![]() |
[23.03.10 10:26] Betre forebygging vil hindre bruk av tvang, sier Kjersti Toppe.
Frå Stortinget mandag 22. mars 2010:
Tvang i psykisk helsevesen
Senterpartiet deler forslagsstillarane si bekymring når det gjeld bruk av tvang i det psykiske helsevernet i Noreg. Sluttrapporten for opptrappingsplanen for psykisk helse slår fast at vi i Noreg dei siste ti åra har hatt ei stor og vellykka kvantitetsmessig utbygging av det psykiske helsetilbodet. Men rapporten slår òg fast at kvaliteten i tenestetilbodet ikkje alltid er like godt sikra, og at bruken av tvang i det psykiske helsevernet ikkje er godt nok dokumentert. Det må derfor vera ei prioritert sak å sikra kvaliteten i den behandlinga som no skjer i det psykiske helevernet. Dette inkluderer å redusera bruk av tvang til eit minimum.
Mykje tyder på at Noreg ofte tyr til tvang i det psykiske helsevernet, samanlikna med andre land. I dag er det store variasjonar i bruk av tvang mellom helseforetak. Helsetilsynet har òg påpeika at pasientar med dårlege levekår oftare blir utsette for tvangsbruk enn andre.
Nasjonal strategi
Forslagsstillarane krev ein heilskapleg strategi og nemner mange ulike tiltak for å redusera bruk av tvang. Senterpartiet vil visa til at Regjeringa har varsla ein ny nasjonal strategi for redusert og riktig bruk av tvang i dei psykiske helsetenestene. Den skal etablerast i 2010. Vi vil òg visa til at Regjeringa har varsla at det vil bli nedsett eit lovutval for å vurdera etiske, faglege og rettslege sider ved dagens regelverk og praksis innafor psykisk helsevern. Lovutvalet skal òg vurdera behandlingskriteriet og vilkåra for behandling under tvang. Senterpartiet meiner derfor at intensjonen bak forslagsstillarane sitt forslag om å krevja ei stortingsmelding om og ei kartleggjing av dette temaet er vareteke.
I komiteen si innstilling viser ein samla komité til at helsestasjons- og skulehelsetenesta er det viktigaste førebyggjande og helsefremmande verkemidlet helsesektoren i kommunane har overfor barn og unge. Senterpartiet vil få understreka at det som no må prioriterast, er skulehelseteneste, særleg på ungdomsskulenivå og i vidaregåande skule.
Fastlegane viktige
Senterpartiet vil òg framheva at fastlegane bør nemnast i denne samanhengen. Mange stader er det i dag ein total mangel på samarbeid mellom fastlegane og skulehelsetenesta. Manglande samarbeid har vist seg å gå ut over kvaliteten i det helsefremmande arbeidet. Senterpartiet meiner at fastlegane sine oppgåver, samarbeid og ansvar opp mot skulehelsetenesta og førebygging blant barn og unge må konkretiserast i det vidare arbeidet med samhandlingsreforma.
Senterpartiet er i utgangspunktet skeptisk til ei bemanningsnorm for skulehelsetenesta og for helsestasjonane, da dette i praksis alltid viser seg å bli til ei minimumsnorm. Etter vårt syn er det viktig å setje kvalitetskrav til tenester og sikre elevane sitt tilbod på denne måten.
Legevaktas rolle
Forslagsstillarane krev at øyremerking av midlar til psykiatrien blir gjennomført. Senterpartiet meiner generelt at det er viktig at kommunesektoren i størst mogleg grad skal vera rammefinansiert. Øyremerking skal vera avgrensa til viktige satsingsområde i ein opptrappingsfase. Vårt utgangspunkt er at folkevalde i kommunane vil sikra ei utvikling av tilbodet til menneske med psykiske lidingar. Dette gjeld òg det å sikra utbygging av sosiale lågterskeltiltak, som forslagsstillarane vil ha eigne finansieringsordningar for. Vi støttar det helse- og omsorgsministeren viser til i saka, nemleg at psykiatritilbodet i kommunane vil bli nøye følgde opp gjennom særlege årlege rapporteringar.
Noko som ikkje er nemnt i representantforslaget og heller ikkje i debatten, er legevakta si rolle når det gjeld å redusera bruk av tvang. Mange av innleggingane i psykiatrien skjer i dag via legevakt. Det er legevaktslegen som står oppe i dei konkrete og ofte vanskelege situasjonane der bruk av tvang blir vurdert. Det er derfor viktig å syte for at legevaktsarbeidet blir styrkt og at legevakta får heva kompetansen på psykiatriområdet.
Topptungt helsevern
Omlegginga innan psykisk helsevern må halda fram. Vi har framleis eit topptungt psykisk helsevern, der altfor mange blir behandla på eit for høgt nivå. Hovudutfordringa framover blir derfor å styrkja både kapasiteten og kvaliteten i psykiatritilbodet i kommunane og ved dei distriktspsykiatriske sentra for slik å førebyggja betre og dermed også hindra framtidig unødig bruk av tvang.