![]() Bjørn Arild Gram, ordførar i Steinkjer og ny nestleiar i KS |
[15.02.12 14:36] Ordførar i Steinkjer, Bjørn Arild Gram, vart på Kommunenens Sentralforbund (KS) sitt landsting tysdag 14. februar valt til 2. nestleiar og dermed ein av tre i arbeidsutvalet i KS. – Landstinget til KS viste ei veldig samling og einigheit, seier Gram.
- Landstinget i KS hadde stor grad av samling. Dette viste seg i samrøystes vedtak i landstinget både i fråsegner for å sikre lokaldemokratiet og velferd, og i samrøystes val på nytt styre. Det er ein styrke for KS å stå i lag når ein møter andre sterke aktørar, seier Bjørn Arild Gram.
- Jenny Følling, fylkesvaraordførar i Sogn og Fjordane, vart også vald inn i hovudstyret i KS. Vi vil saman vera på lag med dei mange dyktige lokalpolitikarar og ordførarar som Senterpartiet har rundt om i heile landet. Å verta valt til dei fremste blant desse er ei stor tillitserklæring, seier Gram, som dei siste fire år har vore 1. vara til KS sitt hovudstyre.
- Vedtaka på KS sitt landsting viste brei samling. Men Senterpartiet hadde trong for å markera eige syn i fråsegna om kommunegrenser. Sjølv om det er mykje bra i denne fråsegna, ville Senterpartiets delegatar på landstinget få fram friviljugprinsippet når det gjeld kommunesamanslåingar. Dette er trass i alt standpunktet til dei fleste politiske parti. Eg er lei meg for at Senterpartiet vart nedstemt på dette, seier Gram.
Fakta:
Arbidsutvalet i KS vil dei neste fire åra bestå av leiar Gunn Marit Helgesen (Høgre) fra Telemark, 1. nestleiar Mette Gundersen (Ap) frå Kristiansand og 2. nestleiar Bjørn Arild Gram (Sp) frå Steinkjer. Gunn Marit Helgesen er KS sin første kvinnelege leiar.
KS sitt hovudstyre 2012 - 2016:
Gunn Marit Helgesen, Telemark (Høgre, leiar)
Mette Gundersen, Vest-Agder (Ap, 1. nestleiar)
Bjørn Arild Gram, Nord-Trøndelag (Sp, 2. nestleiar)
Jenny Følling, Sogn og Fjordane (Sp)
Jørund A. Ruud, Telemark (Ap)
Ole Haabeth, Østfold (Ap)
Kristina Hanssen, Finnmark (Ap)
Ivar Johansen, Oslo (SV)
Oddleif Olavsen, Nordland (Høgre)
Hilde Onarheim, Hordaland (Høgre)
Line Skøii Vennesland, Vest-Agder (Frp)
Endre Skjervø, Nord-Trøndelag (Frp)
Torhild Bransdal, Vest-Agder (KrF)
Gunn Berit Gjerde, Møre og Romsdal (V)
Varamedlemar for Sps to hovudstyremedlemar:
Senterpartiet sine medlemar i KS sitt landsstyre:
Hans Seierstad, Oppland
Ingunn Dalaker Øderud, Buskerud
Arne Bergsvåg, Rogaland
Varamedlemar for Sps landsstyremedlemar:
Jenny Følling er og valt til gruppeleiar for Senterpartiet sin landstingsgruppe.
KS landsting vedtok desse uttalane: