![]() |
[19.02.10 09:54] Regjeringa sin nettstrategi må følgast opp, seier Erling Sande.
Stortingsinnlegg 18. februar 2010:
Stoppar fornybarsatsing
Eg vil starte med å rose Høgre for deira engasjement for elnettet generelt og for den viktige – for ikkje å seie avgjerande – infrastrukturen som nettet representerer når det gjeld kraftsituasjonen i Midt-Noreg, der nytt nett er eit avgjerande tiltak for å styrkje forsyningstryggleiken inn i området, og når det gjeld fornybarsatsinga på Vestlandet. I det området som eg – og for så vidt også representanten Lødemel – kjem frå, har konsesjonsbehandlinga knytt til fornybarsatsing stoppa opp, nettopp på grunn av mangel på nett.
Dette ser vi også når det gjeld utryggleiken kring elforsying til hushald og industri i dei områda der det ikkje er tilstrekkeleg med kraft, og ut frå den avventande haldninga til f.eks. næringslivet når det gjeld nyinvesteringar, satsingar, som krev stabil tilgang på elektrisitet.
Konfliktfylt
Den sterke fornybarsatsinga som denne regjeringa har stått for, og arbeidet som skal skje framover på dette området, avheng av eit parallelt fokus på infrastruktur, nett og marknad. Det må satsast parallelt på alle desse tre områda. Fokus på offshorenett, som også har vore diskutert tidlegare, er ei anna viktig nettsak – viktig når det gjeld offshore elektrisitetproduksjon, og kanskje også elektrifisering av petroleumssektoren.
Det er viktig å understreke at all nettutbygging vil vere konfliktfylt. Derfor er det viktig at det skjer med skånsemd og at ein tek omsyn til folk og natur. I tråd med det har Regjeringa lagt fram ein nettstrategi, som det har vore vist til tidlegare i debatten, og den blir då å følgje opp.
Ikkje mindre inngrep
Kabel vil ikkje alltid bety mindre naturinngrep. Som saksordføraren var inne på, veit vi jo bl.a. at kabel over land vil kunne vere eit vesentleg større naturinngrep enn det eit luftspenn er, så det er ikkje automatikk i at konfliktane minkar med kabling.
Noreg er i dag blant dei fremste på teknologikompetanse på dette området. Statnett, NVE, andre nettselskap og FoU-miljø har kompetanse og har fått oss i den posisjonen. Det er ikkje automatikk i – slik Senterpartiet ser det – at et ekspertutval må til for at vi skal holde den posisjonen. Snarare bør vi styrkje og motivere dei miljøa som allereie gjer ein god jobb på dette området med å få fram ny teknologi og styrkje nettutbygging generelt.
Forskjellige standpunkt?
Til slutt: Er det slik at Høgre og representanten Lødemel gjennom valkampen i Sogn og Fjordane dreiv sjølve valkampen på motstanden mot den nye 420 kV-linja mellom Ørskog og Fardal? Eg registrerer at han, bl.a. i media, viser til at den saka som vi behandlar her i dag, er ei oppfølging av denne motstanden, og at resultatet som ei eventuell ekspertgruppe kjem fram til, vil føre til at vi får ei anna løysing når det gjeld denne linja. Det vil då truleg bety at denne linja må kome mykje seinare i tid, enn det som det ligg an til no. Det synest eg det hadde vore greitt å få ei avklaring på – få eit klart svar på. Meiner Lødemel og Høgre at linja Ørskog–Fardal kan utsetjast i påvente av ny teknologi, eller er det – som Høgre uttalte i førre veka i denne salen – viktig å få på plass denne linja snarast mogleg? Det kan ikkje vere slik at ein kjem med forskjellige holdningar og forskjellige standpunkt annakvar veke i denne sal i høve til ein såpass viktig infrastruktur.