![]() Stortingsrepresentant Jenny Klinge |
[05.04.11 08:15] President
Eg vil bruke innlegget mitt i denne debatten til å snakke om det som for meg er det avgjerande i spørsmålet om Noreg skal implementere datalagringsdirektivet i norsk lov. For det første: I Noreg er vi uskuldige til det motsette er bevist. Eg meiner det blir feil å lagre trafikkdata frå alle borgarar ut i frå føresetnaden om at kven som helst av oss kan gjera noko kriminelt i framtida og at ein dermed må sikre seg moglege bevis.
Det andre er spørsmålet om ein kan kjenne seg trygg for at private og viktige opplysningar om ein sjølv er sikra mot å bli utnytta av uvedkomande. Eg meiner det er graverande at H og Ap går inn for å innføre eit EU-direktiv som dette utan å problematisere meir risikoen for misbruk av den lagra informasjonen.
Då er eg ikkje nødvendigvis mest bekymra for at staten og politiet misbruker denne, men det finst andre miljø og enkeltpersonar som kan ha interesse av å grave i informasjonen. Og ingen system er tette.
Det tredje eg vil nemne er moglegheita dei kriminelle har til å unngå at kommunikasjon deira blir lagra. Det er vanlege folk sine trafikkdata som er lett å lagre, medan dei med lovstridige hensikter alltids vil finne måtar å kommunisere på som ikkje let seg lagre. Det at det er såpass få saker som blir oppklarte ved bruk av trafikkdata, kan tyde på at det er nettopp dette som skjer.
Så vil eg til det prinsipielle, til noko så grunnleggjande som personvernet og ytringsfriheita. Det handlar om retten til å kunne leva våre liv frie for overvaking og med rett til å bevege oss og ytre oss fritt. For å ha denne retten må vi ha tillit til at det vi seier og den kommunikasjonen vi har for oss ikkje kan bli misbrukt. Altså: Er folk flest frie til å kommunisere med andre dersom vi manglar tillit til at lagra trafikkdata er sikra mot misbruk? Eg meiner vi ikkje er det.
Kjeldevernet er relevant i så måte. Det er ikkje rettstaten verdig at innbyggjarane ikkje kan tipse politi og journalistar utan å vera urolege for å bli avslørte som kjelda. Eg fryktar at det vil bli vesentleg færre tips i framtida og at datalagringsdirektivet vil forhindre at vitne til hendingar og enkeltpersonar med viktig informasjon ikkje tør å melde frå.
Teknologien utviklar seg stadig. Det er mykje bra i det. Når teknologiutviklinga på mange område går framom utviklinga av lovverket, må vi ha ei bevisst haldning til kva slags bruk vi skal tillate og ikkje av teknologiske nyvinningar. Vi må tore å si nei. Det er ikkje alt teknologien mogleggjer som faktisk bringer oss samfunnet fremover. Partia i personvernalliansen, som Sp er ein del av, ønskjer å setje nokre grenser. Vi ønskjer at utviklinga kjem til samfunnsmessig nytte, og ikkje at den blir ein trussel mot grunnleggjande verdiar som ytringsfriheita, bevegelsesfriheita og personvernet. Datalagringsdirektivet er ein slik trussel.