[30.06.11 13:10] Oddbjørn Vatne er førstekandidat på Møre og Romsdal si fylkestingsliste. Oddbjørn sitt slagord er: Storsatsing på samferdsel skal gi bulyst og attraktive arbeidsplasser.
Oddbjørn Vatne er fødd 3. september 1948 og bur på Vatne i Haram kommune. Han er utdanna adjunkt og er medlem av samdrift som driv mjølkeproduksjon.
Oddbjørn var ordførar i Haram 1999-2007, varaordførar 1992-99 og sat i formannskapet frå 1983-2007.
Oddbjørn er medlem av fylkestinget og fylkesutvalet i inneverande periode og var nestleiar i samferdselsutvalet i forrige periode.
Han er leiar i Senterpartiets fylkestingsgruppe og møtte som varamann på Stortinget 2005-09.
Oddbjørn Vatne har vore nestleiar i konsernstyret i Tafjord kraft og tok initiativet til oppstart av Naturgass Møre og har vore med i styret der.
Møre og Romsdal Senterparti si liste til Fylkestingsvalet 2011:
Senterpartiet har valt ut 15 saker vi vil prioritere i den komande fylkestingsperioden:
Senterpartiet vil:
-
Vidareutvikle ungdomskortet til å bli eit kort for kultur- og bibliotektenester
-
Vidareutvikle det desentraliserte skuletilbodet, slik at dei mindre skulane framstår som unike og er ei drivkraft for sin region
-
Oppretthalde eit fagskuletilbod både i Ålesund og Kristiansund, og gjennom samarbeid med staten sikre finansieringa av desse
-
Arbeide for at køyreopplæring blir valfag i vidaregåande skule
-
Forbetre skuleskyssen gjennom redusert vente- og reisetid, sitjeplassar med setebelte til alle
-
Auke løyvingane til høgskulane og forskingsinstitutta som utviklingsaktørar for næringsliv og samfunnsliv i fylket
-
Arbeide for faste høgskuletilbod i Kristiansund
-
Vidareutvikle satsinga på den kulturelle skulesekken, barnehagesekken og spaserstokken
-
Ferdigstille kraftlina Ørskog – Fardal innan 2014/15
-
Påskunde arbeidet med å innføre felles betalingssystem for ferjer og bomstasjonar
-
Oppruste alle fylkesvegane med fast dekke innan 2013
-
Arbeide for ferjefrie fjordkryssingar på kyststamvegen (E39) og arbeide for fleire fastlandssamband
-
Styrkje distriktsdrosjene ved tilbakeføring av sjuketransporten, TT-transport, bestillingsopplegg og lokal rutekøyring
-
Auke kapasiteten og frekvensen i ferjetrafikken
-
Arbeide for at Stad Skipstunnel vert prioritert og realisert som eit nasjonalt prosjekt