Til forsiden
Du er her: Organisasjon  / Ansatte 


Ingen land er tente med ei uregistrert befolkning

[23.03.10 10:19] Meldeplikt for helsepersonell er likevel ikkje ønskeleg, seier Kjersti Toppe.


Frå Stortinget mandag 22. mars 2010:

Straff for hjelp?

Stortinget behandlar i dag to Dokument 8-forslag som begge omhandlar helsetilbod til illegale innvandrarar. Kristeleg Folkeparti ber Regjeringa snarast fremja forslag til humanitære og helserelaterte tiltak som kan betra situasjonen til papirlause migrantar som oppheld seg i Noreg. Det blir vist til at Raude Krossen og Kirkens Bymisjon har opna ein helsestasjon i Oslo der papirlause migrantar kan få behandling også utover øyeblikkeleg hjelp. Kristeleg Folkeparti meiner at også det offentlege må yta slik helsehjelp.

Framstegspartiet på si side vil gjera det straffbart for hjelpeorganisasjonar som Raude Krossen og Kirkens Bymisjon å yta helsehjelp til papirlause migrantar utover  øyeblikkeleg hjelp. Framstegspartiet vil òg ha lovendring slik at alle organisasjonar og føretak ved lov skal ha plikt til å melda inn utlendingar utan lovleg opphald for politiet. I dag er det slik at alle som oppheld seg i Noreg, også personar som oppheld seg ulovleg, har rett til øyeblikkeleg hjelp både frå kommunehelsetenesta og frå spesialisthelsetenesta. Vidare har barn opp til fylte 18 år og gravide, sjølv om dei ikkje har lovleg opphald, i medhald av barnekonvensjonen rett til helsetenester i større grad enn vaksne. Vidare er det slik at hjelpeorganisasjonar som t.d. Kirkens Bymisjon og Raude Krossen i Noreg kan gi helsehjelp til illegale innvandrarar utover øyeblikkeleg hjelp utan å bli straffa for det.

Ikkje tent med uregistrerte

Forslaga som i dag er til behandling, reiser fleire debattar. Er det behov for å utvida retten til helsehjelp for papirlause migrantar utover øyeblikkeleg hjelp, eller skal dette tvert om gjerast straffbart? Skal helsepersonell bli pålagde å melda pasientar dei har til behandling for øyeblikkeleg hjelp eller anna helsehjelp til politiet dersom ein får kjennskap til at dei ikkje har lovleg opphald i landet, eller skal det vera som i dag?

Ingen land er tente med ei uregistrert befolkning. At det må setjast inn tiltak som motarbeider ei slik utvikling, er klart. Men at helsearbeidarar skal få plikt til å melda inn eigne pasientar til politiet, er eit tiltak Senterpartiet vil avvisa. Ei slik plikt vil vera eit grunnleggjande brot på yrkesetikken til helsepersonell, nemleg at ein skal gi helsehjelp utan omsyn til pasientens status i samfunnet. Dersom dette hadde blitt gjennomført, ville retten til øyeblikkeleg hjelp også blitt trua.  For når helsearbeidarane får plikt til å melda desse pasientane til politiet, kven ville då teke kontakt med helsepersonell for øyeblikkeleg hjelp?

Gjennomgang

Senterpartiet ser behovet for ein gjennomgang av kva slags helsehjelp ein skal kunna gi innafor omgrepet øyeblikkeleg hjelp. Vi vil visa til at Regjeringa har vedteke ei igangsetjing av arbeid med endring av prioriteringsforskrifta, slik at anteken praksis og forståing av regelverket om rett til helsehjelp for personar som oppheld seg ulovleg i landet, kjem klarare fram i lovgivinga. Dette har vi også teke med i merknads form i innstillinga til denne saka.

Tips en venn

Skriv ut Skriv ut