Til forsiden
Du er her: Organisasjon  / Ansatte 


Manglande samarbeid

[03.03.10 10:50] Strukturarbeidet i psykiatrien må fortsetja, seier Kjersti Toppe.


Stortingsinnlegg tirsdag 2. mars 2010:

Eit lyft for psykisk helsearbeid

Evalueringsrapporten for Opptrappingsplanen for psykisk helse viser at ti år med opptrappingsplan har gitt psykisk helsearbeid i Noreg eit lyft. I hovudsak har vi nådd dei kvantitative måla når det gjeld ressurs- og aktivitetsvekst for det psykiske helsearbeidet i kommunane. Talet på tenesteårsverk har auka betydeleg, og vi har fått nær 3 000 nye bustader. Vi har hatt ein markert auke i den polikliniske aktiviteten og i døgnkapasiteten på distriktspsykiatriske sentra. Det har òg vore ein markant bemanningsauke innan barne- og ungdomspsykiatrien, og dekningsgraden har auka betydeleg. Utdanningskapasiteten i høgskulesektoren er utbygd, og rekrutteringsgrunnlaget er klart styrkt. Evalueringa viser at brukarmedverknad har fått ein langt meir sentral plass, men at det her framleis er store utfordringar. Når det gjeld tvang, er hovudfunna at anslag om omfang av og endringar i bruk av tvang er svært usikre.

Mangelfullt tilbod

Men sjølv om dei kvantitative måla er nådde, er det eit sentralt problem at vi veit for lite om innhaldet i dei tenestetilboda som blir gitt. Vi veit for lite om kvaliteten i tilboda. Det same gjeld utdanning og kompetanse. Sjølv om ein har lykkast i ei volummessig ubygging av relevante utdanningsløp, veit vi for lite om i kor stor grad dei ulike utdanningsprogramma verkeleg sikrar nødvendig fagkompetanse. Det er påvist store geografiske forskjellar i personelldekninga nødvendig fagkompetanse. Det er påvist store geografiske forskjellar i personelldekninga i tenestene for barn, unge og vaksne. Tilgangen til kvalifisert personell, særleg psykiatrar og psykologspesialistar, varierer. Opptrappingsplanen har nok i hovudsak vore ein strukturreform med svakt fokus på innhald og kvalitet. Det bør derfor no satsast på vidareutvikling av kvalitetsindikatorar og kvalitetssikring. Særleg er det viktig at det blir tatt eit krafttak for å skaffa pålitelege, landsdekkjande fakta for bruk av tvang i det psykiske helsevernet. Det er òg viktig at ein ser ekstra på behandlingstilbodet til dei pasientgruppene ein i dag veit har eit mangelfullt tilbod. Det gjeld i særleg grad dei eldre og generelt dei med lettare psykiske lidingar.

Førebygging

Senterpartiet er derfor heilt einig med interpellanten i at ein bør få større grad av standardisering av behandlinga i psykiatrien, særleg på område der det i dag finst god dokumentasjon på kva som er effektiv behandling.

Ifølgje WHO vil psykiske helseproblem vera den viktigaste sjukdomsgruppa om eit par tiår. I lys av dette blir spørsmålet om det blir satsa nok på førebygging av psykiske helseproblem. Den viktigaste delen av førebygginga må skje i kommunane, i nærmiljøet. Er det tilført nok midlar til psykisk helsearbeid i kommunane gjennom opptrappingsplanen? Dei fleste nye psykologstillingane er f.eks. oppretta i helseforetaka. Korleis kan kompetansen styrkast i kommunane? Personar med psykiske lidingar har ofte òg rusproblem, andre helseproblem og problem med yrkesliv. Er vi dyktige nok med å gi hjelp ved samansette helseproblem? Framleis er det mange spørsmål. Vi har nok av kritiske rapportar: frå Riksrevisjonen om tilbodet til vaksne med psykiske helseproblem og frå Helsetilsynet om brot på lover og forskrifter ved distriktspsykiatriske sentre.

Fleire må utdannast

I Noreg har vi i dag ein såkalla døgntung struktur samanlikna med psykisk helsevern i andre land. Rundt 70 pst. av ressursane innan psykisk helsevern går til spesialisthelsetenesta, rundt 30 pst til kommunane. Halvparten av innlagde i psykiatriske akuttavdelingar i sjukehus burde hatt tiltak på distriktspsykiatrisk/kommunalt nivå. 40 pst. av døgninnlagde på distriktspsykiatriske sentre burde hatt tilbod på kommunalt nivå. Opp mot 400 000–500 000 pasientar innan psykisk helsevern er i dag ferdigbehandla i psykiatriske avdelingar og ventar på bustad og omsorgstilbod i kommunane. Dette viser at dårleg tilgjengelegheit ikkje berre skuldast økonomi, men dårleg organisering og arbeidsmetodar og manglande samarbeid. Strukturarbeidet i psykiatrien må altså fortsetja, slik at vi får meir vektlegging av av førebygging, tidleg diagnostisering og styrking av kvaliteten i psykiatritilboda i kommunane spesielt. Denne satsinga må òg få konsekvensar for utdanninga av helsearbeidarar i psykiatrien. Fleire må utdannast og vidareutdannast med tanke på å fungera i kommunehelsetenesta og i det førebyggande arbeidet.

Tips en venn

Skriv ut Skriv ut