![]() Fylkestingskandidat Olav Myklebust, Sande |
[26.08.11 21:32] Senterpartiet har i sitt langtidsprogram ei formulering som seier: ”Riksveg- og fylkesvegferjene er ein del av vegnettet og bør vere gratis.” Dette er framleis eit mål for oss, sjølv om regjeringssamarbeidet gjer at dette i alle fall ikkje vil bli realisert dei første to åra. Men vi har ei mulegheit til å starte med å oppfylle denne målsetjinga!
I dag er det slik at dei fleste bomselskapa i fylket har sine eigne takstar og sine eigne betalingssystem. På same måte har også ferjeselskapa i fylket eigne ferjekort – rett nok har ein her kome fram til ei ordning som gjer at ein kan bruke desse korta i fleire selskap, men framleis er det slik at korta må påfyllast hos det selskapet der det vart kjøpt.
Transportselskapa i fylket er storbrukarar på bomstasjonane og ferjene – både i og utanfor fylket vårt. Dei fleste av dei har nok ei eller anna form for rabatt-ordning for å redusere kostnadane, men så lenge ein har ulike betalingssystem for kvar stad, så vil det binde opp stor kapital å skulle halde seg med rabattkort for alle mulege kreditorar.
Dei siste åra har vi ved fleire bomstasjonar i landet fått ordningar med Autopass, der ein anten kan ha abonnement på passeringar eller får fakturert passeringa i ettertid. Her er det berre bilane som blir taksert, passasjerar og syklande passerer gratis.
Ved ei tilsvarande ordning på ferjer og andre bomselskap, ville ein kunne spare utgifter i samband med innkrevjinga - rett nok neppe mykje på ferjene, sidan krava til bemanning her i stor grad er knytta til sjøsikkerheita. Fleire bomselskap har budsjettert med passasjertakster i si finansiering – dette måtte i så fall reknast om. Men ei ordning tilsvarande Autopass ville forenkle mykje både for privatbilistane og yrkessjåførane, både med omsyn til tidsforbruk og økonomi. Elles ville ei slik ordning stimulere til meir kollektiv-trafikk og ”kompis-køyring”, noko som også ville vere ein stor miljøgevinst for samfunnet vårt.
Senterpartiet i Møre og Romsdal ønskjer å forenkle billetteringa på ferjene og bomstasjonane våre. Vi vil legge til grunn automastisk passering ved nye samband, og arbeide for at eksisterande samband reviderer sine innkrevjings-system for å forenkle desse. Det kortsiktige målet må vere at ein om få år kan bevege seg rundt i landet vårt, og berre vere knytta til eitt felles betalingssystem! På lengre sikt bør ein også kunne få bort dette…
Olav Myklebust
listekandidat
Senterpartiet i Møre og Romsdal