Meny

Ja til Sp-staten

Det gjev nemleg ikkje meining når Jon Hustad i førre nummer av Dag og Tid skriv at vern av skog er eit klimatiltak og at hogst aukar utsleppa, skriv Ola Borten Moe.

Av Ola Borten Moe, nestleiar i Senterpartiet

Jon Hustad melder i førre nummer av Dag og Tid Senterpartiet sitt utkast til valprogram. Det er alltid interessant å lesa Hustad, og det er hyggjeleg å få ros og ris for programutkastet vårt. Eg lèt rosen liggja og kommenterer det som ikkje held vatn, nemleg det Hustad skriv om klima og skog:

Det offentlege ordskiftet om å ta CO2 ut av atmosfæren handlar for mykje om kostesame industrianlegg og avanserte teknologiske prosessar. Vi har lett for å gløyma at fotosyntesen gjer denne jobben for oss, heilt gratis, og med svært hyggjelege attåtverknader. Den norske biomassen, eller ståande volum i skogane våre, aukar monaleg kvart einaste år. Vi høgg godt og vel ein tredel av tilveksten, og netto CO2-opptak i norske skogar svarar til ca. halvparten av dei samla norske utsleppa.

Hustad har rett i at dette ikkje vert rekna med i klimarekneskapen vår. Men så vert Hustad fort mindre logisk, for alt eg veit grunna for mykje omgang med Bjart Holstmark i SSB og Naturvernforbundet sine heimesider. Det gjev nemleg ikkje meining når Hustad skriv at vern av skog er eit klimatiltak og at hogst aukar utsleppa. Skogen kan ikkje reknast tre for tre, men som ein samla storleik. Det relevante spørsmålet vert difor korleis vi aukar ståande volum i skogen over tid, og dimed opptaket av CO2.

Det er fleire årsaker til at volumet av skogen aukar; dei viktigaste er planting av ny skog og aktiv skjøtsel av eksisterande. Det er så enkelt som at jo meir masse per arealeining på kortast mogleg tid, jo større opptak av CO2 og jo større produksjon av tømmer og biomasse. I klimasamanheng vert vern av skog eit kontraproduktivt tiltak fordi det tek areal ut or produksjon. Og no som før må tre hoggast for å gje plass til nye. Her har vi mykje å gå på i Noreg, og det er det Senterpartiet tek til ords for. Gjennom meir hogst, planting og skjøtsel aukar vi både CO2-opptak og produksjon i norske skogar. Og dette er vesentleg rimelegare enn elbilsubsidiar, industrianlegg for fangst av CO2 og balanserte ventilasjonsanlegg i norske heimar som klimatiltak.

Meir tømmer og biomasse er ei stor moglegheit for fleire arbeidsplassar og reduserte utslepp av klimagassar: Om vi kan bruka tre framføre betong til hus går vi til eit materiale som bind CO2 i staden for å bruka CO2. Sameleis om vi kan fyra med flis, ikkje olje. Om vi framstiller drivstoff av hogstavfall og kvister, kan dette avløysa diesel i køyretøya våre. Og vi kan i tillegg lage klede, sannsynlegvis også kraftfôr, med utgangspunkt i treet.

Ein av våre tradisjonelle næringsvegar kan dermed verta fornya og samstundes redusera utslepp og auka opptak av CO2. I mitt hovud er dette vinn-vinn-vinn. Ola Elvestuen og Venstre skulle for nokre år sidan verna yngre produksjonsskog. Han svara ikkje på kva som var att av verneverdiane når det hadde gått nokre år og skogen hadde vorte eldre produksjonsskog. Hustad praktiserer same (mangel på) logikk. I Senterpartiet held vi oss til sunt bondevit.

Innlegget stod på trykk i Dag og Tid 10. februar 2017