Til forsiden


Stortingsrepresentant Jenny Klinge
Stortingsrepresentant Jenny Klinge:

Til kamp mot organisert kriminalitet

[05.05.11 22:20] Organisert kriminalitet er eit problem som grip om seg og blir meir alvorleg. Det går ut på alt frå menneskehandel og narkotikakriminalitet til økonomisk kriminalitet og mobil vinningskriminalitet. Det er eit internasjonalt og grenseoverskridande problem, og det påverkar mange nordmenn på ulike vis.


Norske ungdommar blir fanga i rushelvetet når narkotikaseljarane lukkast med å gjera nye personar avhengige av rusen. Attom dette står store, organiserte nettverk med lite respekt for det enkelte menneske og menneskeverdet. Norske familiar opplever at husa deira blir rana medan dei er borte ein tur i helga - eller endå verre at huset blir rana på nattestid medan dei ligg og søv der. Dette gjer folk redde. Og problemet finst i heile landet.

 

Francis Bacon sa at "Ikkje noko er fryktelegare enn frykta sjølv". Dette er det mykje i. Å oppleva at nokon bryt seg inn i heimen din, den staden du eigentleg skal kunne kjenne deg tryggast og mest avslappa, skapar frykt. Ikkje berre for den enkelte familie, men også for heile nabolag. Trygge lokalsamfunn er ikkje berre ein floskel, det er ein realitet mange plassar enno. Plassar der ingen låser ytterdøra verken dag eller natt, og der ein slepper ungane fritt ut for å leike. Målet må vera å hindre ei utvikling der mange kjenner frykt og stadig er på vakt, fordi dette forringar livskvaliteten og den verdien som ligg i trivelege lokalsamfunn.

 

Den raud-grøne regjeringa har lagt fram ei eiga stortingsmelding om organisert kriminalitet, og heile Stortinget har nyleg slutta seg til hovudtrekka i denne. Vi vil mellom anna leggje endå betre til rette for målretta samarbeid og gode verktøy i politietaten for å førebyggje og bekjempe denne kriminaliteten. Eit godt døme på samarbeid som har gjeve resultat er Grenseløs-prosjektet. Dette viser at det er fullt mogleg å oppnå resultat utan å slå saman heile politidistrikt.

 

Det er viktig ikkje å gløyme den rolla som nærpolitiet har for å skape tryggleik lokalt og for å førebyggje at kriminalitet, også den organiserte, skal få fotfeste. Til dømes mobil vinningskriminalitet og mc- og narkotikakriminalitet skaper i høgste grad problem lokalt i mange delar av landet. Alvorleg kriminalitet kan førebyggjast og reduserast når politiet både er nært på innbyggjarane og det som skjer og samstundes evner å samarbeide på tvers av distrikt og med andre aktørar. Eg har i denne samanheng store forventningar til at IKT-satsinga i politiet skal mogleggjera nye og moderne løysingar og betre samhandling.

Vi kan ikkje godta at menneske blir utnytta på det grovaste i menneskehandel eller at folk fryktar for brutale ran i heimane sine. Vi skal kunne kjenne oss trygge i alle delar av landet. Kampen mot organisert kriminalitet må såleis halde fram med stor styrke.

 

Jenny Klinge

Justispolitisk talskvinne, Senterpartiet

Tips en venn

Skriv ut Skriv ut