![]() |
[10.02.12 15:13] Ivar Odnes tale til årsmøtet.
Gode årsmøte!
2011 var året der sitatet meir DEMOKRATI, meir OPENHET, meir HUMANISME, men ikkje naivitet, kom i fokus!
Jens Stoltenberg brukte desse orda da han varsla at Norges svar på terroranslaget mot vårt folkestyre den 22. juli var meir demokrati, openhet og humanisme. Dette meiningslause angrepet vart retta mot regjering og sommarleiren til AUF. 69 politisk engasjerte ungdommar vart drepne. Vi kan aldri få desse ungdommane attende, men vi skal minnast dei og ta vare på den måten vi viste omsorg og merksemd for einannan etter denne forferdelege dagen. Demokrati, openhet og humanisme skal vere rettesnor i alt vårt folkevalde arbeid.
Våre beslutningar må gjerast med breiast mogleg prosessar og spesielt vår unge må vera sentrale når vi skal legge våre langsiktige planar og strategiar for framtida!
Eg har med dette i år vald å gje av mi taletid til ungdomen, og vil be Senterungdomsleiar Gunnar i spissen saman med Marit, Tor Arne, Gunhild og Tor Andreas som er nokre av våre unge aktive politikarar som med ulike tillitsverv er med på å ta del i vårt demokrati på ein god måte. Men før eg slepp dei til vil eg be forsamlinga reise seg å bli med å minnast ofra frå terroraksjonen den 22.juli i fjor gjennom å synge «Til ungdomen» av Nordahl Grieg!
Takk til døkk for gode innspel til debatt på årsmøtet vårt!
For eit år sida hadde vi fokus på valgkamp og samarbeidsstrategiar. Det vart gjort gode vegvalg og vi er i dag samarbeidsposisjon med Ap, Sv og Krf. Det er historisk i Oppland at Sp og Ap saman styrer Oppland. I tillegg til dette er vi er i posisjon i 17 kommuner i Oppland også, med 10 ordførarar og 7 varaordførarar. Eg ber døkk reise døkk opp så årsmøte kan få sjå laget!
Dette gjev Senterpartiet ein sentral posisjon i Oppland i forhold til å få gjennomslag for vår politikk, og med Senterpartiet i ei fleirtalsregjering så er forventningane store men fallhøgda tilsvarande. Greier vi svare på dette?
“Vi, Arbeiderpartiet, Senterpartiet, Kristelig folkeparti og Sosialistisk Venstreparti vil søke sammen i en brei koalisjon for å utvikle en langsiktig politikk for Opplandssamfunnet.”
Slik opnar Gjøvik-avtalen – den politiske plattforma for partia som har fleirtal i fylkestinget. Som fylkesleiar for Senterpartiet er eg svært godt nøgd med denne politiske plattforma. Det er ei avtale som gjev grunnlag for det arbeidet oss i Senterpartiet gjer kvar dag, heile året – arbeidet for eit betre Oppland.
Vi har nokre mål som vi skal jobbe for i dei neste fire åra. Fylkeskommunen skal vere ei aktiv pådrivar og tilretteleggar for utviklinga av Opplandssamfunnet. Det er difor vi har gått inn i politikken, og det er difor vi har gått saman og sikra eit solid fleirtal i fylkestinget!
Samarbeidet skal sikre resultat som er viktige for fylket.
Oppland består av mange lokalsamfunn som skil seg frå kvarandre på fleire vis. Nokre er små og ligg høgt til fjells, andre er store og ligg ved Mjøsa. Det er langt frå Hadeland til Norddalen, og det er langt frå Valdres til Lillehammer. Det er nokre fellestrekk ved desse Opplandssamfunna. Landbruk og reiseliv er viktige næringar saman med industrien vår. Folketalet held seg stabilt, men ei stadig betre utdanna befolkning ynskjer arbeidsplassar der dei kan få brukt kompetansa si. For oss i fylkestinget er dette det aller viktigaste – å syte for at folk kan ha eit godt yrkesliv i den delen av verdiskapinga dei har valt.
Eit anna trekk ved Oppland er tilflytting. Hit flytter folk frå dei større byane som ynskjer seg eit roligare liv med tilgang til natur og velfungerande lokalsamfunn. Om lag ein av fem som fløt hit, kjem frå utanom Norges grenser.
For alle desse skal det vere godt å kome til Oppland!
Det er heilt avgjørande at vi handterar både eit større kulturelt mangfald og veit å gi spelerom for dei kunnskapane og talenta nye opplendingar har med seg. Framtida ligg her, som i resten av landet, i fellesskap for folk med forskjellig kulturell bakgrunn. Med behovet for arbeidskrafta vi treng frå utlandet må vi også legge til rette for ordningar som er tilpassa vår geografi, og da kan vi ikkje ha det slik at ein må kjøre opptil 60 mil tur-retur for å få ordna nødvendige papirer for fyrstegongs arbeidstilllatelse her til lands!
Vår partileiar Liv Signe har teke til orde for forenkling, dette er eit av eksemplane på at vi har mykje å ta fatt i!
Kultur er eit nøkkelord for å skape identitet. Oppland har eit sterkt og mangfaldig kulturliv, der friviljuge gjer ein stor innsats for lokalsamfunna. Oss må lyfte fana høgt for dugnadsånden og betydninga av friviljugt arbeid. Vi treng arenaer der vi kan møtast for å ta ein prat eller dele kulturopplevingar. Mange bygdesentrum manglar desse arenaene.
Å sørge for å etablere slike møtearenaer er ei viktig sak for Senterpartiet.
Utdanning og kompetanseer grunnlaget for at vi kan vera konkurransedyktige. I Oppland slit vi med fråfall frå videregåande skule. Som skuleeigar er det fylkeskommunen si oppgåve å snu denne trenden. Vi må også sjå til at det er tilgang på lærlingplassar for dei som ynskjer å søkje yrkesfag.
Mange ungdommar vil og må ut av fylket for å ta ei utdanning. Målet må vere at fleire av desse kan ha velge å koma attende til Oppland etterpå. Då må vi sørge for eit større utvalg av kompetansearbeidsplassar. Fylkeskommunen og kommunene, forsvaret med Base Jørstadmoen og Heimvernsskulen på Dombås og industrien vår på Raufoss er eksempel på slike arbeidsplasser. men vi treng fleire rundt omkring i Oppland. Vi vil styrke IKT- bedriftene på aksen Hadeland – Gjøvik – Lillehammer, der det allereie finnes mange sterke fagmiljø i det private og på høgskulene. Eit av tiltaka våre er det nystarta Komm-in AS som er eit såkornfond tilknytta NCE Raufoss som genererer kapital men også kompetansa bedriftene på Raufoss skal vera med å gje starthjelp for folk med idear om nye virksomheter eller produkter.
Årsmøtet er den viktigaste samling i fylkeslaget der vi skal drøfte vegvalg og utforme vår profil framover. Nå står vi framfor store og viktige vegvalg for Oppland og Innlandet. Neste år skal NTP 2014-2013 vedtas. Om 2 veker vert etatenes forslag lagt fram. Intercity mellom Oslo og Lillehammer er ei av dei tre strekningane i InterCity-utbyggingsplanane som blir presentert neste veke for samferdselsministaren. Eg har tru på at den vil anbefale dobbeltspor og minimum bygd for 250 km i timen til Lillehammer. Det vil vera eit kvantesprang i forhold til å gje oss i Innlandet eit attraktivt og konkurransedyktig transportmiddel. Høghastighetsbaneutgreiinga er lagt på bordet, den er det mange meiningar om. Det viktigaste vi kan gjera er å sette oss inn i kva dette faktisk dreier seg om. Gjøvikregionen har fått på bordet eit nyttig grunnlagsdokument for ei eventuell høghastighetsbane på vestsida av Mjøsa med ei samankopling mellom Gjøvik- og Dovrebana. Det vil kunne gje oss ei Mjøsbane med rask kommunikasjon mellom mjøsbyane som ville bety mykje bla for framtidas Innlandsuniversitet med campusar i desse byane.
Helsetenester!
Nå er sjukehusdebatten dratt opp att gjennom Sjukehuset Innlandet sin strategi 2025. Denne peiker på eit framtidig storsjukehus i området vi er i nå. Tida har modnast sidan sist vi hadde denne sak oppe. Vårt fokus må vera til pasientens beste! Vi har nå fått på plass ei viktig Senterpartisak, samhandlingsreformen. Den gjev oss desentralisering av dei helsetenestene vi kan desentralisere. Vi flytter kompetanse og ressursar ut nærmast mogleg pasienten! Det betyr også god akuttberedskap gjennom ei oppgradert ambulanseteneste, ei ny luftambulanse i Mjøsområdet. Vidareutvikling av lokalmedisinske sentra. Da må vi også sjå at eit storsjukehus kan gje oss den kompetansa og tryggheten som oss som pasientar etterspør når vi søkjer behandling på sjukehuset. Da kan vi også rekruttere dei beste fagfolkene inn i eit attraktiv nytt sjukehus her i Innlandet og vi kan stoppe og til og med snu pasientflyten i til Oslo.
Næringsutvikling!
Telemarksforskning har lagt fram ein rapport som ikkje er spesielt positiv for Oppland. Korleis skal vi kunne snu dette her i Oppland? Rapporten trekker fram to argumenter for at et høyt utdanningsnivå i næringslivet vil stimulere til regional utvikling gjennom økonomisk vekst. Norge som høykostland har best vekstbetingelser i kompetanseintensive næringer. Regioner med høyt utdanningsnivå vil dermed få bedre vekst enn regioner med lavt utdanningsnivå i næringslivet. Et argument er at næringsliv med høyt utdanningsnivå er mer innovativt og dermed bedre rusta for vekst. Næringslivet i Oppland har allikevel mye innovasjon. Gjøvikregionen har den fjerde høyeste andelen innovative bedrifter av alle regionene!
Reiseliv og landbruk treng også folk med høgare utdanning, og i Oppland ligg både kultur og natur til rette for eit godt reiselivstilbod og eit variert og robust landbruk.
Skal vi vere attraktivt for tilreisande og kunne gje innbyggarane dei moglegheitene dei ynskjer, treng vi gode kommunikasjonsårer. Det er ei utfordring i eit så langstrakt fylket som vårt. Ein kjem ikkje unna bilen i Oppland. Vi treng gode veger til, gjennom og rundt i Oppland. Her er vi i fylkeskommunen sentrale, både som utviklar og som eigar av fylkesvegnettet. Her er vi i ei god samordning med døkk i kommunene for å finne dei riktige prioriteringane når vi skal disponere knappe ressursar til vedlikehald og investeringar framover. Det er ikkje for å vera utakknemlege Liv Signe, for det var eit riktig val å overføre bla over 1000 km riksveg her i Oppland til fylkeskommuna for 2 år sidan, men vi er ikkje glade for den standarden desse vegane var i da vi fekk dei. Her kan vi berre vise til Fv 255 Skåbuvegen som er ei vegstrekning mellom Vinstra og Skåbu som egnar seg betre for ekstremsport med hjerta i halsen enn ei viktig livsnerve til ei fjellgrend med mange fastbuande og eit stort antal fritidsbustadar.
Seinare i dag skal vi høyre Ann-Kristin Hageløkken snakke om bedriftsetablering i Oppland. Eg vil gå inn på problemstillinga her og, for vi treng å bygge kultur for at folk skal ville starta opp eiga verksemd. Oppland er eit langstrakt fylke, der pendling til og frå jobb kan ta mykje tid. Samtidig er det så mange gode bustadar her, så mange fine lokalsamfunn. Ny teknologi gjer det mogleg å drive bedriftar frå nær sagt kor som helst, men forholda må legges til rette. Vi i Senterpartiet har alt i mange år jobba hardt for betre infrastruktur i Norge, veger, jernbane, breiband, og ikkje minst å behalde god postgang over heile landet. Alt dette er viktig, men dei som vil skape arbeidsplassar treng noko meir – eller kanskje skal eg også seie noko mindre?
Oppland fylke er einaste Grøne Energifylket. For oss er det viktig å vera på bana i forhold til klimameldinga som er ei av dei tunge sakane som vår regjering arbeider med. Eg har teke initiativ til at Sp arrangerer eit miniseminar på Stortinget den 6.mars. Erling Sande som er vår leiar av miljø- og Energikomiteen er sentral her. Eg er glad for at våre statsrådar i dagsrevyen i gårkveld sette fokus på skogen sin betydning i klimarekneskapen. For Innlandet er dette vårt store bidrag både til CO2-binding men også til overgang til fornybar energisatsing. Fylkestingsgruppa har fremma ei uttale på klimameldinga som eg håpar årsmøtet vil lyfte opp å gje sin tilslutning til. For Oppland betyr dette også viktige arbeidsplassar ved å satse meire på vår grøne energi i ei næring som vi er verdensleiande på forsknings- og utviklingssida! Senterpartiet skal vera i front i klima og miljøarbeidet!
Fylkesordføraren vår har fronta ein ny Innlandsoffensiv. Det står vi saman om. Eg har peikt på nokre områdar her i dag som vil vera sentrale i ein slik offensiv, men eg håpar døkk har fleire innspel til oss i dag.
Min liste for saker i ein Innlandsoffensiv vil vera:
2012 – byggestart E16 Fønhus-Bagn og FV33 Skreifjella-Totenvika. Komm-in AS etablert. Heimevernsskulen på Dombås sikra! Fusjon av Høgskulane i Oppland og Hedmark.
2013 - E6 Øyer-Tretten ferdig, FV34, Grime Vesleelva ferdig.
2014 - Fjell-Norge reiselivsdestinasjonselskapet er motoren i reiselivssatsinga. Oppstart E16 Hønefoss-Roa.
2015 - Innlandsuniversitetet etablert. E16 Fønhus-Bagn og FV33 Skreifjella-Totenvika ferdig.
2016 - Ungdoms-OL på Lillehammer, E16 Filefjell ferdig
2017 – E16 Bagn- Bjørgo og R4 Lygna-Gran ferdig.
2020 – Oppland har passert 200000 innbyggarar
2022 – Vinter-OL, Oslo/Lillehammer. IC- Oslo- Lillehammer ferdig.
2025 – Nytt Storsjukehus i Innlandet opnast.
2030 – Samankopling av Gjøvikbana og Dovrebana, dobbeltspor og IC-standard ferdig til Dombås.
Dette er nokre av mine visjonar blanda med fakta som alt ligg inne. så får vi drøfte kva vi saman vil og sjølvsagt vil denne lista bli endra og sikkert meir detaljert.
Vi skal så koma attende til deg Liv Signe og dine regjeringskollegaer på korleis vi saman med nasjonale myndigheter skal få til denne Innlandsoffensiven!
Vi må sjå lengre fram enn ut inneværande 4-årsperiode, her kan vi svare på ungdommane sin krav og forventningar til oss for å gjera Oppland attraktivt for deira generasjon og deira ungar att. Senterpartiet skal her vera offensive og på lag med Gro og Ap, Sv og Krf så er oss svært operative for å kunne fylle opp Innlandsoffensiven med innhald og gjennomføre den også!
Takk for oppmerksomheten!