Meny

Gode helsetenester med pasienten i sentrum

Les uttalelse om sykehus, vedtatt på fylkesårsmøtet i Oppland Senterparti

Gode helsetenester med pasienten i sentrum

Vi har store avstandar og eit veksande behov for helsetenester i Hedmark og Oppland. Den medisinske og teknologiske utviklinga legg til rette for å gje fleire helsetenester nær der pasienten bur. Samstundes blir det mogleg med stadig meir spesialisert medisinsk behandling, og denne treng vi å samle i eitt hovudsjukehus der alle spesialitetar er samla.

Oppland Senterparti meiner det må satsast langt sterkare på desentraliserte poliklinikkar og lokalmedisinske sentre. Vi treng å byggje ut dette nivået i midten, som skal arbeide i nært samspel med ambulansetenesta og med kommunane. Kommunane må få styrka økonomi for å klare den store oppgåva dei har fått med å ta seg av stadig sjukare pasientar, innanfor både somatiske lidingar, rehabilitering, rus og psykiatri.

Oppland Senterparti krev ei utgreiing som mellom anna syner:

✓ kva slags polikliniske tenester og akuttfunksjonar blir verande att ved dei eksisterande sjukehusa

✓ kva slags tilbod Sjukehuset Innlandet vil overføre frå seg sjølve til kommunehelsetenesta

✓ kva slags tilbod Sjukehuset Innlandet og kommunane skal stå saman om, slik at vi får utveksla kompetanse mellom helsenivåa

✓ korleis finansieringa av dette bør vere