![]() |
[08.03.10 11:05] Dei mobile gasskraftverka kan ikkje senka kraftprisane, seier Erling Sande.
Stortingsinnlegg fredag 5. mars 2010:
Utfordrande kraftsituasjon
Ein kald vinter og lite nedbør har gjeve oss ein utfordrande kraftsituasjon, med høge prisar. I vårt land gjev det høge prisnivået særleg utslag i Midt-Noreg og Nord-Noreg
Den felles nordiske straummarknaden gjer at dette ikkje berre er eit norsk fenomen. Òg Sverige, Finland og delar av Danmark har høg straumpris. Gjennom denne felles marknaden for straum blir norske straumprisar i stor grad prega av at store delar av den svenske kjernekrafta er ute, noko som gjer at langt mindre kraft enn vanleg er tilgjengeleg i marknaden.
Folk i Midt-Noreg, Nord-Noreg og andre delar av landet er uroa over høge kraftprisar. Det må vi ha respekt for. Lat meg starte med å peike på tre viktige langsiktige tiltak i åra framover for å unngå ein situasjon som den vi er oppe i no.
Fornybar energi
Frå Senterpartiets side har det fleire gonger vore peikt på behovet for å auke fornybar energi-produksjonen. Dagens situasjon viser at nettopp ein slik auke vil vere viktig for å sikre stabil og god straumforsyning til ein overkomeleg pris, anten det gjeld hushald, næringsliv eller kommunar, og fordi vi har eit stort uutnytta potensial både når det gjeld vasskraft, og når det gjeld vindkraft og bioenergi. Samtidig må vi drive forsking
Samtidig må vi drive forsking innafor dei områda som kan bli framtidas energiberarar, som t.d. offshore vind, osmotisk trykkbølgje, tidevatn, algedyrking og mykje anna. Dette er eit viktig satsingsområde om vi skal vere ein energinasjon i framtida. Det er altså ikkje berre viktig når det gjelde den situasjonen vi diskuterer i dag, nemleg viktigheita av forsyningstryggleik, men òg god miljøpolitikk og god næringspolitikk.
Nettutbygging
Punkt nr. to er nett. Det er heilt avgjerande å sikre eit robust kraftnett. Nettet er ein kritisk viktig infrastruktur, nettopp for å til ei kvar tid kunne bringe kraft fram til dei områda der det er størst behov for den. Satsinga på nett har ikkje vore tilstrekkeleg dei siste tiåra.
Statnett har no presentert ein strategi på utbygging av nett, og det er viktig at vi frå politisk hold legg til rette for at ein sikrar dei utbyggingane som no må til, for å få tilstrekkeleg nettkapasitet. Vi veit at 420 kV-linja mellom Ørskog og Fardal er heilt sentral i høve til å sikre t.d. Midt-Noreg stabil tilgang på kraft, men den er òg til liks med mange andre linjer, svert viktig for å kunne realisere fornybar kraftproduksjon.
Effektivisering
Den situasjonen vi er oppe i idag syner òg at det må bli eit enda klarere politisk mål å gjere oss mindre avhengige av elektrisitet, til t.d. oppvarming. Her har vi andre alternativ som er effektive og gode, samtidig som vi vil kunne frigjere kraft til andre formål, samt gjere straumforsyninga meir robust i høve til lengre periodar med kulde, som den vi er inne i no.
Denne og andre typar energieffektivisering er altså eit viktig element òg i framtidas energipolitikk. Eg hadde håpt at også denne debatten kunne bli ein debatt, gjerne om tiltak på kort sikt men òg på lang sikt, som kan løyse den situasjonen vi er oppe i.
Ikkje prisdempande
Eg deler representanten Valen sine ord om at ein i stor grad framstiller det som at oppstarting av mobile gasskraftverk vil løyse den prissituasjonen ein har i Midt-Noreg og Nord-Noreg – det er det lite som tyder på at den vil. Det er lite som tyder på at oppstart av desse kraftverka i stor grad vil påverke prisen. Særleg, om ein skal kompensere eller redusere uttaket av vasskraft for å spare vatnet i magasina til framtida, vil ein ha tilsvarande mindre effekt ut av det. Derfor er det viktig at vi er ærlege på desse punkta overfor dei mange som no er bekymra for straumrekninga si – det skuldar vi folk å vere ærlege på. Det er ingen «quick-fix» på den situasjonen vi er oppe i, men det krevje auka merksemd framover.
Forslagstillarane ynskjer å endre konsesjonskrava til Statnett for dei mobile gasskraftverka, slik at ein i større grad tek omsyn til prissignal og ikkje berre forsyningstryggleiken som i dag. Det er eit ganske anna forslag enn det Statnett sjølv har søkt departementet om, og som no er til vurdering, som heilt konkret rettar seg mot forsyningstryggleiken og det å kunne komme opp med kraftproduksjon på kortare varsel, dersom det skulle vere mogleg.
Forsyningstryggleiken
No ser eg tida går fort. Senterpartiet er opptatt av den forsyningstryggleiken som desse kraftverka representerer. Derfor er det rett at beredskapen er til stades, men ut i frå dagens situasjon er det rett å ha oppstarten til jamleg vurdering ut frå forsyningstryggleiken og ikkje ut frå den prissituasjonen som til ei kvar tid er rådande.