Til forsiden


Sp-leiar Liv Signe Navarsete:

- Sp vil ha fond for CO2-reduksjonar

[21.10.11 10:48] - Senterpartiet vil ha auka Co2-avgift på sokkelen til oppretting av eit fond for Co2 reduksjonar, sa Sp-leiar Liv Signe Navarsete i sin tale til landsstyret i Senterpartiet som er samla til møte på Gardermoen.


 

- Senterpartiet har tydelege programformuleringar om  elektrifisering av petroleumsutvinninga med elkraft frå land, særleg for nye feltutbyggingar. Klimaendringane er den største utfordringa verda står overfor. Utsleppa  aukar og var i 2010 høgare enn nokon gong. Det blir ei av dei viktigaste, og mest krevjande, sakane for regjeringa framover. Alt tydar på at me etter nyttår står utan ei ny internasjonal klimaavtale. Sidan ei global avtale om reduksjon i klimagassutslipp ikkje er på plass, er det enda viktigare med ein offensiv norsk strategi for å redusere utsleppa. I 2012 skal me leggje fram ei klimamelding med ein plan for å redusere utsleppa i Noreg. Senterpartiet vil jobbe hardt for at måla på utslippsreduksjonar vert nådd, sa Navarsete.

- Mange av klimatiltaka me bør gjennomføre innan viktige sektorar som samferdsel, jordbruk, bygningar og olje- og gass vil på kort sikt verte kostbare, men vil også bidra til framtidsretta investeringar og teknologiutvikling. For Senterpartiet er det avgjerande at klimapolitikken ikkje verker sentraliserande eller øydeleggjande for næringslivet.Vidaresatsing på miljøvennlig transport og utbygging av fornybar energi gjennom styrka fokus på konsesjonsbehandling og auka satsing på nett blir viktig, sa Navarsete.

- Senterpartiet tek konsekvensen av at me ikkje alltid kan få i både pose og sekk. Det er å kaste blår i augo på folk å hevde at me kan møte klimautfordringane utan at det får konsekvensar. Med å late som om me kan velje å la være å møte klimaendringane med tiltak vil være et ennå større bedrag. Difor tek me aktive klimaval: I valet mellom klimavennleg energi og naturinngrep seier me tydelig at me vil ha fornybar energi. Som eg har sagt mange gonger før. Me får ikkje vindkraft utan vindmøller, me får ikkje småkraft utan røyr i bekkar og me får ikkje fornybar kraft fram utan kraftliner,sa Senterpartileiar Liv Signe Navarsete.

Tips en venn

Skriv ut Skriv ut