på tråden om ei sak. Det skal alltid vere kort veg til stortingspolitikarar og statsrådar i dette partiet. Og eg forsikrar at lutefiskmiddagar med akevitt slett ikkje er naudsynt for å få oss i tale - sjølv om det sikkert ikkje skadar å ha de triveleg ilag!
I Senterpartiet skal folk kjenne seg verdsette og oppleve stor takhøgd! Det er ikkje minst viktig for unge og nye folkevalde. Det er lite som er mindre motiverande enn å bli sabla ned når ein kjem med nytenkjande synspunkt, eller at folk rister på hovudet fordi ein har prøvd dette før. Her har ikkje minst ordførare, varaordførere og gruppeleiarer eit stort ansvar for å involvere og inkludere alle.
Folkestyre
Politikk handlar først og sist om menneske. Det som driv oss er å bidra til eit betre liv for folk. Å ta vare på alt det som er så bra i landet vårt, og gjere det enda litt betre! Korleis skal kvart enkelt menneske få utvikle seg som eit sjølvstendig individ, leve eit godt liv og ta aktivt del i folkestyret? Korleis skal me hindre at deltaking og ansvar vert erstatta av resignasjon og kravmentalitet, korleis skal me fremje tryggleik og fellesskap?
Demokrati er dialog. Demokratiet vernast ved å fornyast. Vern ved bruk, rett og slett. Og demokratiet kan ikkje takast for gitt. Demokratiet har ein pris. Det ser me no i Europa, demokratiets vogge. I krisetider er det økonomane og finansfolka som kommenterar politikk. Statsleiarar vert vraka for å unngå børskrakk. Folkevalde presidentar vert erstatta av teknokratar fordi marknadane ”treng det”. Krisa brer om seg, me høyrer mest om svimlande summar gjeld og hjelpepakkar. Men det er folk det dreier seg om. Millionar menneske som mistar hus og jobb, som fryktar for framtida til borna sine. Folk som føler at dei ikkje vert høyrd, og tyr til gatene.
Me har lova kvarandre «meir openheit, meir demokrati». Eg vil at Sp skal vere ein spydspiss i å vitalisere folkestyret. Me har ei stolt historie å vidareføre. Det var ein Sp-leda regjering som innførde offentleglova. Senterpartiet heldt det første landsmøtet ope for pressa. I dag har me mykje makt i kommunane til å setje standarden.
Ei undersøking frå 2011 syner at lokaldemokratiet og nærleik til dei som styrer er viktig for innbyggjarane i kommunane. Ja, lokaldemokrati ser faktisk ut til å vere vel så viktig for innbyggjarane enn dei tenestene kommunane leverer. For folk er ikkje berre brukarar. Me er fyrst og fremst borgarar. Kommunen må vere ein arena for deltaking og påverknad. Korleis kan me engasjere innbyggjarane også mellom vala? Kva nye møteplassar kan me skape, både i kommunestyre og i senterpartilag? Må alt vere som det alltid har vore? Eg ønskjer meg eit innovasjonsparti som tenkjer nytt - eit Senterparti med entrepenørskap i folkestyre og engasjement!
I Noreg syter offentleglova for at me har rett til innsyn i offentlege dokument. Den retten er slett ikkje opplagt i dei fleste andre land. Lova medfører at det er avgrensa høve til å nekte innsyn i interne dokument i kommunar og fylkeskommunar. Desse innsynsreglane er eit godt utgangspunkt for eit offentleg ordskifte før vedtaka skal fattast. Men lova må praktiserast rett. Difor er det så viktig at alle de folkevalde set dykk inn i lova. Konkrete ting kan gjerast lokalt. Har kommunen dykkar til dømes postjournal på nettstaden sin? Det er mange grep me kan gjere for å sikre openheit. Men mykje handlar og om kultur, haldningar og tradisjon.
Ein del av dette har me teke tak i frå sentralt hald. I fjor vedtok me nye reglar om møteoffentlegheit. Det skal ikkje lenger vere mogleg å lukke møte når formannskapet handsamar og gjer innstilling til årsbudsjett. Hovudregelen er at møte i folkevalde organ skal vere opne. Me må kvitte oss med praksisen om å lukke møte i utide. Reglane om kontrollutvalsmøta vart revidert, slik at også dei som hovudsak skal vere opne. Det same gjeld møter i kommunale føretak. Kommunale føretak er ein del av kommunen, og eg meiner det bør vere openheit kring deira verksemd. No ynskjer me ei lovendring der kommunestyret får ei plikt til å ta stilling til kven som skal innstille i sakar i kommunen – administrasjonen eller politikarane. Eg meiner bestemt at hovudregelen bør vere at ein praktiserar politisk innstilling. Eg vil oppfordre dykk til å halde fast ved prinsippet om at politisk skjønn skal inn i sakane alt i frå innstillinga. Det kan vitalisere det politiske ordskiftet.
Tenester/Saman om ein betre kommune
Kommunane har alltid vore pådrivarar for å utvikle velfe4rdstenester, og så har staten kome etter. Eit døme er alderstrygda. Kommunane tok i si tid initiativ til sparebankar, forsikringsselskap, elektrisitetsverk og samferdsleselskap.
Der høgresida vil ”effektivisere” med privatisering og økonomisk svelteforing, ynskjer me oss ein kommunal sektor bygd på fellesskap og deltaking, med gode tenester, nyskapande og rause lokalsamfunn. Det er sjølve verdigrunnlaget i vår omstillingsideologi. Det er bakgrunnen for programmet ”Saman om ein betre kommune”, der KRD, KS og arbeidstakarorganisasjonane skal samarbeide om nyskaping og utvikling i kommunale tenester. Kommunar som tenkjer utvikling og effektivitet, som er til for innbyggjarar og medarbeidarar, er den beste garantien mot dei som vil demontere den lokale velferda!
Det har vore mange vitsar om dei som er tilsette i kommunen. Kommunetilsette har liksom vore sjølve inkarnasjonen av ineffektive latsabbar. Men få instansar har vel tøffare krav hengande over seg til effektivisering kvart einaste år. Kommunesektoren får til dømes ikkje kompensert lønsoppgjeret på same måte som statlig sektor. Blir oppgjeret dyrare enn anslaget i RNB, må kommunane effektivisera tilsvarande. Det har kommunane gjort. Det gjer at sjølv med formidabel vekst i dei økonomiske rammene under vår regjering opplever mange at det er tøffe prioriteringar og tronge budsjett. Med den økonomiske uroa vi ser i Europa har det også vore naudsynt å halde nøkterne budsjett for å sikre eksportindustrien frå auka rente og høg kronekurs.
I slike tider er det ekstra viktig å utvikle det viktigaste i den kommunale organisasjonen: menneska.
I oktober besøkte eg Songdalen kommune der eg møtte Kirsten Røyrås. Ho har jobba som reinhaldar, eller vaskekjerring som ho sjølv sa det, i mange år. Kommunen har gjort tre ting for å betre kvardagen for Kirsten:
Det er også verd å nemne at sjukefråværet i avdelinga har gått ned frå 17,3% ved utgangen av 2009 til 5 % ved utgangen av 2011.
Songdalen og ordførar Johnny Greibesland har teke del i Kvalitetskommuneprogrammet og er no tekne opp i programmet “Saman om ein betre kommune”. Ein av mange Sp-kommunar som vi er stolte av, og som er utstillingsvindauge for god Sp-politikk. Andre eksempel er Tolga kommune med ordførar Ragnhild Aashaug som har utvikla ein fantatsisk skule, med resultat heilt i Noregstoppen og der meistring og inkludering blant elevane er nøkkelen til suksess.
Salangen kommune og Ivar Prestbakmo har skapt overskriftar med sin vellukka integreringspolitikk, ikkje minst i høve einslege mindreårige. Det gjorde inntrykk på meg å treffe den unge asylsøkaren i Salangen som sa at han aldri kunne tenke seg å flytte derifrå, det var der han høyrde heime.
Eller Re kommune med ordførar Thorvald Hillestad, som gjer alvor av å tilhøyre folkestyrepartiet. Der har dei hatt direkteval av ordførar, forsøk med e-val og røysterett for 16-åringar. Og på heimesida deira les eg at Thorvald er å treffe i ordførarhjørnet på Re-torget kvar torsdag ettermiddag, med unntak av juli!
Og mange, mange fleire. I Dagbladet sin kommunebørs i sommar utmerka mange Sp-kommunar seg med høg score. Like interessant var det at kåringa synte at små kommunar scora høgt på nær alle områder. Stikk i strid med det inntrykket som NHO prøver å skape, og som me får i alle kanaler gjennom NHO-konferansen i morgon.
Forventningane til kommunane er høge. Det skal dei vere. Kommunane har ansvaret for oss ifrå vogge til grav. Og oppgåvene spenner vidt. Det gler meg at innbyggjarundersøkingar syner at innbyggjarane i dag stort sett er nøgde med tenestene som kommunane leverer. Det trur eg er fordi kommunane evnar å tilpasse oppgåveløysinga til lokale behov. Det er store variasjonar mellom kommunane. Stort mangfald, og det synest eg er bra. Med ein så stor variasjon i føresetnader, er det naudsynt at kvar einskilde kommune har lokal handlefridom.
Samhandlingsreforma.
Så nokre ord om samhandlingsreforma. Det første eg vil seie er å be dykk senke skuldrene. Samhandlingsreforma er ei retningsreform. Det skjer ikkje noko dramatisk no om de ikkje er godt nok førebudd. Vi ønskjer endring over tid. Kommunane skal over tid behandle og gje pleie og omsorg til folk nærare der dei bur. Kommunane skal over tid betre folkehelsa. Når det er sagt veit eg at mange kommunar er komne langt. Eg rår dykk til å lære av kvarandre. Hugs at samhandlingsreforma ikkje er noko statleg oppfinning; det er kommunar og lokalsjukehus rundt i landet vårt som har vore modell. Eg ønskjer at alle i landet vårt skal få det same tilbodet, tilpassa dei lokale tilhøva.
Byråkrati
Sidan offentleglova vart innført har byråkratiet vakse enormt. Ikkje minst har EØS-regelverket bidrege til dét. Alt dette gjer innsyn og openheit meir krevjande. Regelverk må praktiserast med vett. Paragrafryttarar må ikkje få høve til å ta livet av sunn fornuft i lokalsamfunna. ”Meir styring i stort, mindre styring i smått” er ei politisk rettesnor i arbeidet vårt. Men det er ei uhyre krevjande materie. To NTNU-professorar gjorde ei fiffig samanlikning i ei kronikk i Aftenposten i haust: Dei ti bod, som tek sikte på å styre livet vårt, utgjer 80 ord. Nokre enkle pålegg som alle forstår og hugsar. Den norske grunnlova består av 5470 ord. Medan statsdannelsen EU har titusenvis av direktiv: eit direktiv om import av karamellar aleine er visstnok på heile 26911 ord.
Så har vi vårt her heime også;
Berre innhaldsforteikninga i den norske plan- og bygningslova er 1539 ord. Medan den gamle byggeforskrifta frå Kommunaldepartementet ifrå 1949 var eit hendig lite hefte med nokre føringar, som overlet skjønn til fagfolka. Dei fleste bygningane står trygt i dag, sjølv om dei vart bygde etter den forskrifta. No høyrer de alle at eg står og kritiserer kor kort me sjølve har kome i forenkling. De veit kor dryg denne materien er. For det er ikkje så enkelt som å droppe nokre forskrifter. Det er heile system som må endrast om det verkeleg skal bli veg i vellinga på forenkling. Mange sektorar og departement må dra lasset ilag. Eg meinar at dette i botn handlar om kva verdiar me har med oss. Det er eit spørsmål om tillit. Tillit til limet som held landet vårt saman. Tillit til at vettet er jamt fordelt. Tillit til at folk kan faget sitt, og at ein går til jobben med ein grunnleggjande iver etter å gjere sitt beste. Manglar ein den tilliten, må ein gjere regelverket detaljert og kronglete for å sikre seg på alle kantar.
Anbod, regnskapsreglar, EØS, ESA. Osv osv Her er nok å ta tak i – og det er ei viktig oppgåve for oss sentralt – som vil gjere kvardagen enklare for dykk landet rundt dersom me lukkast.
Kriser og beredskap
Desentralisering er sunn fornuft. BI-forskeren Thorvald Hærem og Bjørn T. Bakken har forska på kommandostrukturar i krisesituasjonar. Dei har funne at i krisesituasjoner er sentralisering av avgjerder og tiltak ein dårlig ide. Ein treng lokalkunnskap og lokal situasjonsforståing. Desentralisering er effektivt, seier dei. Lokale einingar for rask reaskjon er naudsynt. I uoversiktlige situasjoner og med geografisk spreiing kan lokalt initiativ vere avgjerande, er mellom konklusjonane deira. Eg kjem nett ifrå ei dramatisk romjul i Sogn. Hundretusenvis av menneske mista grunnleggjande infrastruktur på Vestlandet og i Midt-Noreg. Mange vart totalt isolert ifrå omverda i fleire døgn. Mannskapa som redda liv og verdiar var lokale. Det finst ingen fasit i krisehandtering, ein må bruke det vettet ein har. Heimevernet var blant dei som rykka ut. Det aktualiserar debatten om Forsvaret si framtid, og forsvarssjefen som foreslår å redusere antall HV-distrikt. Heimevernet må styrkjast, ikkje svekkast. Orkanen, andre naturkatastrofar og ikkje minst 22. juli gjer at beredskap står høgt på den politiske agenda framover. Senterpartiet skal stå på barrikadane i den debatten for å sikre at alle har tryggleik i sine lokalsamfunn.
Verdiar og programarbeid
Senterpartiet er no i gong med arbeidet med nytt partiprogram frå 2013. Der skal me fornye oss, men på kjent og fast grunn. Verdiane våre ligg fast og gjer oss gjenkjennelege. Tilliten me har til kvarandre er gjenkjennelig. Tillit til det lokale vettet og til enkeltmenneske. Styring i stort, ikkje i smått.
Programmet skal leggje vekt på heilskap, og bryte med sektortenking. Me må heve blikket utover budsjettpostar og saksframlegg. Vegar, barnehagar og renovasjon er kjempeviktig. Men samfunnskampen handlar også om å få fram visjonane våre. Standpunkt i enkeltsakane må vere ein del av ein ideologisk heilskap. Eg vil at Senterpartiet igjen skal vere ein arena for politisk nytenking og debatt. Vår visjon for Noreg er å utvikle vidare det landet me er så glad i. Då må me fornye for å bevare. Skal me skape livskraft og glød i lokalsamfunna over heile landet, skal me fremje det unike i det lokale, så må me gje folk fridom og moglegheiter der dei bur. Likeverd og rettferd handlar ikkje om einsretting, men om at alle skal ha like moglegheiter til å skape livskvalitet for seg sjølve og dei rundt seg. Senterpartiet skal bli eit fyrtårn for moglegheitspolitikken!
Avslutning
Eg sa innleiingsvis at Senterpartiet skal vera ein av de sterkaste røystene i lokaldemokratiet dei neste fire åra. Eg vonar denne samlinga vil vera eit steg på vegen. Evalueringsutvalet leia av vår nye fylkesvaraordførar i Østfold Per Inge Bjerknes har peika på tre viktige stikkord for arbeidet vidare i Senterpartiet. Me skal bli:
De som er våre fremste lokale folkevalde skal verte tidlegare, tydelegare og tryggare. De skal målbere partiet sin politikk og få fleire med på laget.
Tryggare blir me ved at me kjenner kvarandre. Saman er me gode. Difor skal me etter lunsj prate meir i lag når de går frå stand til stand for å snakke med våre sentrale folkevalde og tilsette. 10 stands med organisatoriske og politiske tema der de kan helse på nye og gamle ansikt. Med det ynskjer eg dykk ein god dag, og eg ynskjer dykk alt godt i rolla som lokalt folkevalde for Senterpartiet framover!
Takk for meg!