![]() Senterungdomskandidat Marit Nerås Krogsæter |
[15.08.11 23:11] Politiet ser seg lei av alle unge som køyrar bil utan sertifikat og dei skriv ut bøter på minimum 8000 kroner dersom nokon gjer det. Marit Nerås Krogsæter, ungdomskandidat for Senterpartiet til fylkestinget, er no lut lei av at ungdommen og trafikktryggleik ikkje blir teke på alvor.
- “Det er så mykje som blir lagt merke til av ukultur hjå ungdom, men eg ser alt for få løysingar! At ungdommar fyrst skal få innsyn i trafikkbiletet når dei er 16-17 er alt for seint. Her må det tidleg innsats til.”
Senterungdommen i Møre og Romsdal har brukt mykje tid på å påverke politikarar og fått det kjempa inn i fylkestingsprogrammet at trafikalt grunnkurs skal inn som obligatorisk fag på ungdomsskulen. Dette meiner dei er eit tiltak som kan vere med på å minske den ukulturen ein ser hjå nokre ungdommar i dag.
Med dette forslaget vil alle som går på ungdomsskulen gå gjennom den same undervisninga uansett om ein har planar om å ta sertifikat eller ikkje, slik ein sikrar seg at alle får den opplæringa som er naudsynt for å kunne vere i trafikken.
Marit Nerås Krogsæter
Ungdomskandidat SP
91832844