Til forsiden
Du er her: Sp der du bor  / Oppland  / Øyer 
Leiar Øystein Jorde oppsummerer dei 4 siste åra:

Vi vil noko med Øyer

[06.09.11 22:08] Leiar Øystein Jorde oppsummerer kva vi har fått til dei siste fire åra i opposisjon. Tenk kva vi kunne fått til i posisjon...


”Vi vil noe med Øyer” skreiv vi utanpå valprogrammet for fire år sidan. Inni programmet hadde vi skrive om kva vi ville med Øyer, og korleis vi ville nå dit. Når vi no ser på kva vi ville for fire år sidan, ser vi at vi har oppnådd mykje. Vi har oppfylt store deler av programmet utan å ha vore i posisjon. Æra for dette har ei dyktig kommunestyregruppe som har stått på for å få fram sakene våre. Noko av det vi ville kravd at vi var i posisjon. Tenk kva vi kunne ha fått til, om vi hadde vore i posisjon med ei solid politisk plattform.

 Vi ville behalde Øyer som eiga kommune. Dette klarte vi. Etter å ha vore med på prosessen ei stund, for å sjå kva ei samanslåing ville betydd, gjekk vi inn for å avslutte prosjektet, då det ikkje var noko i det for Øyer.

 I programmet ville vi prioritere ei stilling som næringssjef i kommunen. Det har kome ein utviklingsstrateg, namnet skjemmer ingen, og vi er nøgd med å ha fått på plass ein person som skal arbeide med å utvikling i kommunen. I dette ligg det næringsutvikling. Høgre var ikkje det einaste partiet som ynskte å få i gang att Øyer næringsråd, Senterpartiet hadde òg dette i programmet sitt.

Vi ville arbeide for å auke inntektene til kommunen, dette vart prøvd, men ordføraren følgde ikkje opp når det gjaldt auka utbytte frå Gudbrandsdal Energi.

På kultur har vi all grunn til å vere stolte. Vi stod i front for å få til ein opptrappingsplan for kulturskulen. Dette fekk vi til, og det har gjeve resultat. Det er mange fleire barn og ungdom som nyttar kulturskulen no enn for eit par sidan. Det vart òg eit lyft for kulturskulen at dei fekk eigne lokale i felleskjerningen. Utan innsatsen til Marie Skavnes, som var saksordførar, hadde ikkje Øyer fått eit slikt lyft for kulturskulen. Kulturskulen skal no få eigne tilpassa lokale i nye Solvang skule, og Senterpartiet vil halde fram med å arbeide for å oppfylle opptrappingsplanen.

 Dette var noko av det vi ville i førre periode, og som er gjennomført. Vi vil framleis noko med Øyer, og har det på framsida på valprogrammet vårt. Om du les valprogrammet vårt vil du sjå at vi vil noko med heile kommunen vår. Vi vil ta offensive grep òg i den neste perioda!

Tips en venn

Skriv ut Skriv ut