Til forsiden
Du er her: Organisasjon  / Ansatte 


Kreft må forebyggjast

[19.02.10 11:07] Avgiftar på usunn mat er eit av fleire tiltak KJersti Toppe meiner må innførast.


Innlegg i Stortinget torsdag 18. februar 2010:

Førebyggjing

Kreft er ein av vår tids største folkesjukdomar, og prognosar viser ein forventa auke i førekomst på om lag 25 pst. i år 2020. Interpellanten reiser derfor ein viktig debatt.

I Nasjonal strategi for kreftområdet 2006–2009 er det ei nasjonal målsetjing og eit sterkt styringssignal om at nye krefttilfelle skal førebyggjast gjennom tiltak retta mot tobakksbruk, kosthald, strålevern, fysisk aktivitet og alkohol. Det kreftførebyggjande arbeidet skal bidra til å redusera sosiale forskjellar i helse. I ettertid er det også behandla og igangsett fleire tiltak nettopp mot desse forholda. Vi har nasjonal strategi mot sosiale forskjellar i helse. Vi har nasjonal strategi for det tobakksførebyggjande arbeidet og ventar på ein ny. Vi har handlingsplan for betre kosthald i befolkninga. Vi har handlingsplan for auka fysisk aktivitet. Vi har system for varsling av høge UV-nivå, og vi har ei satsing på rusfeltet.

Kan ramme alle

Kreft kan ramma alle, og sunn livsstil er ingen garanti for å unngå sjukdom. Men det er ein kjent samanheng mellom helseåtferd og enkelte kreftformer. Omtrent kvart tredje tilfelle av kreft skuldast livsstil. Det betyr at kvart tredje tilfelle av kreft kan førebyggjast. Tobakk er ein kjent risikofaktor for å utvikla kreftsjukdom, særleg lungekreft. Denne veka gjekk ekspertar og fagorganisasjonar ut i Aftenposten og foreslo drastiske tiltak for å redusera røyk- og snusbruken i Noreg. Dei foreslår å heva aldersgrensa, ha redusert tilgjengelegheit, forby røyking i og ved skular, forby røyking utanfor serveringsstader og på busshaldeplassar og togstasjonar, auka avgifta på snus betydeleg og innføra bilete med kreftåtvaring på snusboksane.

Tobakk og kostahald

Eg er einig med det som leiaren i organisasjonen Tobakksfritt uttala til Aftenposten, at noko av det mest bekymringsfulle med utviklinga ein no ser, er at snusbruken aukar, spesielt blant unge. EU fjerna kreftåtvaringa på snuspakken i 2003. I ettertid har Verdas helseorganisasjon funnet ut at snusing ikkje berre kan gi kreft i munnhola, men òg i matrøyret og i bukspyttkjertelen. Eg meiner at høgare priser, auka aldersgrenser, redusert tilgjengelegheit og fleire røykfrie område er viktige innspel som absolutt må vurderast i Regjeringa sitt arbeid med ny nasjonal strategi mot tobakk.

Kosthald er ein annan faktor som har vist seg å ha betyding for utvikling av fleire sjukdomar, m.a. kreft. Eit sunt kosthald kan bidra til å førebyggja kreft. Derfor er ordningar som gratis frukt og grønt i skulen viktige, ikkje berre fordi det gir positive læringsresultat og meir ro og konsentrasjon i klasserommet, men mest fordi dette vil kunne vera med på å etablera gode kostvanar og dermed vera med og førebyggja kreft og andre sjukdomar. Vi må òg med vår avgiftspolitikk få til ei endring i favør av høgare inntak av sunne matvarer, slik som frukt og grønt.

Strålevern

Strålevern er eit tredje område som er viktig for førebygging av kreft. Det er t.d. ein kjend samanheng mellom UV-eksponering frå sol og solarium og hudkreft. Førekomsten av føflekkreft har auka dei siste ti åra, særleg blant unge kvinner og menn. Føflekkreft er den nest vanlegaste kreftforma blant kvinner i alderen 15–54 år og blant menn i alderen 30–53 år. Det er skremmande å sjå kor vanleg det er blitt for ganske unge jenter og gutar å ta solarium. Undersøkingar som Kreftforeininga har gjort blant ungdom, viser at talet på ungdom mellom 15 og 24 år som tek solarium, har auka med 20 pst. på fem år. 78 pst. av jentene som tek solarium begynte før dei var 18 år.

Ein av fire solariumbrukarar tok solarium første gongen før dei var 15. Verdas helseorganisasjon sitt kreftforskingsinstitutt klassifiserer no solarium som gir frå seg UV-stråling som «kreftfremkallende for mennesker». Det betyr det øvste kreftfarenivået. Det norske strålevernet anbefaler forbod mot bruk av solsenger for personar under 18 år. Denne type forbod har dei siste åra blitt innført i mange europeiske land. Eg meiner at vi i Noreg, ut frå det vi veit, må støtte strålevernet sitt forslag om å innføra aldersgrense for bruk av solarium.

Fysisk aktivitet

Auka fysisk aktivitet er det fjerde området eg vil framheva i denne debatten. Auka fysisk aktivitet er ein viktig  førebyggjande faktor mot kreft. Særleg har det vist seg at fysisk aktivitet reduserer risiko for brystkreft og mage-/tarmkreft. Det å skapa lavterskelaktivitet på lokalplanet, gode tilhøve for fysisk aktivitet i fritida og på viktige arenaer som barnehagar, skular og arbeidsplassar er enkle, men viktige tiltak i det kreftførebyggjande arbeidet.

Tips en venn

Skriv ut Skriv ut