Til forsiden
Du er her: Organisasjon  / Ansatte 


Rentekompensasjonsordninga er kjærkomen for fylka, seier Jenny Klinge.

Å satse på samferdsel er å satse på framtida

[11.12.09 10:08] Jenny Klinge meiner fylka må gjerast i stand til å investera i samferdsel.


Innlegg heldt i Stortinget 10. desember:

Staten har ansvar

Å satse på samferdsel er å satse på framtida. Regjeringas storsatsing innanfor dette området vil gjere vegane våre mindre kronglete og humpete. Nye gang- og sykkelvegar, midtrekkverk og rassikringsprosjekt vil gjere det lettare og tryggare å ferdast langs vegane våre.

For meg blir det spennande å sjå korleis fylka grip fatt i dei utfordringane dei får når dei frå nyttår får overført eigarskapen til og ansvaret for mesta alle dei vegane vi pr. i dag kjenner som «andre riksvegar». I Nasjonal transportplan, som blei vedteken før sommaren, understrekte fleirtalet i komiteen – altså dei raud-grøne regjeringspartia – det ansvaret staten har for å sikre at fylkeskommunane er i stand til å løyse oppgåvene sine på ein god måte.

Ferjene må rustast opp

Dette handlar sjølvsagt om pengar. Den ekstra milliarden som kjem til fylka frå og med 2010, er ein god start. Men målet vidare må vere å sørgje for at vedlikehaldsetterslepet kan takast att på fornuftig vis, og at fylka får rom til å gjere viktige investeringar framover.

Eg vil vidare vise til at fylka tek over ansvaret for 78 av totalt 94 riksvegferjesamband. Ferjekaiene på ein del av desse sambanda er ikkje i god stand eller eigna for å handtere nye ferjer med større kapasitet. Det kostar å gjere noko med desse, og eg vil peike på at det i fordelinga av midlar mellom fylka framover må takast omsyn til dei utfordringane ferjefylka har, både med omsyn til investeringar og med omsyn til drift.

Framtidsretta investeringar

Den splitter nye rentekompensasjonsordninga, med ein lånepott på 2 milliardar kr årleg, er kjærkomen for fylka. Eg er spent på å sjå korleis denne ordninga vil fungere. Kanskje er det òg fornuftig å vurdere å auke løyvingane til denne ordninga i åra som kjem.

Å satse på samferdsel er – som eg sa i starten – nettopp å satse på framtida, og fylka må setjast i stand til å gjere framtidsretta investeringar i samferdsel. Det er også ein spennande tanke eventuelt å lage ei tilsvarande låneordning for store prosjekt på stamvegane. For somme viktige prosjekt kan dette vere utløysande for at dei kan bli bygde.

Tips en venn

Skriv ut Skriv ut