![]() |
[04.09.11 13:44] Kjære innbyggjar og medborgar i Nes!
Dei tragiske hendingane 22.juli har igjen minna oss om kor viktige eit stadig byggjande arbeid i det daglege liv er, nasjonalt og lokalt, for å ta vare på demokratiet, folkestyret vårt.
Nordahl Grieg´ s ord om at skapar me menneskeverd, skapar me fred, gjeld framleis.
Med dette som bakgrunn blir valet i år litt spesielt.
I takknemlighet for vår fridom og fred og med respekt for kvarandre skal me kjempa for å stadig utvikla demokratiet med ordet som våpen.
Sp er tufta på folkestyret og ei bærekraftig forvaltning av jordas ressursar. Det betyr å bruka og utvikla, men ikkje forbruka og minka komande generasjonars sine muligheter.
Nes Sp vil arbeida for vekst, trivsel og trygghet for alle i Nes med ein aktiv politikk for å få fleire innbyggjarar og busetting i heile kommunen – me vil ha eit levande og pulserande sentrum saman med levande grender.
I perioden som har gått har det vore stor fokus på å få ein sunn kommuneøkonomi.Dette arbeidet vil me vidareføra for å ha rom for både den daglege tenesteyting og ein aktiv og innovativ næringspolitikk.
Nes Sp vil ha barnehageplass til alle og ein skule med vekt på den gode læraren som den viktigaste faktoren for læring og trivsel for eleven.
De som er eldre skal få bu i eigen heim så lenge som mogeleg når det er beste løysinga, samtidig som det må vera nok plassar med heildøgnsomsorg i sjukeheim og omsorgsbustader til korttidsopphald, avlastning, rehabilitering og langtidsopphald.
Gjennomført flaumsikring av Rukkedøla og Gamle Nes som Landsbyen i Prosjektet Hallingdal 2020 får me nye muligheter til å utvikla Nesbyen sine særtekk og kulturhistoriske kvalitetar, og desse mulighetene må kommunen saman med grunneigarar, næringsliv og organisasjonar nytta godt.
Nes Sp vil samarbeida tett regionalt i Hallingdal for å skapa attraktive fagmiljø i kommunane og løysa felles utfordringar ikkje minst innan samferdsel.
Nes Sp stiller med ordførarkandidat. Men ordføraren skal veljast av kommunestyret og det er Sp sin oppslutning i valet som er førande for om eg framleis kan stilla som ordførarkandidat etter valgdagen 12.sept.
Bruk stemmeretten din både i kommune – og fylkestingsvalet, godt val!