![]() Kristin Marie Sørheim |
[14.04.11 14:31] Fylkestinget i Møre og Romsdal er svært uroa over situasjonen ved Sellafield-anlegget, der det no foregår ei reprosessering av atomavfall etter ein omstridt metode.
Vi er uroa over at dette kan medføre utilsikta utslepp, flytande avfall og auka mengde av farleg radioaktivt avfall.
Det er store lager av atomavfall på Sellafieldområdet. Lagra er mellombelse, i påvente av at ein finn ein trygg metode for langtidslagring.
Møre og Romsdal og resten av Vestlandet og Sør-Vestlandet er svært utsett for skadeleg påverknad dersom det oppstår lekkasjar og utslepp frå anlegget.
Fylkestinget i Møre og Romsdal støttar fråsegna frå Ordførar- og rådmannskollegiet på Nordmøre datert 07.04.2011, og ber om at sentrale styresmakter held fram og øver trykk på britiske styresmakter, med krav om at tryggleiken ved Sellafieldanlegget blir styrka.