[10.09.11 16:48] Bruk stemmeretten din 12. september!
GODT VAL!
På sitt aller første fylkesårsmøte i Senterpartiet, tok senterungdomsmedlem Ingvild Auflem Vik (då 14) opp eit problem frå sin eigen skulekvardag i Sande. Det at så mange barn måtte stå på skulebussen til og ifrå skulen. Ho argumenterte godt for at skulebussane burde ha siteplassar nok og at alle siteplassane på skulebussane burde ha setebelte. Seinare har fleire følgt opp denne saka, og både Liv Signe og Magnhild har fleire gongar blitt minnte på denne problemstillinga. I august i år varsla Regjeringa at reglane for skulebusskøyring no vil bli innskjerpa, slik at det skal vere nok siteplassar til alle og at setebelte blir påbudt!
Dette er eitt døme på at ungdommeleg engasjement kan føre til at ein får fokus på ei sak på ein slik måte at samfunnet grip fatt i den og gjer noko med det. Derfor er det viktig at også ungdomen engasjerer seg og brukar stemmeretten sin 12. september. Og for Ingvild og andre ungdomar som enno ikkje har fylt 18 år, så er det viktig at ein ikkje gløymer at dei som har fylt 16 år (og bur der) kan stemme ved lokalvalet i Ålesund, og dei som har fylt 15 år kan stemme ved soknerådsvalet og ved valet på nytt bispedømeråd.
Det er fire val på same dag. Kommunestyret skal bidra til å lage aktive lokalsamfunn og følgje opp skule og eldreomsorg. Fylkeskommunen har ansvaret for dei vidaregåande skulane og mesteparten av vegnettet vårt. Soknerådet skal ha sitt fokus på tilbodet som kyrkjelydane gjev til sine medlemer i form av gudstenester, dåpsopplæring, konfirmantundervising og som lokal møtestad i sorg og glede. Bispedømerådet skal arbeide med rekrutteringa av prestar til kyrkjelydane og gjennom sine vedtak i Kyrkjemøtet er dei også med på å forme korleis kyrkja skal utvikle seg i tida framover. Alle vala er viktige – kvar på sin måte!
Både i kyrkja og lokalsamfunnet er det viktig at demokratiet er på plass. Senterpartiet har endatil sett krav til demokratisering av kyrkja for at vi skal gå vidare med kyrkjeforliket. Det er viktig at kyrkja framleis blir sikra statleg finansiering på dagens nivå. Terrorhandlingane i sommar viser meir enn noko anna at kyrkja framleis har ein sentral plass i dagens samfunn, og dette er det viktig at vi tek vare på!