Til forsiden
Du er her: Organisasjon  / Ansatte 


Vil ha kraft - men er mot kraftliner

[12.02.10 10:32] Erling Sande etterlysar helheit i energipolitikken til opposisjonen.


Svar på interpellasjon frå FrPs Oskar Jarle Grimstad i Stortinget torsdag 11. februar 2010:

Tiltak som verker

Kraftsituasjonen i Midt-Noreg har vore drøfta mange gonger tidlegare i dette huset, og er igjen no på dagsordenen på grunn av den situasjonen vi har hatt i vinter med kulde, streng kulde, og kjernekraftsituasjonen i Sverige, noko som har gitt særs høge kraftprisar enkelte timar ikkje berre i Midt-Noreg, men altså i heile Norden med nokre unntak.

Statsråden har på ein god måte gjort greie for dei tiltaka som er sette i gang for å betre denne situasjonen på kort og lang sikt. Det er klart at satsinga på fornybar energiproduksjon gjennom Enova er eksempel på eit slikt tiltak – eit tiltak som verkar. Vi veit òg, som kjent, at Midt-Noreg-regionen har særleg fokus på dette arbeidet på grunn av at regionen er ein sårbar region med omsyn til kraftforsyning.

Heng ikkje i hop

Ikkje minst er ny nettilknyting viktig for å sikre straum inn i denne regionen. Interpellanten valde å ikkje vektleggje dette i veldig stor grad i sitt innlegg. Det var i nokon grad overraskande, men det er klart at å kunne føre straum frå område som har overskot av straum og inn til område som har liten tilgang, er avgjerande viktig. Ikkje minst ser vi det i Midt-Noreg i dag gjennom at ein har fått styrkt og gjort ei heil nødvendig styrking av nettsituasjonen mellom Midt-Noreg og Sverige.

I dette lyset er det påfallande korleis nokre av opposisjonen sine stortingsrepresentantar kan drive valkamp på motstand mot kraftliner i dette området, og så står representantar frå det same partiet her i Stortinget og seier at ein ser fram til at denne kapasiteten kjem på plass og at den er viktig, slik representanten Hofstad Helleland gjorde tidlegare i sitt innlegg. Det heng ikkje i hop.

Kraftliner må henge i hop, men det må også argumentasjonen som partia fører i denne salen når det gjeld den situasjonen som er oppstått. Eg synest det er veldig spesielt å oppleve at ein her vel seg nokre fylke, slik som Høgre har gjort i dette tilfellet, der ein er i mot denne lina, denne tilførselen, mens ein i andre fylke seier at dette har vi jobba lenge for og det er viktig. Det er veldig spesielt.

Utfordrande

Så er det slik at Framstegspartiet strekar under at med unntak av dei mobile gasskraftverka, har ikkje Regjeringa gjort nokre tiltak som ikkje hadde blitt gjort likevel. Det trur eg ikkje Framstegspartiet sjølv trur på ein gong! Den styrkinga som har skjedd i satsinga på fornybar energi under denne regjeringa, manglar sidestykke i norsk historie. Det har vore satsa målretta på fornybar energi, ulike former for fornybar energi. Det er eit auka fokus på nettilførsel for å sikre kraft rundt om i heile landet, og ein har auka fokus på energieffektivisering og energiomlegging. Om ein er i tvil, må ein samanlikne med dei regjeringane som har sete før, og så får ein sjå dei politiske prioriteringane og dei politiske resultata regjeringane imellom.

Situasjonen i Midt-Noreg er utfordrande. Regjeringa jobbar med tiltak på kort og lang sikt for å kome denne situasjonen i møte. Statsråden har gjort greie for tiltaka, men eg har ei forventing om at i framtida vil dei opposisjonspartia som står her og spør etter tiltak utan sjølv, i Hofstad Hellelands tilfelle, å kome med nokre konkrete forslag. Når ein står i denne salen og gjer det, må ein då òg gjennomført stø dei tiltaka som blir gjorde, og ikkje drive valkamp eller politisk polemikk på motstand mot dei same tiltaka andre plassar i landet.

Tips en venn

Skriv ut Skriv ut