Til forsiden
Du er her: Organisasjon  / Ansatte 


Senterpartiet stiller seg heilhjarta bak dei norske prioriteringane framfor klimatoppmøtet, seier Erling Sande.
Klimamøtet i København:

Vi har ressursar til å utgjere ein forskjell

[07.12.09 10:52] Det er ikkje folketalet det kjem an på, seier Erling Sande.


Erling Sandes innlegg i Stortinget 4 november.

Dei mest krevande forhandlingane

Statsråd Solheim gjorde på ein god måte greie for dei utfordringane som verda står overfor når det gjeld global oppvarming med potensielt store klimaendringar, og når det gjeld dei forhandlingane vi treng for å møte utfordringane. Frå Senterpartiet si side ynskjer eg fyrst å gje ros til statsråden både for det ekte og sterke engasjementet han har kring denne viktige saka, og for den kunnskapen han viser at han har på dette viktige området.

Dei internasjonale klimaforhandlingane er kanskje dei mest krevjande internasjonale forhandlingane verda har stått overfor, og sjeldan har så mykje stått på spel. Derfor er det avgjerande å lukkast, og det er avgjerande at Københavnmøtet tek oss viktige steg i retning av ei juridisk forpliktande avtale.

Vi har moglegheitene

Senterpartiet stiller seg heilhjarta bak dei norske prioriteringane framfor klimatoppmøtet, som statsråden gjorde greie for i går. Vi er vidare stolte av dei grepa og tiltaka som Regjeringa saman med klimakameratane i Stortinget har teke til orde for, og no gjennomfører, både internasjonale tiltak og dei tiltaka vi set i verk i vårt eige land. Likevel er det viktig å understreke at vi i Noreg har særs gode moglegheiter til nettopp å spele ei leiande rolle i dette arbeidet, til nettopp å gjere omfattande, store tiltak. Vi har ressursar som nettopp gjer dette mogleg, og samanlikna med mange land vil våre utfordringar vere mindre når det gjeld å ha ressursar til å setje i verk tiltak. Derfor må vår innsats ikkje vurderast opp mot folketalet, men mot dei ressursmessige føresetnadene som vi har.

Kan spele ei viktig rolle

Det er viktig å få den store breidda av nasjonar med på konkrete forpliktingar til reduksjon av klimagassar og opprette mekanismar som kanaliserer midlar for å nå desse måla. Rike land må både bidra til utsleppsreduksjonar og vere med på å finansiere reduksjonar og førebyggjande tiltak i andre land. Det er avgjerande viktig å hindre dobbel bokføring når det gjeld reduksjon av klimagassar, i form av at rike land kjøper utsleppsreduksjonar gjennom kvotesystemet, som blir rekna som utsleppskutt både i kjøparlandet og investeringslandet. Dette enkle, men viktige poenget er det viktige at vi løftar fram, og det er viktig at rike land er med og løftar det poenget fram. Det er kanskje lettare for land i den rike verda å vere med og understreke dette poenget. Her kan Noreg verkeleg spele ei rolle.

Rike land må ta ansvar

Vi har eit ansvar for å vise at rike land tek ansvar i klimaarbeidet. Det å vise vilje til tiltak både ute og heime er viktig òg for å styrkje tilliten i forhandlingar mellom rike og fattige land. Norske bidrag, anten det er i form av konstruktive forslag til finansieringsordning for både førebygging og klimakutt gjennom kvoteordninga, som vi kjenner til, eller det er den viktige regnskogssatsinga, som er vedteken i denne salen, er med og byggje opp under denne tilliten.

Vi er også frå Senterpartiet si side klar over at Noreg er eit lite land i forhandlingane om ei internasjonal klimaavtale. Ikkje desto mindre gjev vår rolle som eit rikt land med ein offensiv klimapolitikk moglegheit i forhandlingane til å vere ein utolmodig brubyggjar mellom fattige og rike land. Vår sjølvstendige rolle som eit europeisk land utanfor den europeiske unionen gjev oss nettopp høve til ei enno tydelegare slik brubyggjarrolle.

Matproduksjonen må med

Folketalet i verda er sterkt aukande, og dei nye menneska – den auken på nærare 50 pst. som er spådd dei kommande tiåra  – skal kunne brødfø seg. Matkrisa som verda står overfor, er formidabel, og dei siste tala tyder på at det er tett oppunder ein milliard menneske som svelt. Det er tett oppunder kvart sjette menneske på kloden.

Det å teke omsyn til den viktige matproduksjonen må vere eit heilt sentral element i klimaarbeidet. Landbruksbistand må òg nyttast tydelegare i norsk bistandspolitikk, men også i bistandspolitikk internasjonalt. Klimaarbeidet må ikkje gå ut over dei på jorda som ikkje kan dekkje sitt mest elementære behov.

Høge ambisjonar

Målet er ei internasjonal avtale som Kyotoprotokollen kan bli integrert i, sa statsråden i går. Det er viktig for Senterpartiet å understreke at det er viktig at ei slik avtale då blir så god totalt sett at Kyoto-landa ikkje får lågare ambisjonar. I så fall bør ein gå vidare langs to spor, slik Bali-toppmøtet streka opp.

Tips en venn

Skriv ut Skriv ut