[04.08.11 20:36] Tingvoll Senterparti har lokalt invitert til ei markering i samband med valkampopninga.
Ideen kan kanskje også brukast av andre...
Til dei politiske partia i Tingvoll
Senterpartiet inviterer til å starte valgkampen med ei felles markering rundt eit lokalpolitisk manifest der vi som lokalsamfunn
Vi skal ikkje slutte å diskutere politiske løysingar. Vi skal ikkje slutte å vere usamde om politiske vegval. Men vi skal vise større respekt for ulike syn, ulike kulturar og ulike meiningar. Tingvoll har eit spesielt ansvar og behov for eit slikt manifest i og med at vi er ein svært fleirkulturell liten kommune. Vi vilbe folk nytte seg av røysteretten og halde demokratiet i hevd.
Vi vil foreslå ei markering på Gunnars plass, der alle parti-leiarane held ein kort appell, der vi tenner lys og har kulturinnslag og enkel servering, og der vi møter folk til ein prat. Vi trur det er mange som vil delta med song, musikk og lyrikk på ei slik markering. Vi vil også foreslå at vi prøver å få ein talar utanfrå til å delta.
3. august 2011
Tingvoll Senterparti
Peder Aasprang Kristin Sørheim