Til forsiden
Uttale frå fylkesstyret 4.2.2011:

Stad Skipstunnel

[05.02.11 14:23] Møre og Romsdal Senterparti stiller seg undrande til den foreløpige konklusjonen i konseptutvalutgreiinga som Kystverket har fått utarbeidd om Stad Skipstunnel. Vi stiller oss heilt uforståande til at Stadhavet ikkje er ”farleg nok” for å forsvare bygginga av ein slik skipstunnel.


Stadhavet har kravd mange menneskeliv gjennom tidene, og vore til konstant uro for folket langs kysten vår – mange ulykker og nestenulykker også dei siste åra skulle i seg sjølv vere grunn nok til at Stad skipstunnel burde realiserast. Det skulle vere nok å minne om nestenulykka med hurtigruteskipet MS Finnmarken i 2004.

Vi veit at årleg blir fleire hundre større og mindre fartøy liggande landfaste i Måløy og ved Sandshamn – i påvente av at veret skal bli godt nok til at dei kan runde Stad. Og sommarstida arrangerer Redningsselskapet kolonner over denne farlege havstrekninga.

Ei realisering av Stad Skipstunnel vil kunne ha ringverknader langt utover lokalmiljøet. Gjennom ei sikker indre seglingslei også rundt Stad vil ein opne for at ein større del av eksporten frå heile kysten kan gå på kjøl framfor på hjul, noko som vil kunne gje ein stor miljømessig gevinst. Lokalt vil skipstunnelen også gje nye mulegheiter, t.d. ved at ein vil kunne forlenge hurtigbåtsambandet frå Bergen – som i dag stoppar i Selje – heilt til Ålesund. Og ein skal heller ikkje sjå bort ifrå at Stad Skipstunnel også vil kunne verte ein turistattraksjon – ikkje minst dersom dimensjoneringa av tunnelen blir slik at også Hurtigruta kan bruke den!

Senterpartiet i Møre og Romsdal håper at sunn fornuft til slutt vil sigre i denne saka – det er på tide at Stad Skipstunnel blir realisert!

Tips en venn

Skriv ut Skriv ut