5.1. Eit moderne naturvern
5.2. Ei aktiv rovviltforvaltning
5.3. Strengare kjemikalpolitikk
5.4. Avfall
5.5. Forsvarleg vekst og rett forbruk
5.6. Aktiv bruk av naturen - friluftsliv
5.7. Bioteknologi
Mål
Naturen er grunnlaget for alt liv og all aktivitet. Senterpartiet tek utgangspunkt i forvaltartanken og har samspelet mellom menneske og natur i sentrum for arbeidet med miljøpolitikk. Det vi har i dag skal overlatast til neste generasjon i betre stand enn da vi overtok det. Senterpartiet arbeider for ei berekraftig forvalting av ressursane nasjonalt og globalt. Langsiktige omsyn til naturgrunnlag og miljø skal overordnast andre og meir kortsiktige omsyn. Fornuftig bruk er ofte det beste vern. Vi vil sikre alle tilgang til reint vatn, rein luft og til å kunne bruke naturen på ein fornuftig måte. Senterpartiet vil sikre alle tilgang til naturen. Gjensidig respekt og forståing for folks levesett, livsverk og daglege verdiskaping i by og bygd må vere berebjelke også i miljøpolitikken. God miljøpolitikk må basere seg på at både fellesskapet og enkeltmenneske tek ansvar. Makt og ansvar må vere desentralisert for å sikre at også lokal kunnskap blir utnytta i miljøpolitikken.
Framtida til menneska er avhengig av at naturen sitt samspel, produksjonsevne og mangfald blir oppretthalde. Samfunnet må forvalte ressursane til felles beste, i dag og på lang sikt. Ressursutnytting skal derfor vere framsynt og byggje på ei berekraftig forvalting av ressursane. I dag skjer det globalt ei storstilt utarming av det biologiske mangfaldet. Utrydjing av dyre- og planteartar gjev uopprettelege skadar og set matvaretryggleiken i verda i fare. Eit samfunn som tek vare på og byggjer på det økologiske, kulturelle og menneskelege mangfaldet er best rusta til å møte denne utfordringa. Vern og sikring av naturen er eit nasjonalt ansvar og er naudsynt for å ta vare på det biologiske mangfaldet og for at menneska kan hauste av jorda sine fornybare ressursar. Kommunane har ei sentral rolle ved forvalting av det biologiske mangfaldet. Senterpartiet vil ha auka lokal kompetanse og større lokalt fokus på ivaretaking av artsmangfald og naturtypar. Samtidig er det etter Senterpartiet sitt syn avgjerande at forvaltinga blir basert på ei forståing av at ein berekraftig bruk av naturen ofte er den beste måten å verne om dei biologiske verdiane. Det er derfor viktig å arbeide for at bruken skjer på ein måte som tek vare på mangfaldet, samtidig som dei fornybare ressursane i størst mogeleg grad kan bli utnytta. Bruken må vere meir enn einsidig vern av eit vesentleg areal og ei drift av andre areal etter forretningsomsyn. Det må gjennomførast ei konsekvensutgreiing av vernepolitikken før det blir vedteke nye nasjonalparkar eller andre større freda utmarksområde.
Noko av særpreget ved Noreg, og som særleg turistane verdset, er det velhaldne kulturlandskapet. Mange stader i landet er aktiviteten i landbruket så sterkt redusert at viktig kulturlandskap gror igjen. Tradisjonelt kulturlandskap er viktig som leveområde for mange truga artar. Det er også ei utfordring at størstedelen av dei sårbare og truga artane i kulturlandskapet lever i utmarksområde som har vore viktige for landbruket tidlegare. Mange av desse områda er ikkje lengre i aktiv bruk og fell stort sett utanfor alle noverande verkemiddel. Naturressursane bør i størst mogeleg grad forvaltast av dei som har ressursgrunnlaget som basis for virket sitt. Forvaltinga må byggje på den kompetansen som ligg i dei naturbaserte næringane og vere forankra gjennom demokratiske kanalar lokalt. Arealvern må gjennomførast slik at det er lokal forståing for verneformål og vernetiltak.
Etter at vernepolitikken dei siste tiåra har ført til eit unødig høgt konfliktnivå, må det takast nye grep. For å utvikle ein ny forvaltingsstrategi må det arbeidast for å skape ei felles forståing hos ulike aktørar og samfunnsgrupper om kva utfordringar vi står overfor, kva tiltak som er naudsynte og ulike måtar desse kan gjennomførast på. Nøkkelen til løysing ligg i å skape gjensidig respekt og forståing mellom dei ulike gruppene. Omsorg og respekt for folks levesett, livsverk og daglege høve til verdiskaping må vere ein berebjelke i miljøpolitikken. Senterpartiet er ikkje nøgd med kartlegginga av sårbar natur slik den blir gjord i dag. Det har vore lite ny kartlegging og viktige verneverdiar er i ferd med å gå tapt. Senterpartiet vil føre ein politikk som sikrar vern av dei mest verdifulle vassdraga våre. Samla plan og verneplanane må framleis vere styringsreiskap for forvaltinga av norsk vassdragsnatur. Den heilskaplege forvaltingsplanen for Barentshavet inneber ei ny form for økosystembasert forvalting av havområde. Han legg opp til systematisk overvaking og oppfølging av havmiljøet, og inneber at dei ulike typane aktivitetar som fiskeri, oljeverksemd og skipsfart, skal bli tilpassa kvarandre og til miljøet i havområda. Senterpartiet vil følgje opp forvaltingsplanen for Barentshavet og for Norskehavet og Nordsjøen. Noreg har særlege plikter, også internasjonale, når det gjeld forvaltinga av dei store fjellområda våre. For å markere at desse pliktene blir tekne på alvor og for å styrkje samarbeidet med dei lokale fjellforvaltingsstyresmaktene, ønskjer Senterpartiet at dei fjellforvaltingsoppgåvene som i dag ligg til Direktoratet for naturforvalting, blir lagt til eit nyoppretta direktorat for fjellforvalting. Senterpartiet ønskjer ei fjellforvalting som medverkar til å fremje det lokale sjølvstyret.
Senterpartiet vil:
Senterpartiet vil ha ei ny rovviltforvalting som er forankra i lokalsamfunna og som sikrar artsmangfaldet gjennom eit felles internasjonalt ansvar for å forvalte rovviltbestandane. Ein aktiv bruk av utmarka er mange stader øydelagd på grunn av ein feilslått rovviltpolitikk. Bruk av utmarka er ei miljøvennleg form for verdiskaping som også er viktig for å oppretthalde det biologiske mangfaldet. Noreg treng aktive utmarksnæringar både for å ha eit landbruk i heile landet og vareta eit kulturlandskap som er særs viktig for å utvikle reiseliv som næring i Distrikts-Noreg.
Vi må ha ein politikk som kan skape tillit mellom forvaltinga og lokalsamfunnet. Senterpartiet vil derfor ha ei folkevalt og lokal forvalting. Dei som kjenner problema på kroppen, må også ha innverknad på korleis den praktiske forvaltinga skal vere. Det skal vere trygt å bu i heile landet og rovvilt skal ikkje forringe livskvaliteten til innbyggjarane. Uttak av rovvilt er staten sitt ansvar og uttaket må skje på ein effektiv måte når fellingsløyve er gjeve.
Senterpartiet vil:
Helse- og miljøfarlege kjemikal fører i dag til helseskadar hos menneske og til skadar på miljøet og økosystema. Mange arbeidstakarar er utsette for helseskadelege kjemikal på jobben. Forbrukarar blir utsette for helse- og miljøskadelege kjemikal i produkt som dei kjøper, og kan blant anna bli utsette for allergiar, kreft og ufrivillig barnløyse. Miljøgiftene hopar seg opp i næringskjedene, blir transporterte med luft- og havstraumar, og vi finn dei igjen langt frå utsleppskjeldene, ikkje minst i dei sårbare økosystema i Arktis. Alt taler for ei føre vere-haldning i kjemikalpolitikken. Senterpartiet meiner Noreg skal vere eit føregangsland. Det må bli lettare for forbrukarane å skaffe seg informasjon om kva farlege stoff som er å finne i ulike produkt. Det er naudsynt med betre merking av varer og lettare tilgjengeleg produktinformasjon. Barn og unge er ofte spesielt sårbare for miljøgifter. Det er særs viktig å føre ein politikk som får miljøgifter ut av produksjonsprosessen alt i utgangspunktet. Vidare må produktkontrollen bli styrkt slik at ulovlege og miljøskadelege stoff i produkt blir oppdaga og stengt ute frå marknaden.
Senterpartiet vil:
Vi har i dei seinare åra fått betre system med kjeldesortering og gjenvinning av avfall. Det er likevel eit stort problem at den totale avfallsmengda aukar vesentleg år for år. Store mengder norsk avfall blir eksportert til Sverige for energigjenvinning fordi svenskane har ein betre vassboren infrastruktur og lågare sluttbehandlingsavgift enn hos oss. Å forbrenne norsk avfall i Noreg vil både redusere utslepp ved transport og gje oss tilgang på miljøvennleg energi.
Dei siste 20 åra har mengda avfall frå hushalda auka med 90 prosent, mens den økonomiske veksten har vore på 60 prosent. Dette kan tyde på at den økonomiske veksten vår blir stadig meir ressurssløsande. Avfall må i enda større grad bli sett på som ein ressurs og eit utgangspunkt for produksjon og verdiskaping. Det må gjennomførast ei lang rekkje tiltak for å auke gjenvinningsgraden både for materialar og energi. Gjennom aktiv regulering og avgiftsbruk må det lagast rammevilkår som sikrar at dette skjer. Innføring av kjeldesortering i alle kommunar vil vere eit viktig verkemiddel. Også forbrukarane må i framtida bere eit større ansvar for å redusere avfallsmengda og bli meir miljøvennlege. Det må leggjast aktivt til rette for produkt og forbruk som ikkje fører til auka avfallsmengder. Opplysning og fokus på dette frå styresmaktene vil vere viktig.
Senterpartiet vil:
Med auka vekst følgjer auka forbruk, nasjonalt og internasjonalt. Dei industrialiserte landa tok på seg eit særskilt ansvar for å sikre berekraftig forbruk og produksjon alt på verdstoppmøtet om berekraftig utvikling i 1992 – Agenda 21. Berekraftig utvikling inneber ein aksept av at utviklingslanda skal ha høve til å auke velstanden sin og velferda si, samtidig som vi i det 21. hundreåret skal halde oss innanfor naturen si bereevne. Det har enda ikkje blitt nokon snuoperasjon. I den rike delen av verda har vi fått meir kunnskap om miljøpåkjenningar og trendar, samtidig som klimaverknad, påkjenning på jord- og vassressursar, avfallsmengder og miljøgiftproduksjon aukar. Sjølv om mange menneske i fattige land har fått auka velstand er det langt igjen, og gapet mellom dei som har og dei som ikkje har, aukar. Den internasjonalen handelen, og den internasjonalen arbeidsdelinga kan medverke til meir effektiv utnytting av ressursane, men den aukar også forbruket og transportbehova, og dermed klimautsleppa. Den økonomiske globaliseringa medverkar, saman med omfanget av dagens teknologiske nivå og økonomiske aktivitet, til at vi i den industrialiserte verda kan få stadig billigare varer. Dette skjer utan at vi i dag merkar nemneverdig til den overutnytting av natur og menneske som det medfører i andre delar av verda og for komande generasjonar. Arbeidskraftressursar går til å auke forbruket framfor å reparere varer og styrkje dei tenestene som kan gje betre velferd. Senterpartiet vil styrkje garantiordningane og stimulere til større grad av reparasjon av produkt for å redusere bruk og kast.
Senterpartiet vil medverke til å snu trenden, ikkje gjennom ei moralistisk tilnærming, men gjennom ein dugnad der eit folkeleg engasjement gjev politisk mandat til sterkare verkemiddel og tilrettelegging for eit endra forbruksmønster. Tiltaka skal rette seg både mot teknologibetringar og innovasjon, og mot endra åtferd.
Senterpartiet vil:
Senterpartiet vil at flest mogeleg skal ha tilgang til og ha høve til å drive med friluftsliv. Eit aktivt friluftsliv skaper trivsel, gjev betre helse og ei større forståing for kor viktig det er å ta vare på naturmiljøet. Vi blir stadig meir stillesitjande og passive, og i tillegg fører dette med seg dårlegare kunnskap om natur og miljø hos barn og unge. Eit aktivt friluftsliv for innbyggjarane fører med seg ei rekkje positive effektar som alle innbyggjarane og fellesskapet vil dra nytte av.
Naturen blir truga frå mange hald og privatisering og sterke utbyggingsinteresser trugar landbruks- og friluftsområde. Utmarksareala er ein del av produksjonsgrunnlaget i bygdene. Eigedomsretten og forvaltaransvaret til grunneigarane skal liggje fast. Der staten er grunneigar, må lokalsamfunnet ha fyrsteretten til bruk. Friluftslova må framleis sikre ålmenta rett til fri ferdsel i utmark og høve til å plukke sopp og bær. Organisert kommersiell verksemd på annan mann sin grunnn er derimot ikkje ein del av allemannsretten.
Senterpartiet vil:
Gena, arvematerialet, er grunnlaget for vidare liv på jorda. Eit genetisk mangfald er heilt naudsynt for produksjon av mat og til dømes medisinar. Når artar døyr eller nye blir skapt, kan det påverke det økologiske systemet på ein måte som vi ikkje har oversikt over. Det er knytt store forventningar til bruk av bioteknologi innan mange felt, slik som human- og veterinærmedisin, landbruk, havbruk, industri og avfallsbehandling.
I dag er det forsking på celle- og genmateriale både i offentlege forskingsinstitusjonar og private laboratorium. Senterpartiet vil ha eit strengt lovverk på felt som omfattar bioteknologien og som opnar eller kan opne for problemstillingar når det gjeld samfunn, etikk, økologi og tryggleik. Noreg må arbeide for restriktive internasjonale avtalar innanfor genteknologi.
Farane ved utsetjing av genmodifiserte organismar (GMO) i naturen er store og kunnskapen om dette er framleis liten. Vi veit ikkje nok om kva effektar GMO vil ha på naturen eller på folk si helse. Omsynet til mogelege negative effektar på helse og miljø tilseier strenge krav til bruk av genmodifiserte organismar også i laboratorieverksemd.
Senterpartiet vil: