Til forsiden
Du er her: Sp der du bor  / Oppland  / Øyer 
Bryggjer det opp til ny soknestrid i Øyer:

Ny soknestrid i Øyer

[06.09.11 22:11] Øystein Jorde har skrive eit innlegg der han undrar på om det bryggjer opp til ny soknestrid. Denne strida vert fyra opp under av enkelte politkarar.


Vaknar soknestriden i Øyer til live att? Det kan verke slik. Helsesenteret kan ikkje under nokon omstende vere på Tretten. Ein ny idrettshall i Øyer vil rasere tilbodet i Trettenhallen. Og, kva skal vi med ridehall på Stav? Dette er haldningar som eg har fanga opp dei siste dagane.

 

Senterpartiet ynskjer ikkje å blåse liv i nokon soknestrid. Øyer kommune er ikkje større enn at alle må dra i same retning, og støtte opp om kvarandre. Heile kommunen er viktig, skal vi halde fram utviklinga i kommunen vår.

 

Vi treng å samle fagkompetansen innan helsetenestene. Dette er hovudinnhaldet i tanken bak eit helsesenter. Dei aller fleste helsetenestene, inkludert sjukeheimen, er alt samla på Tretten, og det er difor naturleg at dei siste tenestene vert flytta dit. Då får vi eit komplett helsesenter og ein robust legeteneste. Om alt dette skulle flyttast til Øyer, ville det koste kommunen mykje, og vi får endå fleire lokale vi ikkje vil vete kva vi skal bruke til.

 

Det er behov for ein idrettshall til. Etter det eg får høyre, er det fleire grupper i ØTI som ikkje får halltid på Tretten. At det vert bygd ein idrettshall i Øyer vil gjere at vi får to hallar, som begge vil verte veldig mykje brukt. Dette er utruleg viktig i det førebyggjande helsearbeidet! Ein ridehall på Stav vil setje Stav i stand til å satse framover, og dette kan gje positive ringverknadar i heile kommunen.

 

Det er viktig at vi ikkje ser på det som skjer i nabosoknet som noko negativt, og som vil stoppe aktivitet. Om det skjer noko positivt i Øyer eller på Tretten, vil det få positive følgjer for det andre soknet.

 

Senterpartiet vil noko med heile Øyer kommune, og meinar det er viktig at det vert utvikling i heile kommunen. Kva som vert plassert kvar, må i all hovudsak handle om kvar det er fornuftig å plassere kva.

Tips en venn

Skriv ut Skriv ut