![]() |
[23.03.10 10:32] Ordninga med innsatstyrt finansiering må gjennomgåast, meiner Kjersti Toppe.
Frå Stortinget mandag 22. mars 2010:
Økonomistyring i helsesektoren
Å sikra økonomistyring og kostnadskontroll i sjukehussektoren har vore eit sentralt tema i helsesektoren i mange år. Også då fylkeskommunen hadde ansvaret for sjukehusa, gjekk diskusjonen høgt om underfinansiering, veksande pasientkøar og stadige ekstraløyvingar i Stortinget. Innsatsstyrt finansiering, ISF, vart innført i 1997, og frå 2002 overtok staten ansvaret for sjukehussektoren. Etter innføringa av ISF i 1997, vart køane rett nok reduserte, men problemet var at utgiftene eksploderte. Sjukehusa blei motiverte av innsatsstyrt finansiering, men i ein retning som svekka statens kostnadskontroll.
Senterpartiet meiner det er behov for å sjå heilskapleg på finansieringssystemet for helseføretaka. Det er viktig at systemet ISF byggjer på, er mest mogleg oppdatert i forhold til endringar i medisinsk praksis, og at DRG heile tida blir evaluert. Det er ikkje slik at oppgåvene og organiseringa av tenestene bør tilpassast finansieringssystemet, men at finansieringssystemet skal understøtte aktiviteten av det.
New public management
Eg vil vise til den politiske plattforma for fleirtalsregjeringa, kor Regjeringa i forbindelse med det vidare arbeidet med Samhandlingsreformen og i lys av nasjonale og internasjonale erfaringar, vil gjennomgå finansieringsordninga for spesialisthelsetenesta. Senterpartiet ser fram til dette arbeidet, og meiner at omsynet bak opposisjonen sitt forslag om ei eiga evalueringsgruppe for DRG-systemet, dermed blir ivareteke.
Så må eg få lov til å seie at det er grunn til å merka seg at Framstegspartiet, som no krev ekstern gjennomgang og endringar, sjølv var ein pådrivar for sjukehus- og føretaksreforma, og ein ivrig tilhengar av det å innføre New Public Management-tankegang i offentleg sektor. Innsatsstyrt finansiering og diagnoserelaterte grupper er ein direkte konsekvens av det å innføre New Public Management-tankegang i helsesektoren. Ein sentral strategi innanfor denne trenden er å overføra modellar frå det private næringsliv til offentleg sektor. Vi i Senterpartiet har heile tida vore skeptiske til ei slik utvikling. Det vi no er mest bekymra for, er dei mange tilbakemeldingane som blir gitt om at bruk av innsatsstyrt finansiering og diagnoserelaterte grupper ved feilbruk kan verke inn på faglege prioriteringar. Blant anna har Helsedirektoratet i 2007 gjort ei undersøking av innsatsstyrt finansiering, der dei rapporterar om fleire tilbakemeldingar om at innteningskravet blir for sterkt og kan påverke kvaliteten på og prioriteringa av pasientbehandlinga. Dei skriv at dei er bekymra for at finansieringssystemet oppfattast som eit prioriteringsinstrument med rekkjevidd heilt ned til klinisk praksis. Det er mykje som tyder på at dette skuldast ukritisk bruk av systemet på eit for lavt organisatorisk nivå.
Må sjå samanhenger
Dette viser behov for ein gjennomgang med tanke på korleis ordninga med innsatsstyrt finansiering blir praktisert. Det blir feil når legar, som driv med pasientbehandling på avdelingar og poliklinikkar, skal bruke tid og krefter på kodeverk og på kva slag diagnosar som det løner seg å setje på dei ulike pasientane dei har fagleg ansvar for.
Til forslaget om ein årleg sjukehusproposisjon, meiner vi i Senterpartiet det blir feil å sjå dette utan i samanheng med kommunehelsetenesta. Vi vil igjen visa til Regjeringa si politiske plattform, der ein skriv at Nasjonal helseplan skal vidareutviklast til å bli ein meir operativ reiskap for prioriteringar innanfor den samla helse- og omsorgstenesta. Den skal sikra god politisk styring gjennom å vera eit strategisk styringsdokument for helsetenesta. For å sikra ein reell prioriteringsdebatt, skal fylkeskommunane involverast i ein høyringsrunde.
Vi i Senterpartiet deler ikkje forslagsstillarane sitt syn på at det er behov for ein ekstern gjennomgang av helseføretaka bl.a. med tanke på sertifisering, administrativ styring og økonomikontroll. Det ligg allereie føre fleire eksterne rapportar om økonomi og aktivitet i helseføretaka bl.a. frå Helsedirektoratet, SINTEF Helse, Riksrevisjonen og Helsetilsynet. I tillegg er det laga interne rapportar, og dette til saman gir eit godt grunnlag for å setja inn tiltak for å sikra fagleg og organisatorisk styring av sjukehussektoren i åra framover, og at sjukehussektoren i 2009 har gått i tilnærma balanse, er eit anna argument på at dette ikkje er nødvendig.