Du er her:

Ein trist dag for Noreg

- Dette er ein trist dag for Noreg. Mine tankar i kveld går først og fremst til dei som er ramma av voldshandlingane og deira pårørande, seier Senterpartileiar Liv Signe Navarsete.

 

Dette er ein trist dag for Noreg. Mine tankar i kveld går først og fremst til dei som er ramma av voldshandlingane og deira pårørande.

Det aller viktigaste no er at dei får all den hjelp og støtte dei kan få. Denne dagen vil gå inn i norsk historie. Den kan bli dagen som endra vårt opne, sterke demokrati og gjorde samfunnet meir lukka. Vår oppgåve er å samarbeide med alle gode krefter for at dette ikkje skjer, men at me saman byggjer vidare og styrkjer det opne og inkluderande folkestyret i landet vårt.

Me må stå saman i denne vanskelege tida og kjempe mot vald og for våre verdiar. Det skuldar me dei som er offer for valden og det skuldar me framtida for landet vårt.

Liv Signe Navarsete

(langstring[linktoolbar.header] is not set)