Til forsiden


Sp-leiar Liv Signe Navasetes tale til landsstyret 21. oktober -11:

- Starten på vegen til eit sterkare Sp

[21.10.11 12:03] - Dette er den fyrste samlinga på vegen fram mot stortingsvalet om knapt to år. Det er starten på vegen til eit sterkare Sp. Men dette er òg det fyrste landsstyremøtet etter lokalvalet. Begge delar skal eg snakke om i dag, sa Navarsete.


Tale om den politiske situasjonen av partileder Liv Signe Navarsete til Senterpartiets landsstyremøte 21. oktober 2011.

Kjære landstyre og senterpartivener!

 

Dette er den fyrste samlinga på vegen fram mot stortingsvalet om knapt to år. Det er starten på vegen til eit sterkare Senterparti. Men dette er òg det fyrste landsstyremøtet etter lokalvalet. Begge delar skal eg snakke om i dag.

 

Me står framfor store utfordringar. Men me har også store moglegheiter. Det trengs sterk politisk vilje. Me skal ikkje vere nøgde med å sitje stille i båten. For det finst dei som meiner Noreg er bra slik det er. Låg rente og låg arbeidsløyse. God inntektsvekst for dei aller fleste. Og så er det oss, som vil vidare. Som er stolte over det me får til, men alltid utålmodige etter å utrette meir. Som bryr oss om enkeltmenneska og  dei gode nærmiljøa. Som framleis vil byggje landet og ha langsiktig forvalting av naturressursane.

 

Landsstyre.

 

Dei som ropte varsku om den globaliserte og liberaliserte finansøkonomien fekk rett. Den internasjonale økonomien hadde ikkje system på plass til å styre utviklinga og syte for balanse. No står me framfor ei alvorlig statsgjeldskrise i land som står oss nær.

 

Den økonomiske krisa er følgd av ei like djup politisk krise. EU-prosjektet er ramma av ei indre mistillit som både rammar den økonomiske styringa og det breiare politiske samarbeidet.Mange hadde nok ikkje venta å høyre meg stå på denne talarstolen og seie meg lei for at EU ikkje evnar å tale med ei røyst. Men det gagnar sjølvsagt ikkje Noreg at våre næraste naboar ikkje maktar å gjere jobben sin. Når avisa the Guardian kan fortelje at EU-landa ikkje finn saman i felles innlegg i FNs generalforsamling, vitnar det om ein organisasjon med enorme problem. Noreg står fritt til å velje vår eigen veg når krisa rammar. Ein nasjonal valuta har tent oss vel. Senterpartiet på Stortinget vil om kort tid fremje eit forslag om å grunnlovsfeste ei nasjonal valuta, slik til dømes USA og Sveits har gjort.

 

Noreg ligg som ei skjerma øy i eit opprørt hav av arbeidsløyse og finansiell uro. Me veit ikkje når brottsjøane også kan nå vår kyst. Me må vere budde på å reagere med tiltak om så skjer. Noreg er godt stilt, men krisa kan også ramme oss. Konkurranseutsette næringar er sårbare for ei sterkare krone og lågare etterspurnad. Kommunane har ei høg gjeldsgrad, og berre eitt prosentpoengs renteauke vil seie mellom ein og halvannan milliard i ekstra kostnader for dei.

 

Dersom statsgjeldskrisa i Eurosona utviklar seg til ei finanskrise som spreier seg til Noreg, er me og regjeringa budde på å sette inn tiltak slik me gjorde i 2009. Me har vist politisk vilje og evne til å styre gjennom krise før. Senterpartiet har alltid stått for ei nøktern hushaldering av økonomien og orden i eige hus. De har ikkje gløymt Gudmund Restad? Finansministeren med dei stramme budsjetta enda han kom ifrå Nordmøre og ikkje Sunnmøre.  

 

Våre nære naboland er alt hardt ramma av krisa. Då eg møtte mine nordiske kollegaer nyleg fekk eg høyre om tøffe kutt og krevjande tider. I Danmark redda dei seg unna den verste krisa i 2008 ved å føre ein ekspansiv finanspolitikk. Resultatet var eit enormt underskot på statsbudsjettet. Planen for å balansere økonomien inneber at budsjetta i danske kommunar skal stå på staden kvil heilt til 2014. Det kan få dramatiske konsekvensar for velferda. Eg er glad for å vere kommunalminister i Noreg!

 

Regjeringa har nett lagt fram eit nøkternt budsjett. Eit ansvarleg budsjett i ei ekstremt turbulent tid i verda rundt oss. Ikkje eit budsjett der me skålar i dyr champagne, men heller ikkje et vassgraut og barkebrød. Det er eit budsjett for å sikre ein sunn kvardagskost for oss alle, for neste generasjon og generasjonen etter den.

 

Kommunebudsjetta for 2012 blir nøkterne. Men dei gjev rom for å vidareføre ein svært høg aktivitet i kommunane. Og å utvide tenestene i takt med veksande folketal og endra befolkningssamansetting. I regjering syner Senterpartiet enno ein gong at me har både styringsevne og styringsvilje. Senterpartiet er nest etter Arbeiderpartiet partiet som har sete lengst med regjeringsmakt etter krigen. Noreg hadde sette annleis ut utan vår kraft for desentralisering og folkestyre. På laurdag har me sete 6 900 dagar i regjering – det må feirast!

 

Eg høyrer at kommentatorane mumlar om regjeringsslitasje. Eg seier at vilje til å styre og evna til å manøvrere i ukjente leier og turbulent ver er nett det som krevst! Men me skal óg ha blikket retta mot dei nye horisontane.

 

Senterpartiet er Samferdselspartiet! Med veksten i årets budsjett vidarefører me ei historisk satsing på bygging av veg og jernbane. Likevel ser me at det trengs ei systemendring for å få til ei enda meir effektiv og raskare utbygging. Heile ordninga for finansiering må reformerast. I staten sitt budsjettsystem vert det ikkje skild mellom driftsutgifter og utgifter til investeringar slik det er i kommunane eller bedrifter. I staten er ei krone brukt ei krone brukt uansett formål og uansett om den går til årleg drift eller til investering. Me er mange som meiner dette er eit ulogisk system og at det bør endrast. Staten bør som alle norske kommunar og bedrifter ha eit driftsbudsjett og eit investeringsbudsjett.  Det er både logisk og fornuftig.

Me kjenner alle  handlingsregelen, mål for ekspansivitet og at staten ikkje må bruke så mykje pengar at det fører til press i økonomien. Me vil hushaldere på bruken av oljeinntektene. Når eg tek opp dette tema i dag er det på bakgrunn av eit oppslag i Aftenposten 6. oktober i år. Der seier fleire stortingsrepresentantar, som i dag vedtek budsjettsystemet og som vedtek løyvingane, at dei vil ta veg og bane ut av statsbudsjettet. Då kan prosjekt lånefinansierast og gjennomførast raskare. Avgjerdene skal fattast av aksjeselskap etter modell frå Avinor som eg kjenner godt frå mi tid som samferdselsminister. Logikken skal vere at dersom Stortinget abdiserer og overlet styringa til andre, vil løyvingane til veg og bane kunne aukast utan skadelege verknader for økonomien. Men den økonomiske verknaden av 1 mrd investert i veg og 1 mrd investert i bane, er ikkje avhengig av kven som løyver pengane.  Verknaden i økonomien er ikkje ulik om 1 mrd vert løyvd av Stortinget eller om den vert løyvd av eit statleg aksjeselskap. Poenget mitt er at dei folkevalde, Stortinget, skal ha makta. Men då må Stortinget ta tilbake makta og endre dagens budsjettsystem.

Lat oss ta eit tenkt døme. Det vert gjort eit stort oljefunn utanfor kysten.  Som fylgje av det må det investerast milliardbeløp på sokkelen og byggjast ny flyplass.

Lat oss seie at Statoil skal investere fleire hundre milliardar på sokkelen over nokre år. Dei inngår ikkje i statsbudsjettet si utgiftsside. Avinor skal byggje ny flyplass til fleire milliardar. Den inngår ikkje i statsbudsjettet si utgiftsside. Telenor skal byggje ut breiband til x antall milliardar. Det inngår ikkje i statsbudsjettet si utgiftsside. Statnett skal føre fram straum til ein kostnad av nokre milliardar. Det inngår ikkje i statsbudsjettet si utgiftsside. Kommunen fører fram vatn og kloakk til ein kostnad av milliardar. Det inngår heller ikkje i statsbudsjettet si utgiftsside.

Eg er glad me får gjort desse viktige investeringane. Men ingen av desse milliardutgiftene inngår i statsbudsjettet si utgiftsside. Dei påverkar ikkje budsjettbalansen og bruken av oljepengar fordi all finansiering skjer “utanfor” handlingsregelen. 

Men kva så om staten skal bygge ein veg fram til flyplassen? Då kjem dagens budsjettsystem inn. Alle desse andre viktige investeringane er det råd til uavhengig av finansdepartement, regjering og Storting. Men vegen kan verte for dyr.  Handlingsregelen kan verte broten. Presset i økonomien kan verte for stort. Konklusjonen i regjering og Storting kan verte at me må vente med vegen nokre år til. Men vips; lag eit aksjeselskap og finansier vegen utanfor statsbudsjettet og så tåler norsk økonomi denne utgifta og!  

Kjære dykk; - slik er det ikkje i røyndomen. Me treng ei systemreform som sikrar både folkevald styring og ei meir offensiv og langsiktig utbygging av veg og jernbane i Noreg. All fornuft tilseier at systemet må endrast. Senterpartiet skal vise veg i denne debatten. Og etter at me har vist veg, - ja så skal me byggje vegen.

I Noreg er utfordringa i desse krisetider å sikre ein robust produksjonsøkonomi for framtida. Ein aktiv næringspolitikk som tek i bruk alle ressursar. Det er no, i vanskelege tider, at Noreg si langsiktige evne til verdiskaping må sikrast. Kreftene som ligg i dette landet må takast i bruk. Innovasjon og investeringslyst må stimulerast. Debatten om å fjerne formueskatten på arbeidande kapital er difor både aktuell og viktig. Sp sitt mål står fast. Me treng alliansepartnarar. Me ynskjer difor velkommen LO og NHO sitt krav om å utgreie konsekvensane av unntak frå formueskatten på arbeidande kapital.

 

Me skal dyrke fram dei kreative kreftene. Dei som vil og kan skape nye arbeidsplassar. Som Origo ID. Spennande gründerbedrift frå Telemark. Ein av gründerane, Kim Kristian Humberstad, deltok på mitt rådslag om entreprenørskap i vår. Tysdag møtte eg han att på Høgskulen i Telemark.  Saman med medstudentar hadde han eit ynskje om å finne ei løysing mot kortsvindel, og saman starta dei ei studentbedrift. Ideen var å utvikle bankkort som krev fingeravtrykk for å kunne brukast. Sjølv om det vil føre til at eg og fleire andre ikkje kan bruke kredittkortet til ektefellen når me er ute og handlar, er ideen unekteleg god. Studentbedrifta fekk prisar både i Noreg og utanlands. Etter endt utdanning starta dei bedrift. Dei har bygd opp nasjonale og internasjonale nettverk av fagfolk, og ser lyst på framtida. Framleis har bedrifta adresse i studiestaden Bø.

 

På partikontoret heng ein plakat frå Bondepartiet: ”Mot kontorstyre og skjemavelde”. Forenkling i offentleg byråkrati må dessverre framleis vere ei hovudkampsak for Senterpartiet. Det er naudsynt for å få fram innovasjonen og frimodet hos dei som torer å satse. Eg vert opprørt over alle døma på timar, idear og ressursar som går tapt i møtet med byråkratiet. Eg vert frustrert over at byråkratiet veks i ein sjølvforsterkande spiral. I gründerrådet som eg har oppretta får eg førstehands tips om dette. Regjeringa har oppretta enklereregler.no, der næringslivet kan foreslå konkrete tiltak. Me må ha hjelp til å peike på dei viktigaste grepa. Kva skjema kan me fjerne utan at dei vert erstatta av tre nye? Her er det ikkje store planar og ambisiøse reformer som nyttar, men systematisk og hard jobbing. Tiltaka må på plass eitt etter eitt, og skjema må bort, eitt etter eitt.

 

Å vinne val krev og systematisk og hard jobbing. No ligg lokalvalet bak oss. Seinare i dag skal både Per Inge Bjerknes, Knut M. Olsen og eg sjølv innleie til debatt om dette temaet. Eg vil likevel seie tre ting om det.

 

For det fyrste: Organisasjonen vår er framleis robust. Det vanskelege fjoråret er bak oss no. Den lojaliteten og ståpåviljen som alle lag i organisasjonen har vist er fantastisk, og gjer meg audmjuk og stolt.

 

For det andre: Resultatet er at me har fått 89 ordførarar. Det er godt jobba. Det skuldast at dei beste løysingane finst i sentrum, slik at me kan samarbeide med parti i alle retningar for å nå resultat. Det skuldast óg at me har utruleg flinke folk i posisjonar, folk som nyt tillit lokalt. Det er eit unikt utgangspunkt for jobben som må gjerast dei neste to åra. Og så må de alle hugse på dei flinke folka som ikkje kom inn i styre og stell, men som sa seg villige til å stå på lista og gjere ein innsats. Ta dei med, vis dei tillit og bygg laget vidare.

 

Eg er oppteken av at me på alle ledd i partiet gjer ein grundig jobb i å byggje opp folk i månadene som kjem. Me treng dei flinkaste folka som lokallagsleiarar og fylkesleiarar. Me treng dei mest motiverte kandidatane på topp på listene. Me kjem attende med retningsliner for nominasjonsarbeidet. Ei stortingsnominasjon er ikkje takk for lang og tru teneste. Nominasjonane er eit viktig grep for å få gjennomslag for senterpartipolitikk!

 

For det tredje: Resultatet på landsbasis er altfor dårlig. Som leiar er eg oppteken av at me må snu alle steinar i evalueringa som no vert gjort. Strategien fram mot neste val må ikkje basere seg på synsing. Me må gjere grundige analyser og utarbeide treffsikre strategiar. Ja, me må treffe breiare veljargrupper - men utan å miste vårt særpreg. Tendensen over fleire tiår har vore klar; Senterpartiet slit med å få innpass i dei store og mellomstore byane. Den koden må me knekke.

 

Eg er overtydd om at Senterpartiet sin ideologi fell i like fruktbar jord i sentrale strøk som i distrikta. Eg er overtydd om at forvaltarideen som partiet er tufta på har framtida føre seg. Det er mi og vår oppgåve å formidle det til fleire. Då må me fornye dei politiske grepa og retorikken, samstundes som ideane er gjenkjennelege. Løysinga for å nå fleire i tettbygde strok er  ikkje å slipe ned særpreget vårt. Me kan nå breie lag av folk utan å bli eit tannlaust ”folkeparti” som ikkje torer å ta dei store debattane.

 

Senterpartiet ER eit motstraumsparti. Me vart grunnlagd på kritikk av ei utvikling som marginaliserte bygdene, landbruket og folkestyret gjennom sentralisering av makt og kapital. I historia har me nådd store høgder når me har våga å stå imot – til dømes EU. Sjølve essensen i vår ideologi er å forsvare mykje av det som gjer Noreg til Noreg. Å ta vare på det som er bra i landet vårt slik at det ikkje vert ofra på utviklinga sitt alter. Det er ikkje det same som å vere mot alt. Men det betyr å styre utviklinga slik at me ikkje kastar ungen ut med badevatnet. Me må våge å ta i bruk nye verkemiddel, å ynskje nye impulsar velkomen.

 

Me har ein ambisiøs programkomité under leiing av Trygve Magnus Slagsvold Vedum som skal setje ord på Senterpartiet si sjel anno 2013. Eg vonar dei presenterar gjenkjennelege kjerneverdiar, med verkemiddel tilpassa ei ny tid.

 

Som parti vert me utfordra av sterke ytre krefter. Våre politiske hovudmotstandarar på høgresida vil snakke ned vår innsats for lokal velferd, utbygging av moderne infrastruktur og satsing på fornybar energi. Media vil prøve å skape motsetnader og konflikt. Dette stiller krav til oss alle. Det skal vere stor takhøgd og rom for meiningsbryting i Senterpartiet. Men det er viktig at me tek debattane i partiet sine demokratiske fora og i dei prosessar me legg opp til. Eg ynskjer fleire innspel til sentralstyret og landsstyret. Takk til dei som har sendt inn resolusjonsframlegg til dette møtet. Takk til dei som deltek frå talarstolen med både ros og eit kritisk blikk på partiet sin innsats. Bruk fylkesårsmøta til å debattere og avklare politiske saker. Ver aktive med framlegg i programarbeidet fram mot neste landsmøte. For meg som partileiar har det vore og er viktig å kjenne varmen og støtta frå denne forsamlinga. Når det bles nordavind frå alle kantar, er det viktig for meg å ha eit lag i ryggen som arbeider mot felles mål. Er me eit felles lag, tåler me også debatt og meiningsbryting. 

 

Valet har og aktualisert det politiske landskapet. Fløypartia går tilbake. Det politiske sentrum i Noreg vekker ny interesse. Alle kan sjå at vegen til makt går via ein grøn pol i norsk politikk. Det er vårt mål at verdiane som ligg i sentrum vert styrka. Eit politisk reisverk som støttar seg på pilarane forvaltning, fordeling og tillit til enkeltmenneske. Ein politikk for å ta heile landet i bruk. Forståing for ein aktiv distriktspolitikk. Dei gode velferdsløysingane i skjeringa mellom det private og det offentlege. Løysingar for å styrke små og mellomstore bedrifter. Solidaritet og ansvar. Ein miljøpolitikk basert på berekraftig forvaltning og ikkje blåøygd vern. Ein offensiv klimapolitikk. Sentrumspartia representerer eit tredje tyngdepunkt i norsk politikk – eit grønt alternativ til raud politikk og blå-blå politikk. Senterpartiet representerer sentrumsverdiane i det raud-grøne samarbeidet. Me har langt meir gjennomslag for desse verdiane enn KrF og Venstre hadde i sitt samarbeid med Høgre. 

 

Me sit i regjering saman med AP og SV. Me har samarbeid godt i 6 år og vil halde fram med det. Så er det slik at alle viktige saker frå regjeringa vert handsama i Stortinget. Der kan Senterpartiet vera brubyggar mellom våre venner i regjeringa og våre venner i KrF og V om dei vil det. Regjeringas fleirtal ligg fast. Senterpartiet har ei oppgåve å konsentrere seg om – korleis få gjennomslag for dei gode sentrumsløysingane! 

 

Om kort tid skal Regjeringa leggje fram ei etterspurt landbruksmelding. Senterpartiet har hatt det øvste ansvaret i landbrukspolitikken i over seks år. Me har i denne tida gjennomførd ein landbrukspolitisk snuoperasjon. Gjennom seks jordbruksoppgjer har me auka inntektsmoglegheitene i landbruket kvart einaste år. Me har fått til ei større opptrapping av inntektene enn resultatet av det berømte opptrappingsvedtaket på 70-tallet. Og det skulle berre mangle! Då me kom inn i regjeringskontora var landbruket sveltefôra, heile næringa låg i stabilt sideleie. Difor har me levert. Kvart einaste år. Og det skal me fortsette med. Gjennom statsbudsjettet i år legg me til rette for at dei som tek grep for å fornye seg i næringa får ein skattegevinst på rundt 300 millionar kroner første år, høgare i åra som kjem. Me har og foreslått å fjerne matproduksjonsavgifta. Det betyr ei avgiftslette på ca 630 millionar for bedriftene i matindustrien. Resultatet vil  forbrukarane få sjå i form av kvalitet og nyskaping i norsk matproduksjon.

 

Kvart av desse grepa fortener ei tale aleine. Men det viktigaste er at desse tiltaka skjer samstundes. Me gjev bonden betre investeringsordningar, samstundes som  inntektsmoglegheitene vart betra. Matprodusentane kan satse, og matindustrien får kapasitet til innovasjon.

 

Særs viktig for eit levedyktig landbruk over hele landet er å sikre den private eigedomsretten. Me seier heile tida til bøndene at dei, som sjølvstendig næringsdrivande, har ansvar for å drive lønsamt. Men då må me også gi grunneigarane moglegheit til å disponere ressursane sine. Det har vore gode intensjonar bak dei mange reguleringane av landbrukseigendomar. Men strukturane har stivna. I staden for at folk ser moglegheitene som ligg i eigedomane vert enkelte passive. Det er det siste me treng. Tvert i mot; me ynskjer at fleire landbrukeeigendomar skal vera tilgjengelege for dei som vil satse. Ungdom som vil inn i næringa må få sjansen til å etablere seg. I meldinga vil me sjå på grep som gjev ein enklare og meir moderne eigedomspolitikk i framtida.

 

I Senterpartiet er me teknologioptimistar. Me vil nytta moglegheitene. Men biologien set framleis grenser. I våre moderne liv trur eg mange har fortrengt den kunnskapen. Eg har nett kommentert turbulensen på verdsmarknaden. Men i ly av all merksemda til finansuroa, krise i euro-samarbeidet og demonstrasjonar i vestlige hovudstader, så er det galopperande matvareprisar som uroar fleirtalet av jordas befolkning. Tørke og flaum har ramma både verdas kornkammer og dei sjølvberga småprodusentane. Maten som er så grunnleggjande har vorte spekulantvare. Fattige vert enda fattigare, svoltne og sinte. Det er dét som er bakteppet for klimadebatten. Naturen som slår tilbake.

Klimaendringane er den største utfordringa verda står overfor.  Utsleppa  aukar og var i 2010 høgare enn nokon gong. Det blir ei av dei viktigaste, og mest krevjande, sakane for regjeringa framover.

Alt tydar på at me etter nyttår står utan ei ny internasjonal klimaavtale. Sidan ei global avtale om reduksjon i klimagassutslipp ikkje er på plass, er det enda viktigare med ein offensiv norsk strategi for å redusere utsleppa. I 2012 skal me leggje fram ei klimamelding med ein plan for å redusere utsleppa i Noreg. Senterpartiet vil jobbe hardt for at måla på utslippsreduksjonar vert nådd.

Mange av klimatiltaka me bør gjennomføre innan viktige sektorar som samferdsel, jordbruk, bygningar og olje- og gass vil på kort sikt verte kostbare, men vil også bidra til framtidsretta investeringar og teknologiutvikling. For Senterpartiet er det avgjerande at klimapolitikken ikkje verker sentraliserande eller øydeleggjande for næringslivet.Vidaresatsing på miljøvennlig transport og utbygging av fornybar energi gjennom styrka fokus på konsesjonsbehandling og auka satsing på nett blir viktig. Senterpartiet har tydelege programformuleringar om  elektrifisering av petroleumsutvinninga med elkraft frå land, særleg for nye feltutbyggingar. Seinare i dag skal me og ta stilling til eit forslag om auka Co2-avgift på sokkelen til oppretting av eit fond for Co2 reduksjonar.

Som eit rikt land og ein av verdas største energiprodusentar har me eit særleg ansvar for å gå føre i å kutte klimagassutslepp. I tillegg må me bidra til utsleppsreduksjonar i andre land og vere med og utvikle teknologi som kan få utsleppa i verda ned. Både klimaet og norsk næringsliv er tent med at nettopp me ligg eit skritt føre og viser veg for dei andre. Me skal få ned kostnadane på  dyre teknologiar, slik at alle land kan ta dei i bruk. La meg minna om at det er i Noreg, med Senterpartiet ved roret, at me byggjer - eller har bygd - verdas fyrste flytande havvindmølle, verdas største vindturbin, verdas fyrste saltvannskraftverk, verdas fyrste tidevannskraftverk og ikkje minst teknologisenteret på Mongstad.

Senterpartiet tek konsekvensen av at me ikkje alltid kan få i både pose og sekk. Det er å kaste blår i augo på folk å hevde at me kan møte klimautfordringane utan at det får konsekvensar. Med å late som om me kan velje å la være å møte klimaendringane med tiltak vil være et ennå større bedrag. Difor tek me aktive klimaval: I valet mellom klimavennleg energi og naturinngrep seier me tydelig at me vil ha fornybar energi. Som eg har sagt mange gonger før. Me får ikkje vindkraft utan vindmøller, me får ikkje småkraft utan røyr i bekkar og me får ikkje fornybar kraft fram utan kraftliner. 

Senterpartiet tek klimatrusselen på alvor. Og me vil vere med å føre Noreg frå det fossile til det fornybare energisamfunnet. 

Senterpartiet har stolte tradisjonar for nordisk samarbeid. Det ynskjer eg å vidareutvikle. Den nye partileiaren i svenske Centern, Annie Lööf, er også ny nærings- og regionalminister. Me har mykje å snakke om kring potensialet for nye næringar i denne regionen. Om berre tre månader trer avtala om grøne sertifikat i kraft – ei historisk satsing på ny fornybar energi. Ei sak Senterpartiet kjempa fram, og som Sverige og Noreg står saman om. Det er no jobben startar, det er no gigawatt-timane skal fram. Lat oss ikkje gå i den fella at me opparbeider oss eigarskap til dei store sakane, får dei gjennomført – og så slepper me dei når resultata vert synlege. Fornybarsatsing skal sikre nye arbeidsplassar i heile landet, og syte for at Noreg ligg i tet på ny teknologi. Og her skal Senterpartiet ha sjumilsstøvlar og sterk eigarskap til både politikk og resultat.

Kjære landsstyre.

Ja, me har gjort mykje. Me vil gjere meir! Måla er store og hårete og motkreftane mange og sterke. Verdiane våre ligg fast. Dei gjev styrke og tryggleik for retninga. Dei gjev og styrke til friske debattar om verkemidla. Organisasjonen skal byggjast. Talenta skal finnast. Politikken skal utviklast. Eg gler med til at me saman skal løfte paritet fram mot valet i 2013!

Tips en venn

Skriv ut Skriv ut