Til forsiden


Klimaendringar påverkar bygg

[30.01.12 10:50] - Regjeringa vil at vi skal ha trygge og gode bygg også i framtida. Difor er det nyttig å få kunnskap om kva klimaendringar gjer med bygga våre, seier statsråd Liv Signe Navarsete.


SINTEF Byggforsk har kartlagt korleis endringar i klimaet påverkar bygg i dei ulike delane av Noreg. Dei meiner nær 2,4 millionar bygningar vil liggje i område med høg råterisiko innan 90 år. Det er om lag fire gonger så mange som i dag. Klimaendringane kan gje konsekvensar både for korleis bygga blir utforma og kor dei blir plasserte.

- Vi vil vurdere nye og andre krav når vi reviderer byggjereglane. Eg vil mellom anna sjå på om taka må tåle meir snø. Dessutan vil eg vurdere om det er formålstenleg å setje krav til materialar i dei ytre konstruksjonane i bygg. Allereie no vil eg oppmode byggjenæringa om å utvikle framtidsretta løysingar som tåler veret og klimaet i framtida, seier Navarsete.

SINTEF Byggforsk anbefaler fleire tiltak. Fleire kommunar bør lage beredskapsplanar for flom. Reguleringsplanane bør ikkje tillete at det blir bygd der det er risiko for ein 100-års flom. Dessutan bør det vere fleire grøne område i store byar for å betre dreneringa. Produkt og løysingar må i større grad vere tilpassa klimaet ein skal byggje i.

- Klimaendringane vil gje både kommunane og byggjenæringa utfordringar. Dei må ta nytte kunnskapen vi allereie no har når dei planlegg for framtida, seier Navarsete.

Tips en venn

Skriv ut Skriv ut