![]() |
[05.02.10 09:41] Ein av tre krefttilfelle kan førebyggast, seier Kjersti Toppe.
Svar på interpellasjon fra FrPs Per Arne Olsen:
Gode svar
Interpellanten understrekar at Noreg ligg langt framme når det gjeld forsking, utvikling og behandling på kreftområdet. Interpellanten spør korleis statsråden vil sikra ei god og fornuftig vidareutvikling av dei kompetansemiljøa som eksisterer, sett i lys av dei endringsprosessane som går føre seg i det norske helsevesenet. Dette er eit viktig tema. Eg meiner at statsråden gir svært gode svar på dette. Medisinsk og helsefagleg forsking er og skal vera eit prioritert område, og endringsprosessane skal bidra til å styrkja fagmiljøa. Eit viktig mål med samanslåinga av regionane i sør og aust og etablering av Oslo universitetssykehus var at regionen skulle bli eit kraftsentrum innan medisinsk forsking.
Radiumhospitalet
Interpellanten er svært oppteken av at merkevarenamnet Radiumhospitalet ikkje skal bli øydelagt. I VG i dag kan vi lesa at interpellanten – og andre – fryktar at den prosessen som no blir gjennomført i Helse Sør-Aust, vil fjerna namnet Radiumhospitalet:
«Merkevarenavnet Radiumhospitalet skal leve videre, alt annet er galskap»
Eg er heilt einig med interpellanten i at forsking, utvikling og behandling når det gjeld kreftområdet, må vera eit prioritert felt. Eg har òg stor forståing for at namn betyr mykje, og at det skal gode grunnar til for å skifta namn på til dømes eit sjukehus. Men eg deler likevel ikkje interpellantens omtale av det som skjer, som galskap. Eg meiner vi må akseptera dei samanslåingane som helseregionane har gjort, og danninga av Oslo universitetssykehus. At Oslo universitetssykhus brukar dette namnet på mellom anna sine brevark og konvoluttar, og ikkje Radiumhospitalet, bør ikkje vera det som får størst politisk fokus her på Stortinget. Det som er viktig, er at Radiumhospitalet er eit merkevarenamn som skal vidareførast, og dette er òg slått fast av Helse Sør-Aust, slik helseministeren har gjort greie for i dag.
Førebygging
Eg registrerer at det er få som nemner ordet «førebygging» i debatten. Men er det noko vi har god dokumentasjon på, er det at ein av tre krefttilfelle kan førebyggjast, eller utsetjast i tid. Den store diskusjonen framover burde gå på korleis vi kan leggje til rette for betre førebygging av kreft i alle samfunnslag og på alle samfunnsområde.