Til forsiden
Du er her: Organisasjon  / Ansatte 


Erling Sande var saksordførar i Stortinget om endringar i statsbudsjettet under Miljøverndepartementet.

Budsjettet godt for miljøet

[08.12.09 15:07] Statsbudsjettet speglar regjeringas kurs i miljøspørsmål, seier Erling Sande.


Erling Sande la fram Innstilling fra energi- og miljøkomiteen om endringer i statsbudsjettet for 2009 under Miljøverndepartementet i Stortinget 7. desember. Her er innlegget hans:

Budjsettet fylgjer kursen

La meg aller fyrst få rette ei takk til komiteen sine medlemer som kvar og ein har bidrege på ein ryddig og god måte i budsjettprosessen i komiteen, og i lag med ein røynd og dyktig komitésekretær, har dette bidrege til at vi forhåpentlegvis kan bruke dagen i dag på å debattere dei reelle politiske ulikskapane og dei ulike prioriteringane kvart av partia har, slik tanken er.

Frå Senterpartiet si side er det viktig å framheve at Regjeringa sitt framlegg til budsjett på ein god måte gjenspeglar dei prioriteringane som regjeringspartia gjekk til val på og den felles plattforma som Regjeringa i haust har presentert. Budsjettet fylgjer opp den kursen som Regjeringa i den førre periode signaliserte på viktige område slike som klima, fornybar energi, naturforvaltning, varetaking av naturen sitt mangfald og mange andre viktige område.

Ny energi, grøne sertifikat

Det er gledeleg å registrere at både arbeidet med budsjettet i komiteen og opposisjonen sine alternative budsjett, viser at det i stor grad er brei politisk semje kring dei viktigaste prioriteringane til Regjeringa.

Innsatsen på fornybar energi blir auka og Enova deler neste år ut 1,8 milliardar kr til viktige prosjekt innafor energieffektivisering og ny fornybar energi. På den måten legg Regjeringa til rette for utnytting av meir av det store potensialet landet vårt har på å produsere energi ved hjelp av vind, biomasse og vatn.

Regjeringa har kome til semje med dei svenske styresmaktene om ein felles grøn sertifikatmarknad frå 1.1.2012. I lag med dei nyleg presenterte overgangsordningane gjev dette ikkje berre meir midlar inn i fornybar elektrisitetsproduksjon, men òg føreseielegheit for dei som ønskjer å satse innafor dette viktige området.

Betre bruk

Innsatsen innan forsking på fornybar energi er dei siste åra auka kraftig, noko som gjev høve til viktige satsingar innafor alle dei løysingane som vi enno ikkje kjenner det fulle potensialet i, men som vi veit er delar av løysinga på framtida sine energi- og klimautfordringar.

Arbeidet med energieffektivisering går jamt og trutt både i industrien og i privathushaldningane. Dette skjer òg gjennom at krava til bustader og bygg sin energibruk blir styrka. Vi må stadig streva etter å spare energi og å bruke energien vår meir riktig.

Vi må vidare

Innsatsen for å oppretthalde og ta vare på naturmangfaldet held fram. Den nye naturmangfaldslova blir følgt opp med løyvingar som gjer at ein kjem nærare målet om å stoppe tapet av biologisk mangfald og for å ta vare på mangfaldet av naturtypar. Frå eit einsidig vernefokus har det nye lovverket lyfta prinsippet om at berekraftig forvalting ofte er det beste vernet, og at den beste måten å ta vare på naturverdiane er i samspel med dei som lever og driv næring der naturverdiane finst.

Mange er utolmodige etter å kome vidare i det viktige arbeidet både med klima og fornybar energi. Det er eit syn som vi i Senterpartiet òg deler. Det er viktig å streke under at dei tiltaka og løyvingane som ligg i budsjettet for 2010, ikkje fullt ut møter alle framtida sine utfordringar innafor desse viktige områda. Derfor må vi vidare. Innsatsen for å få ned utsleppa av klimagassar for å produsere meir fornybar energi og for energieffektivisering må halde fram i åra som kjem.

Bred einigheit

Det har ikkje vore ein samla opposisjon dei siste åra som har peika ut ein alternativ kurs til Regjeringa sin politikk. Det er det heller ikkje dette året. Derfor må vi leggje til grunn at ein i stor grad støttar opp om dei prioriteringane som Regjeringa gjer. Dei få gongene opposisjonen har samla seg, er det for å be Regjeringa kome med ytterlegare meldingar og planar innafor forskjellige sektorar – vel og bra det. For Senterpartiet har det vore viktig at Regjeringa sitt arbeid har vore konsentrert om å få konkrete resultat på viktige område. Det har òg Regjeringa gjort.

Toppmøtet i København, som no er i gang, får appellar frå heile verda om å ta klimautfordringane på alvor. Vi har, som representantar i Det norske storting og som medlemer av denne komiteen, i stor grad både ansvar og høve til å ta del i det viktige arbeidet i fellesskap.

Til slutt berre to korte kommentarar til dei to sakene som gjeld endringar i statsbudsjettet for 2009: Der er det berre å melde at komiteen ikkje har nokre ytterlegare merknader.


 

Tips en venn

Skriv ut Skriv ut