![]() Vi treng tiltak mot overforbruk av reseptfrie legemiddel, seier Kjersti Toppe. |
[15.01.10 09:08] Kjersti Toppe meiner det er overforbruk av piller blant norske ungdomar.
Innlegg heldt i Stortinget torsdag 14 januar 2010:
Riktig bruk av legemiddel
Legemiddel er ein viktig innsatsfaktor i helsetenesta, og omfattar eit breitt saksfelt.
I St.meld. nr. 18 for 2004–2005, Rett kurs mot riktigere legemiddelbruk, er det presentert eit breitt spekter av tiltak for å oppfylla dei overordna måla i legemiddelpolitikken. Dei overordna måla der er for det fyrste at legemiddel skal brukast riktig, både medisinsk og økonomisk, for det andre at pasientar skal ha sikker tilgjenge til effektive legemiddel uavhengig av betalingsevne, og for det tredje at legemiddel skal ha lågast mogleg pris.
Slik Senterpartiet ser det, er den overordna målsetjinga for legemiddelpolitikken god. Innovasjon, forsking og moglegheita til å ta i bruk nye legemiddel blir stadig tydelegare, og oppfølging og verkemiddel må sjølvsagt vurderast kontinuerleg.
Smertestillande blant ungdom
Men eg vil gjerne nytta høvet til å retta fokus på ein del av legemiddelpolitikken som ofte er lite omtala, og som heller ikkje fekk mykje merksemd i St.meld. nr. 18, nemleg dei reseptfrie legemidla. Bruk og omsetnad av desse er òg ein del av den heilskaplege legemiddelpolitikken. Eg vil visa til Tidsskrift for Den norske legeforening, nr. 15 2009, der det blei offentleggjort ein studie frå seks ungdomsskular i Drammen. Han tok for seg ungdoms bruk av reseptfrie smertestillande legemiddel. Slike legemiddel, som Paracet og Ibuprofen, blei frigjorde for sal utanfor apotek i 2003. Dei kunne frå då av kjøpast i minste pakning i daglegvarebutikkar, kioskar og bensinstasjonar. Undersøkinga viste at halvparten av gutane og to av tre jenter i 10. klasse hadde brukt slike smertestillande medikament siste månaden. Ein av fire 15-åringar bruker slike middel dagleg eller ukentleg. Dette er ei fordobling i bruken blant gutar, og ein 30 pst. auke for jenter sidan dette sist blei undersøkt i Noreg, i 2000–2001. Eg fekk sjølv for alvor opp augo for denne problemstillinga då eg var foreldrevakt på ein konfirmasjonsleir for tre år sidan. Utruleg mange av ungdommane hadde med seg smertestillande tablettar i bagen, og inntaket var etter mitt skjøn forbausande stort.
Terskelen lågare
I undersøkinga som er gjeven att i tidsskriftet, sa 20 pst. av ungdomsskuleelevane at dei har hyppige plagar med sterk hovudverk eller migrene, og halvparten av desse hadde dagleg eller ukentleg brukt reseptfrie smertetillande legemiddel mot slike smerter. Dette er ekstra bekymringsfullt, og det er kjent at høgt forbruk av vanlege smertestillande legemiddel i seg sjølv kan vera ein grunn til hovudverk. Undersøkinga viste vidare at 1/3 av ungdomsskuleelevane i dag har ei liberal haldning til bruk av reseptfrie smertestillande legemiddel. Dei fleste ungdommane skaffar seg reseptfrie smertestillande middel heime.
Mykje tyder derfor på at terskelen for medikamentbruk ved vanlege smertetilstandar er redusert. Forbruket av slike legemiddel har auka i heile befolkninga, men auken er størst hos ungdom. Dette er noko vi må ta på alvor, og som er ein viktig del av debatten om legemiddelpolitikk. Tilgjenge treng ikkje vera heile årsaka til endringa og auken i legemiddelbruk. Men når ein vel å frigi enkelte medikament, bl.a. i daglegvarehandelen, kan det ha bidrege til ei uønskt haldningsendring med allmenngjering og ufarleggjering av dei aktuelle medikamenta.
I strid med målet
Eit anna eksempel i same gate er forbruken av nasespray, som også eksploderte etter at medikamentet blei reseptfritt og kom i sal i daglegvarebutikkar og på bensinstasjonar. Overforbruket kan også her verka mot si hensikt og gi utilsikta biverknader.
Eit tredje eksempel er den såkalla angrepilla. Då ho blei reseptfri i 2000, var målsetjinga å få ned talet på svangerskapsavbrot. Det motsette har skjedd. Sidan 2003 har talet på provoserte abortar stige, samstundes som det i 2008 paradoksalt nok blei selt 160 000 angrepiller til ein verdi av 25,6 mill. kr her i landet. Også dette er etter mitt syn eit eksempel på ei bekymringsfull utvikling i forbruk av reseptfrie legemiddel, særleg blant ungdom. Utviklinga på dette feltet må vera delvis i strid med det fastsette målet i legemiddelpolitikken om riktig medisinsk bruk. Senterpartiet støttar statsråden i at det ikkje er behov for å revurdera dei overordna måla for legemiddelpolitikken, men at ein skal ha ei kontinuerleg vurdering av om tiltak er føremålstenlege. Senterpartiet meiner det er behov for nye tiltak mot det synleggjorte overforbruket av enkelte reseptfrie medikament, og særleg meiner vi det er behov for nye tiltak retta mot ungdoms auka pillebruk.