![]() |
[06.07.09 07:43] Den raud-grøne regjeringa er oppteken av frivillig sektor. Difor er eg stolt, som partileiar i Senterpartiet, over at regjeringa no gjev dugnads-Noreg betre rammevilkår.
Med eit nytt, varig og robust momsregime for frivillige organisasjonar, kan lag og organisasjonar bruke all tid og krefter på å drive frivillig arbeid, utan å bli skatta av staten på dette.
58 prosent av den vaksne befolkninga er med i frivillig arbeid. 84 prosent er medlem i ein eller fleire organisasjonar som til saman har meir enn 10 millionar medlemer. Dugnadsinnsatsen utgjer langt over 100.000 årsverk. Eg er difor stolt over at Dugnads-Noreg no får ei gåvepakke på langt over ein milliard kroner. Konsekvensen av momssystemet vi har no har diverre vore at fleire tusen dugnadstimar i realiteten har gått direkte inn i statskassa i form av moms på innkjøp av fotballdrakter, musikkinstrument og så bortetter. Inntekta av vaffelsteikinga vil no i sin heilskap gå til lag og foreiningane, og ikkje verte skattlagd av staten.
Denne ordninga skal omfatta både varer og tenester, den skal vere knytta til Frivillighetsregisteret og at det skal vere eit frivillig og reelt tilgjengeleg tilbod for både små og store organisasjonar som i dag driv utan momspliktig omsetning. Senterpartiets engasjement for frivillige lag og foreiningar gjennom ei årrekkje har no verte krona med gjennomslag for årevis med godt arbeid og samspill. Momskompensasjonen vil føre til at vaffelsteiking og klubbhus ikkje lenger skal gi noen indirekte støtte til staten – men til drifta av de lokale lag og foreiningane.
Dugnadsånd er drivkrafta bak frivillig innsats. Frivillige organisasjonar skaper arenaer for tilhørighet og samhald i nærmiljøet. Deltaking i frivillige lag og organisasjonar gir verdifulle erfaringar som bygger demokrati og skaper likeverdige borgarar. Frivillige organisasjonar er viktige partnarar for å fremme lokal kultur og tradisjon, i folkehelsearbeid og næringsutvikling. Senterpartiet har hjarte for Dugnads-Noreg, og vi skal stå på vidare i forhold til det frivillige Noreg.