![]() Fylkestingskandidat Kristin Sørheim |
[06.06.11 09:47] Møre og Romsdal scorar ikkje høgt når det gjeld høgare utdanning og forsking. Viss vi skal konkurrere med andre regionar om arbeidskrafta, og viss vi skal greie å utvikle og fornye næringslivet vårt, er utdanning og forsking heilt nødvendig.
Det ser ut til at utdanning avlar meir utdanning, og forsking avlar meir forsking. Vi ser at universitetsbyane, og særleg Trondheim og Oslo, veks og utviklar seg når det gjeld kunnskapsarbeidsplassar. Dermed blir dei også ekstra attraktive for ungdommen.
Møre og Romsdal har også mange spennande forskingsmiljø, og vi har tre høgskular og eit høgskulesenter. Miljøa er små kvar for seg, og kan risikere å tape i konkurransen med universitetsmiljøa. Difor er det gledeleg at det no blir gjort tiltak for å samle og styrke forskinga i fylket, gjennom nyskapningen Forskingsforum Møre og Romsdal. Ein arena for drøfting av forskingsstrategiar for fylket, ein arena for å samarbeide om nye forskingsprosjekt, doktorgradsutdanning, undervisning og mykje meir. Ein arena for å skreddarsy utdanning og forsking til beste for næringsliv og offentleg sektor i fylket vårt.
Kvar for oss er vi kanskje små, men til saman kan høgskulane og forskingsmiljøa i fylket bli ei slagkraftig eining som hjelper til med å løyse morgondagens utfordringar, skape framtidsretta arbeidsplassar og attraktive lokalsamfunn.
Kristin Sørheim
Listekandidat for SP til fylkestingsvalet