Til forsiden
Du er her: Organisasjon  / Ansatte 


Betre pleie ved livets slutt

[03.03.10 10:25] Regjeringas nye lovendringar vil gjera det lettare å yta omsorg for nære pårørande, seier Kjersti Toppe.


Stortingsinnlegg tirsdag 2. mars 2010:

Behandlast heime

Representantane Dåvøy, Høybråten og Syversen har fremma forslag om at Regjeringa utarbeider ein plan for satsing på livshjelp.

I tidlegare tider var døden, som det meste anna, ei sak for heimen og familien. I dag døyr 80 pst. av nordmenn på institusjon. Det er no brei politisk einigheit om at fleire må få anledning til å døy heime, eventuelt på ein sjukeheim, i staden for på eit dyrt sjukehus lenger vekke.

I dag blir nær halvparten av helsebudsjetta brukt i løpet av dei tre siste månadene vi lever, så også samfunnsøkonomisk er det gunstig å behandla pasientar i livets siste fase  i kommunehelsetenesta i staden for på sjukehus.

Omsorg ved livets slutt

Omsorg ved livets slutt handlar ikkje så mykje om spesialisert og avansert behandling, det handlar om profesjonalitet, respekt, menneskeverd, å sjå og bli sett, å skapa tillit og gi tryggleik. For å få det til må kommunehelsetenesta styrkjast både kapasitetsmessig og kvalitetsmessig. Pårørande som ønskjer det, må få høve til å yta omsorg til sine nærmaste i livets siste fase. Fastlegane må inkluderast meir i oppfølginga av alvorleg sjuke pasientar. Samarbeidet med helse- og omsorgstenesta og spesialisthelsetenesta må styrkjast. Palliative team kan vera eit godt supplerande tiltak, òg for å styrkja kompetansen.

Stykkpris lite egna

Senterpartiet er einig med Kristeleg Folkeparti i at vi har behov for ei auka satsing på palliativ behandling og omsorg ved livets slutt. Dei siste 10–15 åra har det vore ei kontinuerleg satsing på å forbetre helsetilbodet til alvorleg sjuke og døyande i Noreg. Nasjonal kreftplan, Livshjelpsutredningen og fleire andre offentlege utgreiingar har lagt grunnlaget for ei trinnvis utvikling av det palliative tilbodet på alle nivå i helsetenesta. Men trass i satsinga er behovet for helsehjelp i sluttfasen av alvorleg og dødeleg sjukdom aukande. Spesialavdelingar vil trass i auka satsing ikkje kunna nå alle. Derfor er det viktig at palliative einingar og palliative team må vareta kompetansearbeidet og stå for kompetanseoverføring til andre avdelingar og miljø. Spesielt trengst det kompetanseoverføring til dei som arbeider med alvorleg sjuke og døyande pasientar i kommunehelsetenesta.

I høyringsfråsegna frå Den norske legeforening står det at stykkprisfinansiering, slik ho blir praktisert ved sjukehus i dag, passar dårleg for alvorleg sjuke pasientar. Når innsatsstyrt finansiering blir brukt som eit inntektssystem heilt ned på avdelingsnivå, opplever den enkelte avdelinga at dei får same økonomiske kompensasjon same kor lenge opphaldet varar.

Etisk tvilsamt

Ei finansieringsordning som premierer kort dødsleie, er etisk svært tvilsam. Pasientar med langtkomen sjukdom kan ha sjukdomsperiodar med svært komplekse utfordringar, der langvarige sjukehusopphald er nødvendige. Senterpartiet ser derfor fram til ein gjennomgang av finansieringssystemet frå Regjeringa si side og er positivt til forslaget om å gå vekk frå ISF og over til fullfinansiering av det palliative tilbodet gjennom rammeløyvinga.

Finansieringa av palliative sjukeheimssenger, palliative team og palliative tilbod frå fastlegane har òg behov for ein gjennomgang. Eg forventar at dette blir vurdert i lys av samhandlingsreforma og den komande satsinga på kommunehelsetenesta.

Omsorgsplan

Omsorgsplan 2015 inneheld fleire tiltak for å styrkja tenestetilbodet til brukarar av omsorgstenester, inkludert menneske i livets siste fase. I Regjeringa sin kompetanse- og rekrutteringsplan, Kompetanseløftet 2015, er palliasjon eit viktig fagområde. Regjeringas nye lovendringar vil gjera det lettare å yta omsorg for nære pårørande. Eg vil visa til at det blir innført ein ny rett til ti dagars permisjon for arbeidstakarar for å gi nødvendig omsorg til foreldre og ektefelle/sambuar. Det blir òg innført utvida rett til permisjon og pleiepengar ved pleie av nære pårørande i livets sluttfase, frå 20 til 60 dagar. Undervisningssjukeheimar og undervisningsheimetenester er andre tiltak som skal bidra til auka kvalitet i omsorgstenesta, ved å fokusera på forsking, fagutvikling og kompetanseheving i tenesta. Dette blir viktige tiltak i arbeidet for å sikra den palliative kompetansen i kommunehelsetenesta generelt, og ved sjukeheimar spesielt.

Tips en venn

Skriv ut Skriv ut