Til forsiden
Vedtak i fylkesårsmøtet 27. februar:

Fylkestingsprogram 2011-2015

[19.01.11 10:45] Fylkesårsmøtet i Møre og Romsdal Senterparti vedtok følgjande program for Fylkestingsperioden 2011-2015:


[Senterpartilogo]

- med hjarte for heile Møre og Romsdal

 

Fylkestingsprogram 2011 – 2015

 

FYLKET SOM PÅDRIVAR

Møre og Romsdal er eit fylke med store ressursar. Historisk har fylket sterke band både mot Trøndelagsfylka og Vestlandsregionen, og deler av fylket har også sterke band mot Oppland. Vår strategiske geografiske plassering, våre naturressursar og våre menneskelege ressursar gjev oss sterke fortrinn som vi kan utvikle vidare. Mange oppgåver må løysast på regionalt nivå, mellom kommunane og sentrale styresmakter. Senterpartiet vil at desse oppgåvene skal løysast av folkevalde organ. Difor vil Senterpartiet halde på fylkeskommunen, og særleg vil vi vidareutvikle funksjonen som regional utviklingsaktør.

 

Senterpartiet vil:

  • styrke samhandlinga med kommunane og regionråda. Vi vil sjå på korleis kommunane og fylkeskommunen i større grad kan styre dei regionale utviklingsmidlane i fellesskap, og slik at alle kommunane skal få hjelp til å få i gang minst eitt større utviklingsprosjekt i perioden
  • etablere gode planprosessar i samarbeid med kommunane, og slik sikre at fylkeskommunen ikkje vert oppfatta som overkommune
  • arbeide for å få overført fleire oppgåver til fylkeskommunen, slik at alle oppgåver som krev politisk skjønn vert overført til fylkeskommunen, og at oppgåvene til statlege tilsyn og direktorat vert gjennomgått og redusert
  • sjå tenesteproduksjon og utviklingsoppgåver i samanheng
  • framleis arbeide aktivt mot naboområda våre gjennom Vestlandsrådet og samarbeidsrådet for Trøndelagsfylka
  • arbeide for at Møre og Romsdal må få sin del av nyetableringane i offentleg sektor
  • styrkje beredskapen mot uforutsette hendingar gjennom fylkesplanarbeidet
  • ta vare på ein desentralisert kommunestruktur i samsvar med lokale ønskje

 

UNGDOMEN ER BYGGEKLOSSEN

Det skal vere spennande å bu i Møre og Romsdal! Senterpartiet vil at fylket vårt skal vere ein plass der ungdomen trivest.

 

Senterpartiet vil:

  • styrkje Ungdomspanelet sin påverknad, ved å passe på at relevante saker blir framlagde for Ungdomspanelet til uttale
  • gje økonomisk støtte til dei politiske ungdomspartia
  • at fylket skal gje tilskot til lokale ungdomstilbod og at potten til slike tiltak skal aukast
  • vidareføre og betre ordninga ”Trygt heim for en 50-lapp”
  • arbeide for å innføre trafikalt grunnkurs som eige obligatorisk fag i grunnskulen
  • støtte etablering av ”farts-parkar” for ungdom som trafikktryggingstiltak
  • vidareutvikle ungdomskortet til å bli eit kort for bank- og bibliotektenester – der ein får rabatt på kulturtilbod
  • auke frekvensen på bussane inn til byane og tettstadane i fylket
  • auke satsinga på sterkare satsing på gang/sykkelvegar og andre trafikktryggingstiltak
  • arbeide for å få til ei årleg open Ungdomskonferanse med fokus på auka bu-lyst, rekruttering av arbeidskraft og tilflytting/tilbakeflytting

 

UTDANNING ER GRUNNLAGET

Senterpartiet vil satse på å få ungdomen til å ta utdanning og busette seg i heimfylket sitt, gjennom å vidareutvikle det desentraliserte tilbodet vi har i vidaregåande utdanning. Skulane skal vere eit ressursmiljø og ein god samarbeidspartner mot ulike aktørar. Det er viktig å få til eit tett samarbeid mellom ulike bedrifter og skulen, slik at elevane får betre kunnskap om kva som møter dei etter fullført skulegang.

 

Senterpartiet vil:

  • vere ein pådrivar for at det igjen blir høve til å velje praktiske fag som valfag i grunnskulen
  • arbeide for å redusere fråfallet i den vidaregåande skulen
  • vidareutvikle det desentraliserte skuletilbodet, slik at dei mindre skulane framstår som unike og er ei drivkraft for sin region
  • sjå til at universell utforming vert gjennomført i fylket sine bygningar og kommunikasjonsmiddel
  • auke ressursane til spesialundervising
  • ha ei skulehelseteneste som gjev elevane best mogleg støtte i utviklinga deira - elevar på hybel må få særleg oppfølging
  • styrke rådgjevartenesta, både utdannings-/yrkesrettleiing, sosial rådgjeving og PP-tenesta
  • styrke det forebyggande arbeidet mot alkohol, tobakk og narkotika i grunnskule og vidaregåande skule
  • framleis satse på skular med internat
  • sikre Gjermundnes vidaregåande skule og legge til rette for etterutdanning
  • oppretthalde eit fagskuletilbod både i Ålesund og Kristiansund, og gjennom samarbeid med staten sikre finansieringa av desse
  • satse vidare på etter- og vidareutdanning av lærarar
  • arbeide for å auke stipend-delen
  • arbeide for auka satsing på entreprenørskap
  • auke tilskotet til bedrifter som tek inn lærlingar og sørgje for betre oppfølging
  • videreutvikle TAF (teknisk allmennfag) og utvikle tilsvarande ordningar innan fleire fagfelt, der ein i løpet av fire år får fagbrev og studiekompetanse
  • arbeide for at køyreopplæring blir valfag i vidaregåande skule
  • forbetre skuleskyssen gjennom redusert ventetid, sitjeplassar med setebelte til alle og oppgradering av bussane
  • arbeide for at deltaking i ungdomsorganisasjonsarbeid ikkje blir ført som fråvær

 

FORSKING FOR FRAMGANG

Forsking, utvikling og høgare utdanning er viktig for verdiskaping og vekst. Senterpartiet vil at forsking og utvikling skal bli ein del av de daglege utviklings-arbeidet i all offentleg og privat verksemd. I Møre og Romsdal foregår mykje av forskings- og utviklingsaktiviteten i næringslivet, i tillegg til ved høgskulane og forskingsinstitutta våre. Senterpartiet vil arbeide målretta for å motverke ei utarming av dei sterke fagmiljøa som finst i fylket.

 

Senterpartiet vil:

  • arbeide for auka rammer til forsking og utvikling
  • støtte samarbeidet mellom høgskulane og forskingsinstitutta i fylket
  • betre forholda for å ta høgare utdanning og gjennomføre vitskapleg arbeid i fylket
  • styrkje høgskulane og forskingsinstitutta som utviklingsaktørar for næringsliv og samfunnsliv i fylket
  • styrkje og utvikle industrielle fagmiljø gjennom auka satsing på praktisk forsking
  • arbeide for fleire høgskuletilbod både innretta mot næringslivet og mot offentleg sektor
  • arbeide for faste høgskuletilbod i Kristiansund
  • satse på studentvelferd

 

HELSE GJEV TRYGGLEIK I KVARDAGEN

Senterpartiet ønskjer å avvikle foretaksmodellen og sørge for sterkare folkevalt styring av sjukehusa. Eit lokalsjukehus skal som minimum ha fødetilbod og akuttberedskap innan generell kirurgi og indremedisin, anestesi og tilgang på klinisk-kjemiske tenester og radiologi. Stabil tilgang til helsetenester så nær brukaren som mogleg gjev tryggleik, og tenestene må vere uavhengige av ressursar og bustad. Private tenestetilbod kan vere eit supplement til det offentlege.

 

Senterpartiet vil:

  • som ein del av Samhandlingsreformen må det til ei kraftig styrking av kommunehelsetenesta
  • satse på førebyggande folkehelsearbeid
  • oppretthalde eit desentralisert tannhelsetilbod
  • satse på etter– og vidareutdanning for helsepersonell
  • legge til rette for komprimert utdanning for ufaglærte med røynsle frå faget
  • sikre rehabiliteringsinstitusjonane i fylket
  • styrke behandlingstilbodet for personar med rus og psykiske lidingar gjennom betre samordning
  • sjå positivt på eit samarbeid over helseregionsgrensene mellom lokalsjukehusa i Volda og på Nordfjordeid
  • sikre at innbyggjarane i fylket vårt får berekraftige spesialisthelsetenester med akseptabel reiseavstand for alle til sitt lokalsjukehus

 

KULTUREN ER LIMET I SAMFUNNET

Senterpartiet vil sikre at flest mogleg får høve til å utvikle evnene sine og at kreativiteten skal blomstre både mellom store og små. Kultur er aktivitets- og identitetsskapande. Senterpartiet vil ta vare på den rike kulturarven vår og føre den vidare til nye generasjonar ved å støtte både det profesjonelle og det frivillege kulturlivet, styrkje musea og biblioteka, og ta vare på dei mange kulturminna våre.

 

Senterpartiet vil:  

  • arbeide for at frivillige lag og organisasjonar har gode arbeidsvilkår
  • at fylkeskommunale midlar aktivt blir brukte til å støtte lokalt kulturarbeid
  • sikre dei nynorske institusjonane i fylket vårt
  • sikre vedlikehaldet av dei verneverdige kyrkjebygga våre
  • vidareføre satsinga på den kulturelle skulesekken, barnehagesekken og spaserstokken
  • arbeide for kultur som førebyggjande helsearbeid
  • legge til rette for at funksjonshemma lettare kan delta i kulturtilbod både i og utanfor institusjonane
  • satse på kulturbasert næringsutvikling i fylket vårt
  • styrkje regionmusea slik at dei har økonomisk rom til å halde fram med å utvikle seg positivt og skape gode tenester
  • sikre finansiering av nybygg for Romsdalsmuseet og Nordmøre museum
  • arbeide for at staten tek kostnadane ved arkeologiske utgravingar av kulturminne

 

MILJØET ER AVGJERANDE

Senterpartiet vil vere ein pådrivar for å setje miljø og klima på dagsordenen både nasjonalt og internasjonalt. Senterpartiet vil arbeide aktivt for å finansiere utprøving og etablering av fornybare energikjelder. Vi vil gjere vårt for at Norge framleis skal vere eit føregangsland når det gjeld berekraftig utvikling.

 

Senterpartiet vil:

  • legge til rette for bruk av alternativ energi ved nybygging i fylkeskommunal regi
  • gje meir støtte til enøk-tiltak
  • ha ei langsiktig og forsvarleg forvaltning av miljø- og naturressursane
  • satse på elektrifisering av bilparken
  • arbeide for auka bruk av 2. generasjons biodrivstoff som alternativ energikjelde og for å hindre at kulturlandskapet gror att
  • arbeide for å etablere eit pilotprosjekt for elektrisk ferjedrift

 

ENERGIEN ER FRAMTIDA

Senterpartiet ser dei store utfordringane som fylket står overfor på energisida. Det må arbeidast på mange plan for å løyse kraftbehovet dei komande åra. Med landets største ilandføringsterminal for gass på Nyhamna og ei av to vidareforedlingsbedrifter for naturgass i landet på Tjeldbergodden, er det opplagt at Møre og Romsdal må vere i front når det gjeld vidare utnytting av gass. Det gjeld både gass som energikjelde og som råstoff for ny næringsutvikling.

 

Senterpartiet vil:

  • arbeide for eitt prisområde for straum som omfattar heile Noreg
  • auke satsinga på alternative energikjelder som vindkraft, solenergi og bølgjekraft
  • arbeide for å få utbetra eksisterande ledningsnett for å minske energitap
  • ferdigstille kraftlinja Ørskog – Fardal innan 2014/15
  • vere pådrivar for at Tjeldbergodden skal bli eit senter for gassutnytting og CO2-fangst, t.d. gjennom etablering av Ironman-prosjektet
  • arbeide for å realisere planane om miljøvenleg gasskraftverk i Fræna
  • vere pådrivar for etablering av fleire knutepunkt for naturgass (LNG)
  • ha auka fokus på bruk av gass ved nye industrietableringar

 

INDUSTRIEN ER BÆREBJELKEN

Møre og Romsdal er eitt av landets største industrifylke med mange store bedrifter, men vi har også ein stor underflora av små og mellomstore bedrifter. Det varierte næringslivet er særs viktig for å oppretthalde busetnad og sikre folketalsutviklinga i fylket. Senterpartiet vil arbeide for å halde på og utvikle nye arbeidsplasser. Ei stor utfordring i dagens samfunn er å skaffe nok og kvalifisert arbeidskraft til næringslivet.

 

Senterpartiet vil:

  • arbeide for stabile rammevilkår for næringslivet
  • styrkje kommunale næringsfond
  • ha meir profilering av lokal verdiskaping, både nasjonalt og internasjonalt
  • aktivt bruke etableringsfond til å støtte gründerverksemd, til dømes gjennom mentor-ordningar
  • styrkje trainee-ordninga
  • legge til rette for at arbeidsinnvandrarar frå EØS-området blir raskt integrert i lokalsamfunna – t.d. gjennom støtte til språkopplæring
  • at alle innbyggarane skal ha tilgang på breiband – også med fiberløysingar

 

SAMFERDSLE ER MIDDELET

Å satse på samferdsle er ei framtidsretta investering for auka verdiskaping og ein føresetnad for busetting, næringsutvikling og ressursutnytting i distrikt og by. Senterpartiet vil derfor halde fram arbeidet med å sikre større statlege løyvingar til samferdsel - også gjennom bruk av oljepengar - og vi er villige til å bruke kreative finansieringsformer for å løyse utfordringane på samferdslesektoren.

Senterpartiet har visjonar om å bygge ut fjordkryssingar for å skape større bu- og arbeidsmarknadsregionar. Ein grøn samferdselspolitikk betyr også utbygging av kollektivtrafikken og satsing på meir miljøvenlege drivstoff.

 

Senterpartiet vil:

  • påskunde arbeidet med å innføre felles betalingssystem for ferjer og bomstasjonar
  • styrkje vedlikehaldet av riks- og fylkesvegane
  • at alle fylkesvegane skal opprustast med fast dekke innan 2013
  • at utsette riks- og fylkesvegar må rassikrast
  • at rustskadde bruer må utbetrast
  • arbeide for at Nasjonal Transportplan i perioden 2014-2023 skal få større årlege rammer - riksvegar og rassikring må prioriterast
  • arbeide for å få oppretta statlege fond som kan gje rentefrie lån til fjordkryssingar på kyststamvegen (E39) og bidra til at fastlandssamband kan realiserast
  • oppgradere aust/vest-stamvegane (E136 og Rv70)
  • at differensiert dieselavgift skal brukast som distriktsverkemiddel
  • betre kommunikasjonstilbodet for funksjonshemma
  • at kollektivtransporten må utviklast, sjølv om bilen er heilt avgjerande for å oppretthalde næringsliv og busetnad i enkelte deler av fylket
  • Time-ekspressen må sikrast vidare drift og få høve til å vidareutvikle tilbodet sitt. Det må leggast betre til rette for tilførselsruter/bestillingsdrosjer til Time-ekspressen
  • styrkje distriktsdrosjene ved t.d. tilbakeføring av sjuketransporten, TT-transport, bestillingsopplegg og lokal rutekøyring
  • oppgradere og elektrifisere Raumabanen og legge til rette for kryssingsspor
  • arbeide for at det blir bygd linje for lyntog gjennom Gudbrandsdalen med vidareføring frå Dombås til Ålesund

 

LANDBRUK GJEV LEVANDE BYGDER

Møre og Romsdal er det fylket i landet som har størst matproduksjon frå land og hav. I mange lokalsamfunn er landbruk, fiskeri og havbruk grunnlaget for busetnad, sysselsetting og verdiskaping. Mjølke- og kjøtproduksjonen er “ryggrada” i landbruket i fylket vårt. Utviklinga er avhengig av lokal tilrettelegging, nasjonale rammevilkår og internasjonale avtalar. For Senterpartiet er det eit mål at størst mogleg del av dei verdiar desse næringane skaper kjem bygdene og kystsamfunna til gode. Reiselivsnæringa er heilt avhenging av det kulturlandskap og dei opplevingar som levande og velstelte bygder gjev.

 

Senterpartiet vil:

  • styrke familiejordbruket gjennom å arbeide for at inntektene i landbruket kjem opp på same nivå som andre yrkesgrupper
  • arbeide for auka matproduksjon og matvaresikkerheit, og verne om dyrkajorda
  • styrkje rammevilkåra for ein variert matproduksjon over heile fylket
  • fremje lokal vidareforedling av råvarene frå jord, skog, havbruk og fiske
  • auke støtta til investeringar i skogkultur og skogsvegar
  • stimulere til omsetting av fråflytta gardsbruk og oppretthalde buplikta
  • aktivt bruke Innovasjon Norge til å støtte nødvendig utbygging på gardsbruka
  • vidareføre ordninga ”Inn på tunet” som eit alternativt tilbod med tilknyting til gardsdrift
  • ta i bruk fornybare ressursar til verdiskaping i lokalsamfunna
  • styrke landbruks- og miljøforvaltninga i fylkeskommunen og kommunane, gjerne gjennom regionalt samarbeid
  • arbeide for ei rovdyrforvalting som ivaretek landbruket og lokalsamfunna på ein betre måte
  • aktivt vere med på å legge til rette for turisme og småkraftverk/minikraftverk som inntektsmulegheiter for landbruket
  • auke dei kommunale næringsfonda og øyremerke midlar til landbruket

 

SJØEN GJEV MULEGHEITENE

Senterpartiet vil at det framleis skal vere rom for ein variert flåtestruktur, med både havfiske- og kystfiskeflåte. Tryggleiken langs kysten bør sikrast og ein bør legge til rette for at meir av eksporten frå fylket kan transporterast på sjøen.

 

Senterpartiet vil:

  • arbeide for at kapasiteten i ferjetrafikken blir auka. Det må vere døgnopne samband på Kyststamvegen, og nattferjer må vurderast i andre samband. Ferjeflåten bør fornyast med gassferjer
  • arbeide for auka statlege overføringar til ferjekaier/oppstillingsplassar
  • arbeide for stabile rammevilkår innan fiskeri- og havbruksnæringa
  • arbeide for rekrutteringskvoter for ungdom
  • at NOx-avgifta skal brukast miljøretta til å forbetre utsleppa ombord i båtane
  • vere restriktiv med tildeling av nye oppdrettskonsesjonar til ein får kontroll med sjukdom og røming og arbeide for at det blir brukt meir FOU-ressursar til å gjere oppdrettsnæringa meir berekraftig
  • arbeide for å utrydde lakseparasitten gyrodactylus salaris i norske lakseelvar
  • ha ein større del av sjømat-eksporten over på sjøtransport
  • arbeide for at Stad Skipstunnel vert prioritert og realisert som eit nasjonalt prosjekt

 

Vil du vere med på å vidareutvikle Møre og Romsdal og legge til rette for ei positiv utvikling for alle som bur her, er svaret enkelt ved Fylkestingsvalet 12. september:

 

[Senterpartilogo]

- med hjarte for heile Møre og Romsdal

Tips en venn

Skriv ut Skriv ut