|
|
[27.09.10 10:44] Fylkesårsmøte i Hordaland Senterungdom gjekk av stabelen på Tysnes 25.september. Solfrid Smith , fylkesleiar gjennom 2 år gjekk av og ny leiar er Alexander Fosse Andersen frå Kvam.
Alexander er 27 år og kjem frå Frogner i Akershus, men har røtter i Kvam og er no busett i Strandebarm i Hardanger der han jobbar i ungdomsskulen. Han har brei erfaring innan arbeid både i Senterpartiet og i Senterungdommen og har mellom anna site på fylkestinget i Akershus i 2 perioder, der som medlem av hovudutvalet for utdanning 2005-2010 og som gruppeleiar august 2009-april 2010. Alexander har i tillegg vore sentralstyremedlem og internasjonal leiar i Senterungdomen. Som politiske interesser vil han spesielt peika på utdanningspolitikk, kollektivtransport og utveklingspolitikk.
Med seg i styret i komande arbeidsår får Alexander:
Polnest: Harald Olav Fosso, Kvam
Orgnest: Anna Lekve, Ulvik
Styremedlem: Jon Sindre Rødland, Granvin
Fredrik Bakke, Osterøy
Vara: Alexander Løyning, Kvinnherad