![]() Fylkesordførarkandidat Oddbjørn Vatne |
[21.06.11 23:06] Tala kjem fram i ei sak som vart lagt fram i fylkestinget no i juni (Statsbudsjettet for 2012). I 2002 (Bondevik 2-regjeringa) var løyvingane til veginvesteringar i Møre og Romsdal 254 mill, 2003-285 mill, 2004-268 mill, 2005- 448 mill. Dette gjeld samla for stamvegane og øvrige riksvegar. I 2005 greip opposisjonen inn og auka løyvingane utover Bondevik 2 –regjeringa sitt framlegg.
I tida med Senterpartistatsrådar (frå 2005) har løyvingane til veginvesteringar auka kraftig og for 2010, 2011 og 2012 vil investeringane på stamvegane og dei nye fylkesvegane (tidlegare øvrige riksvegar) passere 1 milliard pr. år.
Rassikring av vegar i fylket får no eit kjempeløft. Oppdølsstranda, Vågetunnelen,
Hjartåberga og Stranda-Hellesylt får over nokre år løyvingar på over 2,5 milliard.
Bondevik 2 ville ha brukt 40 år på slike investeringar i rassikring i Møre og Romsdal.
Senterpartiet har vore opptatt av at veginvesteringane skal fordelast utover heile landet.
Dette er ei stor endring i høve til høgredominerte regjeringar, som har styrt løyvingane inn mot Oslo-området. Det er også nytt at lovnadane i Nasjonal transportplan (NTP) vert oppfylt. Senterpartiet og regjeringa har no store ambisjonar for den nye NTP´en
2014-2023. Statsråd Kleppa har gitt startsignal for ei storsatsing på ferjefri Kyststamveg frå Kristiansand til Trondheim. Kryssing av Storfjorden, Romsdalsfjorden og Halsafjorden er noko av det som skal på plass gjennom dette prosjektet.
Senterpartiet i Møre og Romsdal har eit nært samarbeid med sine statsrådar. Vi meiner at dette også gjer sitt til at vi får igjennom så mange prosjekt. Mange prosjekt er i gang og fleire ligg i startgropa.
Med helsing
Oddbjørn Vatne,
Fylkesordførarkandidat for Sp