![]() Fylkesordførarkandidat Oddbjørn Vatne |
[06.06.11 23:47] Til utdanningssjef Per Hoem,
og samferdselssjef Arild Fuglseth
Frå Senterpartiet i Møre og Romsdal
Brevet er sendt som lesarinnlegg til pressa.
For å få fram eit døme på korleis skuleskyssen er opplagt, tek eg utgangspunkt i ei sak i avisa Haramsnytt 31.mai. Elevar frå Hellestranda skal til den vidaregåande skulen i Brattvåg. Dei ventar inntil 2 timar dagleg og skifter køyrety 2 gonger på turen. Med privatbil tek turen ca.20 min. Skuleskyssen tek 75 min.
Denne saka har vore tatt opp mange gonger, m.a. av underteikna. Svaret er det same kvar gong. Ruteselskapet viser til at dei held seg innafor fylkeskommunen sitt reglement og fylkeskommunen stadfester dette.
I fylkesutvalet 24.mai var skuleskyssreglementet oppe som sak. Senterpartiet kom med forslag om å redusere reisetid/ventetid frå 120 min. pr. tur til 90 min. Dette forslaget er ikkje meir ytterleggåande enn at skuleskyssen frå Hellestranda vil ligge godt innafor godkjent reglement. Det vart bestemt at ein skulle prøve å rekne på kostnaden med framlegget. Vert kostnaden stor, så viser det at mange slit med umulege reiseopplegg. Ingen vaksne som skal på arbeid vil finne seg i ei så strevsam arbeidsreise. Bussen vert erstatta av privatbilen. Dei fleste elevane har ikkje den mulegheita.
Vi høyrer at mange bruker så lang tid på skulen at dei er for slitne til å ta del i fritidsaktivitetar om kvelden.
I tilfellet frå Haram, så kunne desse elevane reist til Borgund vidaregåande skule på omlag halve tida. Her går bussane med mykje større frekvens. Fleire og fleire elevar søkjer seg til byskulane. Skuleskyssen gjer distriktsskulane til taparar. Trykket på byskulane blir større og dei må stadig byggjast ut. Etter kvart må nok fleire skular følgje i Ørskogskulen sine fotspor.
Så kjem spørsmålet som går til samferdselssjefen og utdanningssjefen i Møre og Romsdal:
Kan det vere slik at ein med å bruke nokre titusen på å forbetre skuleskyssen til distriktsskulane, på sikt kan unngå store millioninvesteringar i byskulane?
Vil samferdselssjefen og utdanningssjefen gå igjennom skyssopplegget for kvar distriktsskule for å sjå om det er mogleg å få til forbetringar? Vil dei kome tilbake til politikarane med ei sak som viser kva eit godt skyssopplegg for elevane i distriktsskulane vil koste?
Vi veit at skuleskyssreglementet set yttergrensene for kor lang reisetida/ventetida skal vere. Reglementet seier også at målet er ein god skuleskyss for alle. Er samferdselssjefen og utdanningssjefen enig i at ein bør få til ein skuleskyss som er langt betre enn det desse yttergrensene legg opp til?
Med helsing
for Senterpartiet
Oddbjørn Vatne, gruppeleiar