![]() |
[25.09.08 13:41] Liv Signe Navarsete (49) frå Sogn og Fjordane er valt til ny leiar i Senterpartiet. Ho varslar nye grep i politikken.
– Senterpartiet skal ta ei leiande rolle i arbeidet for å bygge landet. Vi må tenkje meir langsiktig og gjere meir av det viktigaste først, sa Navarsete som framhevar at ein no må pusse opp og vedlikehalde fellesskapsinstitusjonane – som vegar, jernbane, skular, kyrkjer og kulturhus.
Les heile talen her:
Eg er takknemleg for å få leie dette flotte laget.
Eg er audmjuk i forhold til oppgåva som lagleiar for senterrørsla.
Gode vener.
Vi har ein viktig jobb å gjere.
Vi skal bygge landet med moderne vegar, jernbane og fiber-breiband.
Vi skal bygge kunnskapssamfunnet ved å satse på skule og forsking.
Vi skal bygge velferd, helse, omsorg og gode nærmiljø der folk bur.
Landet treng eit sterkt Senterparti.
Eg gler meg til å vere byggeleiar.
Byggeleiaren kjem frå vanlege kår. Eg gifta meg ung. Eg avbraut utdanninga for å vere mor. Eg arbeidde på gard, baka 7 slag til jul og heldt orden i hus og heim. Eg vart enke og åleineforsytar for to døtre. Eg tok utdanning i voksen alder.
Politisk engasjerte eg meg saman med andre foreldre for skulen til borna våre. Det var meininga at ein stor barneflokk skulle gå i to store klassar. Mi oppgåve var å overtale Senterpartiet si kommunestyregruppe i Sogndal. Me fekk delt klassane i tre mindre einingar. Eg lærde at med godt samarbeid, gode argument og sterk vilje kunne ein påverke.
Dette var i 1986.
Same hausten melde eg meg inn i Senterpartiet. Og no står eg her.
Vener av meg har spurt; ”Kjære Liv Signe - kvifor vil du deg sjølv så vondt at du seier ja til å verte partileiar?”
Eg har tenkt grundig gjennom det.
Eg har ikkje svart ja fordi eg har levd eit anna liv enn andre.
Eg har ikkje svart ja fordi eg er meir perfekt enn andre.
Eg har sagt ja til å vere lagleiar for Senterpartiet fordi livet har lært meg at politikk er viktig.
Alle som bryr seg om ungane sine er politisk engasjert. Alle som bryr seg om kultur, miljø og dei eldre er politisk engasjert. Alle som bryr seg om det som skjer utanfor våre landegrenser er politisk engasjert. Det er mykje engasjement blant folk.
Samstundes er det færre som engasjerer seg i dei politiske partia. Det er ei utfordring. Folk flest er ikkje likegyldige. Mi er erfaring er at folk bryr seg. Difor må me evne å fornye oss for å verte eit viktig reiskap og talerøyr for fleire!
Politikk er viktig. Difor har eg sagt ja til å vere lagleiar i Senterpartiet. Eg vil gjere ein innsats.
Andre venner har spurt meg; ”Kjære Liv Signe - vågar du dette? Kva gjev deg mot og styrke?”
Det som gjev meg mot og styrke er menneske eg har møtt. Dei som seier ”det er viktig at de står på”. Dei som seier ”takk for at du kom og lytta til oss”. Dei som seier ”vi treng folk som står på for å bygge landet”. Dei som seier ”vi treng folk som vil styrke fellesskapen”. Menneske eg har møtt og som tek kontakt gjev meg mot og styrke til å seie ja.
Samstundes vert dei dagane då ein ikkje strekk til og ein ikkje klarer å leve opp til forventningane, desto tyngre. Vi må erkjenne og seie klart frå om politikkens grenser. Vi kan ikkje sikre folk verken lukke eller evig liv gjennom vedtak i folkevalde organ.
Ein og ein er vi sårbare. Slik er det i politikken. Slik er det utanfor politikken.
Saman er vi sterke. Slik er det i politikken. Slik er det utanfor politikken.
”We cannot walk alone” sa pastor Martin Luther King jr.
”Og det er det stora og det er det glupa at merket det stend um mannen han stupa”, skreiv vår eigen Per Sivle.
Landmannsforbundet si skiping i 1920 vart oppsummert med at dette var ”en bevægelse som ikke lar sig standse”. Eg skal bere merket vidare mi tid. Det gjer meg trygg å vite at eg har folk rundt meg. Og det gjer meg trygg å vite at det kjem folk etter meg som skal bere merket vidare.
Kjære vener!
Eg må få lov å snakke litt om veg.
Ikkje dei vegane, bruene og tunellane som kjem i neste års budsjett og Nasjonal Transportplan. No gjeld det vår veg, - Senterpartiet sin veg. Den vegen vi skal bygge saman og gå saman som lag. “Ikkje til høgre, ikkje til venstre, men framover” seier våre eigne flotte ungdomar.
Skal vi lukkast i politikken må vi ha gode svar på framtida sine utfordringar og dei spørsmåla folk stiller. Men vi må også byggje eit sterk lag, få til eit godt lagarbeid og gjere kvarandre gode.
Eg har min bakgrunn frå politisk arbeid i Sogndal og Sogn og Fjordane. I 2007 gjorde vi med fylkesordførar Nils R. Sandal i spissen, vårt beste val i historia og fekk 29,1% oppslutnad. Det er også eit resultat av godt lagarbeid gjennom mange år. Me er ulike og også til tider usamde, men me har evna å dra lasset saman. Denne erfaringa tek eg med meg inn i partileiargjerninga. Vår gode fylkesleiar Knut M. Olsen er no på turne saman med generalsekretæren kring i fylkeslaga og fortel om dette. Eg har som mål at me på landsplan skal verte like gode i lagspel som me har vore i heimfylket. ”Look to Sogn og Fjordane”.
Eg driv med politikk fordi det er viktig. Men det er ei tid for alt. Me har gode tradisjonar for også å ha det moro saman både i mitt heimfylke og elles i landet. Me har det moro i sosiale samanhengar og på festmiddagar i dette partiet. Slik skal det framleis vere under mi leiing – og de kan de sjå på som ein ordre!
I programarbeidet for perioden 2009 – 2013 skal me ha fokus på eigne arbeidsoppgåver. Me må som parti ha ei sjølvstendig oppfatning av kva som er dei viktige utfordringane i samfunnet vårt. Svært mykje i dag er kortsiktig. Det som er viktig ein dag er uviktig neste dag. Dårleg nytt er godt nytt. Den eine ”skandalen” vert avløyst av den andre. Meiningsmålingar varer i snitt vel 4 dagar. Ein kan få inntrykk av at Stortinget si samansetjing vert endra frå dag til dag. Når perspektivet vert kortsiktig og nærsynt, er det lett for både folkevalde og folk å gå seg vill. Difor er det viktig for oss som skal leie og styre å skilje det vesentlege frå det uvesentlege, det langsiktige frå det kortsiktige og sjølv setje dagsorden.
Kva er stoda i Noreg anno 2008?
Eg møter folk som har stor materiell velstand med ein trygg jobb, god inntekt, hus og bil. Mange har båt og hytte.
Eg møter sjølvstendig næringsdrivande som satsar og får til mykje. Eg møter vaktmeistrar, søppelkøyrarar, brannmenn, reinhaldarar, sjukepleiarar og lærarar som står på kvar dag og gjer ein solid jobb.
Eg er djupt, djupt usamd med dei som framstiller Noreg som ”ein politisk jammerdal” der det meste er mislukka, gale eller på skakke. Lat oss slå det fast ein gong for alle. Vi er eit privilegert folk, og vi lever i eit privilegert land.
Dette landet er rikt på naturressursar. Kloke og framsynte folk før oss har sikra nasjonal råderett over viktige ressursar som fisk, vasskraft, olje og gass. Ei langsiktig og nasjonal forvaltning av ressursane har gjeve grunnlag for erfaringar, kompetanse, eit variert næringsliv, kapitaltilgang og store verdiar på fellesskapet si hand.
Eigarskapet til kraftverka er ei stor og viktig sak. Det er vanskeleg å fastslå verdien av ein evigvarande ressurs. Norsk kraftproduksjon er så verdfull at det kort og godt er vanskeleg å fatte.
Ordninga med heimfall vart nedfelt i norsk lovgjeving i 1909 for å sikre at vasskraftressursane skulle vere i folket si eige og forvaltast til felles beste. Staten, kommunane og fylkeskommunane eig i dag 88% av ressursane.
Sterke krefter pressar på for å privatisere vasskraftressursane. EØS-avtalen har vorte brukt som brekkstang, og EFTA-domstolen konkluderte med at den fornuftige lovgjevinga me hadde ikkje kunne vidareførast.
Tidlegare olje- og energiminister Odd Roger Enoksen sette i gang eit stort arbeid for å sikre offentleg eigarskap for framtida. Dette viktige arbeidet vart vidareført av Åslaug Haga og sluttført av Terje Riis Johansen. Me har vald ei løysing som er framsynt, trygg, robust og ikkje omstrid i forhold til EØS-avtalen. Mine barn lærde i historietimane på skulen om konsesjonslovene frå 1909 og 1917. Eg er overtydd om at mine barnebarn i sine historiebøker vil lære om denne lova frå 2008 som sikra kraftressursane i folket sitt eige for all framtid.
Som folkevalde disponerer me store inntekter med grunnlag i naturressursane våre. Me har større handlefridom enn mange andre land. Vår generasjon har eit stort ansvar for å tenkje klokt og langsiktig når desse inntektene skal forvaltast.
Eg meiner Senterpartiet skal ta ei leiande rolle i arbeidet for å bygge landet. Me har store ressursar og stor handlefridom; men vi kan ikkje gjere alt på ein gong. Då må me tenkje meir langsiktig og gjere meir av det viktigaste først. Me må ta grep for å pusse opp og vedlikehalde fellesskapsinstitusjonane våre – som skular, kyrkjer og kulturhus. Me må ta grep for å vedlikehalde toglinene, vegane og hamnene våre og me må bygge meir nytt. Me må bygge ut moderne og tidsmessig infrastruktur i heile landet vårt; breiband, mobil og TV-dekning. I dette arbeidet må me tenkje rettferd og at heile landet skal med. Mange i Senterpartiet har vore opptekne av det urettferdige med ei nettleige som gjer at mange som bur i distrikta og attpå til nær kraftstasjonar betalar høgare nettleige enn andre. Me skal gjennomføre lovnaden frå Soria Moria om å jamne ut nettleiga.
Me kan dokumentere at me har gjort meir på desse områda enn dei før oss. Samstundes skal me setje oss nye og djerve mål. Det skal me vise i budsjettet for 2009, og det skal me vise i Nasjonal Transportplan 2010-2019. .
Alle deler av landet har fått meir veg under denne regjeringa. Me har løfta nivået med 2,5 milliardar kroner som har gitt meir veg og meir jernbane.
Me har sytt for ei historisk jernbanesatsing. Ein stor del av jernbaneinvesteringane under denne regjeringa har gått til Intercity-triangelet i det sentrale austlandsområdet. Dette har vore ei rett satsing. Eg kan love at satsinga på jernbane rundt byane skal styrkast med milliardar dei neste åra.
Me kjem ikkje til å ta pengar frå austlandsområdet, men meir av veksten må kome utanfor det sentrale austlandsområdet. Det er i tråd med inneverande Nasjonal Transportplan.
Dette skal bli tidenes satsing på samferdsle både i aust og vest, nord og sør.
Me skal kjempe for eit valresultatet i 2009 som vil gje grunnlag for ei ny forhandlingsrunde på Soria Moria. Då må Senterpartiet ta tak i det eg ser som ein systemfeil i offentleg budsjettering. Det er nemleg opplese og vedteke av dei som kan slikt i denne byen, at ei krone brukt over offentlege budsjett er ei krone brukt, uansett kva den går til. Dette leier fram til eit stort fokus på summen av pengebruk, og mindre fokus på kva pengane vert brukt til. Det er dette eg kallar ein systemfeil.
Eg meiner staten – på same måte som privatfolk, næringsdrivande og kommunar, skal skilje mellom pengar som går til forbruk og pengar som går til investeringar. Me må også få eit system som på betre vis møter behovet for vedlikehald av investeringar – anten det gjeld offentlege bygningar eller infrastruktur som jernbane og veg. Tilsvarande gjeld for vassleidningar og avlaup, telenettet og straumforsyning. Mitt sunne vet seier meg at me ikkje berre er på etterskot fordi skiftande regjeringar har prioritert satsing på vegsida for lågt – slik alle no verkar vere samde om – men fordi systemfeil fører til at investeringar systematisk vert for lågt prioritert.
Eg kjem til å arbeide for å skilje mellom investeringar og forbruk kvar dag så lenge eg er politisk aktiv. Eg er overtydd at den dagen kjem då alle vil seie; sjølvsagt må vi gjere systemendringar! Eg er overtydd om at den dagen kjem da alle vil spørje; kvifor har vi ikkje skilt mellom utgifter til investeringar og drift før? Dette er sunn fornuft.
Satsinga for å bygge landet er også viktig for å leggje til rette for gründerar og næringsaktivitet. Næringslivet vil ha gode transporttilbod slik at folk kjem på jobb til rett tid. Næringslivet vil ha gode vegar slik at varene deira kjem fram til marknaden. Næringslivet vil ha breiband med god kapasitet.
Tilsvarande støttar fagrørsla sterkt opp om ei slik prioritering av infrastruktur for å bygge landet. På same måten som me vann EU-kampen gjennom alliansebygging skal me vinne denne debatten. Med støtte frå folket, fagrørsla og næringslivet, og med opposisjonspartia som heiagjeng på tribunen skal me lukkast. Me let oss ikkje stoppe.
Det er krevjande å skape sin eigen arbeidsplass. Mange ser det som tryggare å vere lønsmottakar. Me har gjennomført viktige tiltak for gjere det enklare å starte bedrift, og arbeider vidare med forenklingar av regelverk og skjemavelde. Me vil mellom anna fjerne revisjonsplikta for små og mellomstore bedrifter.
Gjennom kommunale næringsfond og andre ordningar gjev me støtte til folk i etableringsfasen.
Me vil lette etableringar ved å ha redusert arbeidsgjevaravgift dei tre første åra etter oppstart.
Me har fått utvida sjølvstendig næringsdrivande sine rettar i samband med fødsel. Neste steg må vere å innføre rett til løn når ungar er sjuke. Slik legg me til rette for kvinner som vil satse.
Som land vil me bli meir avhengig av kunnskap og kompetanse for å finne gode svar på framtidige utfordringar – som til dømes korleis skal me forsyne verda med fornybar energi, korleis skal me handtere klimautslepp og korleis verdas befolkning skal få nok mat og betre helse.
Denne kunnskapen startar i grunnskulen. Me som har hatt gleda av å få fylgje born til første skuledag, veit mykje om borna sine forventningar, kor nysgjerrige dei er, lærelysten deira, gleda deira over å meistre og lukkast. Me veit også kor sårbare ungane er.
Læraren er viktig for borna sitt møte med skulen, tryggleik og læring. Me vil difor styrke læraren blant anna ved å doble timane i pedagogikk på lærarhøgskulane. For Senterpartiet er det viktigare å styrkje innhaldet i skulen enn å utvide skuledagen.
Me vil ha små einingar der elevane vert sett og høyrd.Derfor er lærartettleiken viktig. Stimulering av lesing og leselyst er viktige oppgåver for både foreldre og skule.
Ei særskild utfordring er alle dei som ikkje fullfører vidaregåande utdanning. Nokon må fortelje dei som har god praktisk dugleik at dei er verdfulle. Det vil Senterpartiet. Utan gode fagfolk vil Noreg stoppe. Me må få fram både at fagutdanning er viktig, og gjere den meir praktisk retta.
Ved å ta inn entreprenørskap i skulen, får elevane verdfull kunnskap og erfaring. Det skjer mykje spennande i elevbedrifter og me treng fleire gründerar i framtida.
Me må sikre ei god basisfinansiering av høgskulane og universiteta, slik at me framleis kan gje utdanningstilbod i nærleiken av der ein bur.
I programmet for neste periode vil me utnytte det handlingsrommet som er i handlingsregelen. Det kan gje om lag 40 milliardar kroner meir å rutte med dei neste fire åra. Dette skal nyttast til forsking og utdanning samt investeringar i infrastruktur slik Stortinget la opp til då handlingsregelen vart vedteken. Dei regionale forskingsfonda skal på plass.
Me treng meir fellesskap og me vil styrke den lokale velferda. Etter 4 års svelteforing under Erna Solberg tok den raudgrøne regjeringa med Åslaug som kommunal- og regionalminister eit krafttak for styrka lokal velferd i budsjettet for 2006. Samstundes er det slik at dei som styrer kommunane ikkje kan bruke same pengane to gonger – like lite som staten kan gjere det.
Kommunane har gjort ein god jobb med å styrke velferda. Me har fått fleire hender i eldreomsorga, fleire undervisningstimar i skulen, nye barnehagar, styrka vedlikehald av skular, kyrkjer og kulturhus. Me er ikkje i mål, men kutt, kutt og atter kutt er erstatta med ei ny retning. Me har vald fellesskap framfor store skatteletter, og det gjev resultat. Me har ei anna retning enn vi hadde i åra 2001-2005. Denne retninga skal vidareførast.
Senterpartiet lovar ikkje meir til alt og alle. Me lovar ikkje store skatteletter, kortare arbeidstid, lenger ferie eller lågare pensjonsalder. Me lovar ikkje meir i lommebøkene til verken dei velfødde rikaste eller middelklassen. Det gjev oss rom for å investere for framtida, bygge landet, styrke velferda og gje dei dårlegast stilte betre kår.
Sist sundag såg eg – og over ein million andre her i landet – starten på NRK sin serie ”Himmelblå”. Eg håpar det skal gå bra på denne øya; at tilflyttarane vert godt mottekne, får støtte og lukkast. Eg håpar at borna vil trivast, få gode venner og at skulen ikkje vert lagt ned. Eg håpar på mykje romantikk, at nokon finn ein annan og ein lukkeleg slutt. Eg veit ikkje kva som vil skje, men eg håpar.
Tittelen ”Himmelblå” koplar saman natur og visjonar. Me treng ein høgare himmel over våre liv, noko meir enn berre travelheit og forbruk. Serien seier noko om kor ulike liv me lever i dette landet. Livet i bygd og by har ulike kvalitetar og ulike kvardagsutfordringar. Folk skal kunne velje, og folk kan leve ulike liv i ulike livsfasar. Senterpartiet har hjarte for heile landet og me skal føre vidare vår politikk om å ta heile Noreg i bruk. Det er verdiar og kvalitetar knytte til det å ha eit mangfald i dette landet; av pulserande større byar, av vitale bygdebyar og blømande bygder og kystsamfunn med aktivitet, barnegråt og glad latter. Rusta piggtråd og attgrodde bøar, er ikkje framsteg. Folk i byen skal ha god luftkvalitet og opne rom. Landet treng mange bein å stå på og då må me halde heile landet i hevd.
Det trengs handling no for å sikre rein luft, reint vatn og jord for matproduksjon. Temperaturen aukar, polane smeltar og vi får meir dramatisk ver. Klimaendringane rammar fattige land hardast. Samstundes er det me i dei rike landa som har hovudansvaret for høge CO2 utslepp.
Me må ta leiarskap for å trygge miljøet. Få land er betre rusta til å gå i front. Me må forhandle fram forpliktande internasjonal klimaavtaler – der skal skipsfart og flytransport inn. Me har starta arbeidet for energiomlegging til lågutsleppssamfunn. Landet vårt har mykje kompetanse og kapital. No er tida inne for ei stor satsing på fornybar energi og utvikling av ny teknologi. Nye løysingar må til.
Det er viktig at Noreg kan tale med ei sjølvstendig stemme og vere aktiv i internasjonale forhandlingar. I 1995 la Anne Enger og Marit Arnstad fram forslag i Stortinget om at Noreg skulle arbeide for eit internasjonalt lovforbod mot landminer. Forbodet var få år seinare ein realitet. På landsmøtet vårt i 2005 var mange i denne sal med å starte opp Senterpartiet sin kampanje for eit internasjonalt forbod mot klasebomber. Senterpartiet og Åslaug Haga fekk dette inn i Soria Moria erklæringa. No tre år seinare er eit internasjonalt forbod på plass. Avtalen skal signerast i Oslo om få månader. Avtalen vil spare uskuldige menneske frå død og lemlesting. Me skal vidareføre dette internasjonale engasjementet og arven frå sterke Senterpartidamer.
Senterpartiet sin veg framover er raudgrøn. Eg meiner Ap, SV og me i fellesskap har oppnådd mange gode resultat. Me har fått langt meir sentrumspolitikk ut av dette samarbeidet åleine enn KrF og Venstre gjorde til saman i sitt samarbeid med Høgre og Frp som støttespelar. Lista er lang; kommuneøkonomi, samferdsle, fordeling, auka minstepensjon, distrikts- og landbrukspolitikk og heimfall. Samstundes er me utolmodige. Me vil meir.
Regjeringspartia har strekt ut ei hand til KrF og Venstre i Stortinget. Me har invitert til breie forhandlingsløysingar der det har vore mogeleg. Samstundes ser det ut som vegen framover for dei to andre sentrumspartia er vegen tilbake til Høgre, med Frp på slep. Det er i så fall deira val. Det må me respektere på same vis som me forventar at dei respekterar våre val.
Høgre skal i valkampen fortelje historia om ”dei 4 tapte år” i det norske samfunnet.
Kvar dag etter regjeringsskiftet har 190 menneske kome i arbeid. 190 menneske kvar dag. Er det 4 tapte år for dei?
Kva dag etter regjeringsskiftet har det blitt tilsett 10 nye menneske innanfor pleie- og omsorg. 20 nye varme hender i omsorg kvar dag. Er det 4 tapte år for dei som har fått omsorg?
Kvar dag etter regjeringsskiftet er det oppretta ei ny barnehageavdeling med 25 ungar. 25 plassar kvar dag. Er det 4 tapte år for ungar som har fått eit godt barnehagetilbod og familiar som har fått ein tryggare og enklare kvardag?
Er det 4 tapte år for alle dei tusen som har fått breibandtilgang? Er det 4 tapte år for alle dei tusen som før har betalt TV-lisens utan å ha tilgang til NRK 2 og som no endeleg får det tilbodet dei har betalt for? Er det 4 tapte år for dei som no får veg som er mindre utsett for ras?
Eg er klar til å møte Høgres leiar til debatt under tittelen ”4 tapte år?” Eg meiner eigentleg denne tittelen er meir dekkande for Høgre sin situasjon enn utviklinga i det norske samfunnet.
Frp på si side etterlyser at regjeringspartia skal skryte meir av seg sjølv. Eg er klar til å møte Frp sin formann til debatt om resultatet av regjeringspartia sin politikk og kva resultat Frp har å vise til.
Sp fekk ved valet i 2005 6,5% oppslutnad og 11 representantar på Stortinget. Frp fekk 22,1% oppslutnad og 38 representantar på Stortinget. Eg skal legge fram eit rekneskap for kva Sp har oppnådd desse 4 åra. Deretter kan Frp sin formann legge fram sitt rekneskap. Dersom Frp sitt rekneskap vert kort, kan formannen få ta med tidlegare sigrar under Bondevik II-regjeringa – ei regjering som Frp var både fødselshjelparar og støttespelar for. Formannen kan også få skryte over eldreomsorga i Oslo og Bergen der Frp styrer, eller fortelje om støtte til innføring av bompengar i Frp sitt ”utstillingsvindauge ” i Os kommune i Hordaland. Om ikkje det er nok, kan Frp sin formann også få ta med fadderskapen for den statlege overtakinga av sjukehusa - som Frp gjekk i spissen for og som Sp var mot.
Frp har ansvar for meir enn partiet vil innrømme og snakke om. Samstundes vil Frp gjerne framstå som eit parti utan ansvar. Me skal ta denne debatten. Eg håpar at folk flest på valdagen i 2009 ikkje vil overlate styringa av landet til eit parti som vil framstå som utan ansvar.
Frp skal i 2009 fortelje alle og ein kvar at dei aldri har vore i regjering. ”Lat oss få prøve” vil Frp seie. Vel, vel. Det er første gong i politikken og livet elles eg har opplevd folk som skryt av og seier at ”min aller, aller viktigaste kvalifikasjon er at eg ikkje har gjort det før”.
Mykje er bra i Noreg. Men eg er audmjuk i forhold til manglar og kritikkverdige forhold. Det var uløyste oppgåver i dette landet etter Gerhardsen, Brundtland, Willoch og Bondevik. Sjølvsagt er det uløyse oppgåver i dag og i morgon, neste år og i 2013. Det gjeld same kven som styrer. Me er heile tida på veg. Me skal alltid vere utolmodige. Me skal alltid setje oss nye og djerve mål for vårt eige land og vår rolle i det internasjonale samfunnet.
Om eit år, to dagar og fire timar stengjer siste vallokala i 2009.
Senterpartiet skal vere med å styre landet fram til 2009 og me skal styre etter 2009.
Me har ulike oppgåver, våre kvardagar er ulike og me er ulike som personar. Men me er på eit lag, me har store oppgåver og me har stort ansvar.
Diktet ”Elvane møtes” av Olav H Hauge seier oss noko viktig.
Elvane møtest, kvar frå sitt fjell.
Grip kvarandre i hendene.
Blandar sin song og sitt blod.
Held fram einige, sterkare,
Snåvar ikkje så lett i steinane:
turrskodd skal ingen vassa oss no!
Skal me lukkast må me gjere kvarandre gode. me må hente styrke og krefter frå kvarandre. Me må arbeide saman.
Me må ta ansvar saman. Me skal utfylle kvarandre. Me må ta vare på kvarandre.
Me skal byggje landet. Me skal styrke velferda. Me skal ta heile landet i bruk.
Me skal trygge miljøet. Me skal overlate eit land i betre stand til neste generasjon
Med dette er Senterpartiets ekstraordinære landsmøte i 2008 heva.
Vel heim!