![]() Stortingsrepresentant Jenny Klinge |
[27.02.11 20:13] Senterpartiets stortingsgruppe var i januar på strategiseminar i Hedmark. Vi tok tog og deretter drosje gjennom knitrande kaldt og vakkert vinterlandskap til plassen vi skulle vera i to dagar. Av ein eller annan grunn var det konferanse- og overnattingsstaden med det talande namnet Staur gjestgård som var valt. Det var fleire av oss som knytta dette til Per Bortens historiske utsegn om at hans rolle som statsminister for koalisjonsregjeringa fram til 1971 var meir som å bera sprikande staur.
Er det grunn til å tru at dagens statsminister og dei to andre raud-grøne partileiarane somtid føler at dei ber sprikande staur, og i så fall - kva er årsaka og kva skal vi gjera med det? Eg skal koma tilbake til dette under ein bolk om rolla til oss folkevalte, men først skal eg seie noko om sjukehus og landbruk.
Sjukehus er ikkje berre bygg som tek i mot sjuke menneske for behandling. Sjukehus er staden der frykta bryt ut hos sårbare enkeltmenneske når undersøkelsen viser teikn til alvorleg sjukdom - eller når hjarteslaga til eit foster ikkje er sterke nok. Kanskje kan ein seie det slik at sjukehusa er fylte med frykt og håp, tvil og tru, sorg og glede, og at vi som samfunn må sørgje for at dei skal skal romme mest av nettopp håp, tru og glede.
For å få til dette må vi føre ein god sjukehuspolitikk som legg grunnlaget for at dei som går inn sjukehusdøra skal koma friskast mogleg ut att. Forutsetninga for dette igjen er at vi har nok av legar, sjukepleiarar og andre flinke tilsette som vil gå inn den same døra for å gjera ein jobb. Høgt kvalifisert personell må finne det attraktivt og givande å arbeide der.
Då er vi inne på kjernen: velferden til pasienten og vilkåra for dei tilsatte heng tett saman. Det er ingen tvil om at vilkåra til dei tilsatte verken på Kristiansund eller Molde sjukehus har vore eller er dei beste. I Kristiansund har usikkerheita kring framtida for sjukehuset breidd om seg, og i Molde har behovet for eit nytt bygg vorte prekært.
Den siste tids utvikling har gjort at trua på eit nytt bygg har snudd til ei frykt for at det ikkje kjem noko nytt bygg på mange år. Eller: kanskje ligg det an til eitt felles sjukehus i Helse Nordmøre og Romsdal i staden.
Uansett kva politiske dragkampar som måtte vera, er det ein ting eg håpar vi politikarar aldri gløymer, og det er at det er pasientane vi skal tene. Det er alle dei som i vekslinga mellom frykt og håp er heilt avhengige av at sjukehusa fungerer. Sjukehusa våre kan svekkast raskt når usikkerheita spreier seg kring framtida deira.
Derfor er eg oppteken av mest mogleg folkevalt og langsiktig styring over sjukehusa, og derfor er eg i vårt konkrete tilfelle oppteken av at ein eventuell klår agenda frå regjeringshald blir kjent slik at både folkevalte og andre aktørar i regionen har eit felles og reelt utgangspunkt for vidare debatt.
Det er ei ærleg sak å endre meining. Men det er også ei ærleg sak å ikkje endre meining. Og eg har ikkje gjort heilomvending i sjukehusspørsmålet i den nordlege delen av fylket, sjølv om eg respekterer og forstår at mange meiner at eg burde gjort det.
Samstundes er det nok viktig å hugse at dette ikkje er eit val mellom pest og kolera, som kan vera eit høveleg bilete for å illustrere dette. Uansett om det blir eitt felles sjukehus eller fortsatt to vil innbyggjarane i regionen ha eit godt sjukehustilbod. Spørsmålet er kva løysing som gir det beste tilbodet.
Føresetnaden er at tilstrekkeleg mange godt kvalifiserte sjukehustilsette vil gå inn døra i desse sjukehusa for å undersøkje og behandle flest mogleg pasientar på eit best mogleg vis. Vi beheld i alle fall ikkje kvalifiserte folk i regionen dersom det skal råde slik usikkerheit som det har gjort til no. Derfor er ei avklåring nødvendig, og då kan aktørane diskutere på grunnlag av same informasjon og resultatet koma som eit resultat av drakampar på like vilkår.
Arbeidarpartiet har i helga fylkesårmøte i Molde med besøk av utanriksministeren. Jonas Gahr Støre er vant med krigssoner og å handtere store konfliktar. Vi har i Senterpartiet har på vår side invitert samferdselsministeren, fredsæle Magnhild Meltveit Kleppa. Eg håpar det kan sjåast som at vi opptekne av å byggje bruer - ikkje berre over fjordar, men også i denne sjukehussaka. Det er til alles beste om vi får ein opplyst og sakleg debatt framover, og at løysinga dermed kan bli best mogleg. Ein dansk politikar sa ein gong: ”Som så ofte i politikken lukkast vi i å løyse problemet til allmenn misnøye.” Det må ikkje skje i denne saka, det er ho for viktig til.
Og så vil eg slå fast at dei store avgjerdene i sjukehuspolitikken må takast av folkevalte, og ikkje av helseføretaka etter svakt forankra signal frå skiftande helseministrar. Nasjonal helse- og omsorgsplan må vera styringsdokumentet, og bør helst vera eit resultat av større forlik på Stortinget, der flest mogleg parti går saman om å peike ut framtida for sjukehusa. Slik vil vi kunne sikre betre og meir langsiktige val, og vi vil unngå at usikkerheit og konflikter breier om seg.
Dette gir ein grei overgang til det eg starta med: rolla til oss folkevalte. Då tenkjer eg både på lokalt og regionalt og nasjonalt nivå. Senterpartiet er partiet for oss som er opptekne av eit sterkt lokalt folkestyre og av at viktige funksjonar i samfunnet skal vera underlagt folkevalt styring.
Eg veit ikkje om det har fått med dykk eit ferskt opplag på dagbladet.no, der eg slår fast at eg ikkje finn meg i at regjeringa og statsministerens kontor refsar oss raud-grøne stortingspolitikarar når vi frontar sjølvstendige meiningar. Tittelen vart krassare enn eg både hadde tenkt og formulert sjølv, men slik er tabloide media. Bodskapen er uansett klår nok i artikkelen.
Bakgrunnen for oppslaget er eit blogginnlegg eg har skrive om at Ola Borten Moe er føreslått som ny nestleiar i Senterpartiet. Eg vil bruke nokre av refleksjonane frå dette innlegget her no, fordi eg har gjort meg nokre tankar om dei krava som blir sette til at Borten Moe må bli mindre kontroversiell dersom han skal kunne vera ein del av partileiinga framover. Sjølvsagt er det nokre utspel han har hatt som kunne hatt ein betre timing og kanskje meir fingerspitzgefühl, men uansett er påstanden min at vi treng fleire rabagastar i politikken, ikkje færre. Det vil vera eit tap for norsk politikk om Borten Moe (mot formodning) skulle slutte seg til rekkene av alle taleføre som etter kvart blir meir og meir teieføre.
Debattane om rolla til dei folkevalte er ikkje like mange og intense som debattane om eigedomsskatten og hijab. Men dei er langt ifrå mindre viktige. Stortingsrepresentanten som i kraft av sitt mandat talar med ei eiga og sjølvstendige røyst er ei nødvendig motvekt mot styrken embetsverket har i statsforvaltninga. Dersom Stortinget som lovgjevande og løyvande makt skulle tape kraft som premissleverandør for utviklinga i norsk politikk, ville det svekkje folkestyret.
Ei fleirtalsregjering gjer dette endå viktigare. Sjølvsagt er det viktig at dei tre raud-grøne partia har ein synleg felles politisk målsetnad og ein stø kurs. Det er imidlertid sagt at ro og orden kan vera ein større trussel mot demokratiet enn uro og uorden.
Og når det gjeld lokal- og fylkestingsvalkampen: der må de føle dykk frie til å koma med friske fråspark, synleggjera ambisjonar og vise lyst til å vera med og styre samfunnet. Arranger gjerne felles arrangement med Ap og Sv der det er naturleg og på saker der vi har felles interesser. Det er ingen motsetnad mellom dette og det å ha eigne utspel om viktige Sp-saker i andre samanhengar.
Så til eit tema som er særleg viktig for partiet vårt: landbruket. Sjølv om det er openbart at Senterpartiet i regjering har lukkast med å føre ein betre og meir framtidsretta landbrukspolitikk, er det endå langt fram til at dei gjennomsnittlege inntektene gardbrukarane kan oppnå tilsvarer ei gjennomsnittleg lønsinntekt.
Vi kan ikkje gi oss før vi oppnår dette. Og det er ikkje berre av omsyn til hardt arbeidande gardbrukarar at dette er viktig. Alle land har ansvar for å sørgje for å produsere mest mogleg mat til eiga befolkning for ein høgast mogleg sjølvbergingsgrad.
No er det ei ny landbruksmelding på trappene, og det er mange som er spente på kva som kjem der. Kva målsetnader vil bli formulerte og kva slags tiltak blir det peika på for å nå desse måla? Eg meiner ein viktig målsetnad må vera at mest mogleg av maten skal bli produsert med norske fôrressursar og ikkje importert kraftfôr. Sjølvsagt er det bra at kyllingen folk et kjem frå lokale produsentar, men dersom kulturlandskapet i bygda rundt veks att fordi ingen dyr beitar der, er vi ikkje særleg sjølvforsynte den dagen det å importere kraftfor av ein eller annan grunn blir vanskeleg eller umogleg.
Eg starta med å nemne at stortingsgruppa var på strategiseminar på Staur gjestegård og nemnte Per Bortens omgrep om å bera sprikande staur. Kva er så staur? Ein rettvaksen lauvtrestamme, gjerne av ask eller rogn, som er kutta i 2 m høgde , spissa i begge endar og ikkje over 10 cm tjukk, og som kan brukast til hesjing.
No undrar de sikkert på kor eg vil hen med dette. Winston Churchill sa ein gong: "Talen til det ærede parlamentsmedlemmet minner meg om Colombus. Då han la ut, visste han ikkje kor han skulle. Då han kom dit, visste han ikkje kor han var, og då han kom heim, visste han ikkje kor han hadde vore."
Eg skal sjølv prøve å lande på beina, og her er det eg tenkjer: Kanskje tykkjer både statsministeren og partileiarane i dei to andre regjeringspartia at jobben somtid kan samanliknast med å bera sprikande staur. Då er bodskapen min: slutt å vera så redde for diskusjonar og fokuser meir på å levere tydelege politiske resultat. Våre statsrådar gjer ein kjempejobb, og det må vi synleggjera. Samferdselsminister Magnhild la nettopp fram alt godt vi får til på veg og bane. Det må vera mogleg å løfte fram dette og vera stolte over resultata sjølv om vi også uttrykkjer ambisjonar vidare, det vera seg for Rovdebrua eller ferjefri kyststamveg.
Vi folkevalte er ikkje staurar, og bør ikkje spissast og pussast på i begge endar – det finn i alle fall ikkje eg meg i. Er vi litt krokete og kvistete og vrange, så er det kanskje vanskeleg nok å bera oss. Men vi treng ikkje berast. Får vi spelerom ber vi oss sjølve. Sterke og tydlege raud-grøne folkevalte kan bera regjeringa fram. Og er takhøgda stor nok, kan vi løfte ho ganske høgt også.
[red:]
Sjå også omtale av Jenny sin tale i Romsdals Budstikke og Tidens Krav