Til forsiden
Du er her: Organisasjon  / Ansatte 


Treng ny rovdyrpolitikk

[06.07.09 10:58] Senterpartiet meiner det er naudsynt med ein ny rovdyrpolitikk, seier Liv Signe Navarsete i dette lesarinnlegget.


 

I forrige veke møtte eg Nils Sundal i Stjørdal. Han er ein av dei bøndene som har opplevd å miste flest husdyr på grunn av rovdyr. I fjor mista han langt over ein tredjedel av sauane sine. Heile 134 av 370 sau mista han til jerven. Møtet med Sundal gjorde sterkt inntrykk på meg. Eg er lei meg for at han og fleire opplever store rovdyrtap. Allereie no høyrer vi om svært store tap etter at sauene er sleppte på beite for sommaren.

Eg er oppteken av å lytte til dei som kjenner rovdyrproblematikken på kroppen - slik som Nils Sundal har gjort. Dette for å få direkte kjennskap til korleis forvaltninga fungerar. Dei store tapstala utanfor rovdyrområdene viser at dagens rodyrpolitikk ikkje fungerar.

Senterpartiet meiner difor det er naudsynt med ein ny rovdyrpolitikk.

Talet på rovdyr aukar stadig. Vi har bjørn som rotar i søppelkassane til folk i Pasvik, ungar som må køyre drosje til skulen på grunn av ulv og mange som har gitt opp å drive med beitedyr. Det er fleire enn vi i

Senterpartiet som no ser at dette ikkje går lenger. Vi treng ein rovdyrpolitikk som tek større omsyn til dei som prøver å drive næringsverksemd rundt om i landet. Vi treng ein rovdyrpolitikk som tek meir omsyn til at folk kjenner seg utrygge over å ha rovdyr rundt seg der dei skal bu og leve.

For bønder som driv med beitedyr i rovdyrutsette område er situasjonen svært krevjande og lite føreseieleg i høve vidare satsing og investeringar i produksjonen. Når tapa vert store, vert både den økonomiske og kjenslemessige børa tung å bere. Det vert vanskeleg å sjå for seg ei framtid i næringa. Om sauebøndene gjev opp, vil det ramme både matproduksjonen, kulturlandskapen rundt oss og enkeltmenneska som bidreg i lokalsamfunna. Den sørsamiske tamreindrifta er også i ferd å falle fullstendig saman på grunn av store rovdyrtap.

Bøndene rammast også hardt i og med at eigedomsretten til eige gardsbruk vert uthola når beiteressursane ikkje kan utnyttast. Moglegheita for råderett over eige areal vert borte. Lokalsamfunna og bygda vert ikkje lenger den attraktive buplassen med positiv nærleik til naturen.

Det er utfordrande å på den eine sida ivareta ein levedyktig bestand av rovvilt samstundes som vi skal ha levelige kår for beitenæringane. Difor må Senterpartiet framleis ha ei hand på rattet i rovdyrpolitikken. I ei ny forhandling om ny regjeringsplattform vil vi seie klart nei til å byggje opp ei eiga ulvestamme i Noreg. Vi meiner og at bestanden av jerv og gaupe skal regulerast ut frå lokale omsyn og at dei særs høge bestandsmåla for bjørn må reduserast slik at bjørnestamma ikkje aukar.

Dagens situasjon er ikkje haldbar. For Senterpartiet går dyrehelsa og produksjon av mat i ei verd der ein milliard menneskje svelt, før omsynet til høg bestand av rovdyr. Vi registrerer at forvaltinga ikkje fungerer. Mellom anna er bestandsregistreringa mangelfull og uttak av skadedyr er ikkje effektivt nok. I område som ikkje skal ha rovdyr må skadedyr takast ut umiddelbart etter første drepne husdyr. Det må og lettare gjevast løyve til førebyggjande skadefelling som til dømes jakt på vinterstid.

Senterpartiet meiner at den viktigaste føresetnaden for ei vellukka rovdyrforvalting er sterk lokal og folkevald deltaking. Når storsamfunnet ynskjer å ha rovdyr i Noreg, må det følgjast opp med tilstrekkeleg med budsjettmidlar både til førebyggjande tiltak, til jakt og til erstatningar. Den enkelte bonde skal ikkje bere risikoen og kostnadane for storsamfunnet sine ynskje. Det må staten gjere. Så langt denne sommaren viser alle tapa oss at vi treng ny politikk og ei forvalting av denne som fungerar.

 

Liv Signe Navarsete, leder i Senterpartiet

 


Tips en venn

Skriv ut Skriv ut