Til forsiden


Arbeidsplassane i Rollag redda

[17.02.12 14:23] - Eg er særs glad for at støtta frå staten er med på å sikre arbeidsplassane ved fabrikken i Rollag, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.


 

Kongsberg Automotive ASA flytter ikkje produksjonen i Rollag til Polen. Midlar frå Innovasjon Noreg medverka til at styret bestemte seg for å satse vidare i Rollag. Dette er viktig for utviklinga i heile regionen.

- Eg er særs glad for at støtta frå staten er med på å sikre arbeidsplassane ved fabrikken i Rollag, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete. Den rolla Innovasjon Noreg har hatt i prosessen omkring investeringane på produksjonsanlegget på Rollag, er eit glitrande eksempel på distrikts- og regionalpolitikk i praksis. At midlane frå Kommunal- og regionaldepartementet etter alt å døme har hatt utløysande kraft, gjer meg stolt, seier Liv Signe Navarsete.

Innovasjon Noreg har behandla søknaden frå Kongsberg Automotive, Rollag, i ekspressfart. Dei brukte ikkje ein gong ei veke på heile prosessen. - Godt å sjå at Innovasjon Noreg kan trå til og at systemet fungerer, seier Navarsete fornøgd.

Distriktsutviklingstilskotet er på 7, 1 millionar kroner. Prosjektet som Innovasjon Noreg har gitt støtte til, skal heve kompetansen til dei tilsette i bedrifta. Vidare skal midlane bidra til ei framtidsretta teknologiutvikling og effektivisering av produksjonen.

Målet med den distriktspolitiske innsatsen er å bidra til å styrkje grunnlaget for busetjing og verdiskaping. I år får Buskerud fylkeskommune cirka 32 millionar kroner frå Kommunal- og regionaldepartementet til regional utvikling. I tillegg får fylket nokre kompensasjonsmidlar for endring av arbeidsgivaravgifta.

Buskerud fylkeskommune har òg dei to siste åra fått 2 millionar kroner til omstillingsarbeid i Rollag på grunn av reduksjonen i arbeidsstokken ved fabrikken til Kongsberg Automotive.

Tips en venn

Skriv ut Skriv ut