|
|
[18.01.12 15:37] Pressememdling frå Oppland Senterparti
Kontaktpersonar er Ivar Odnes 95047024 og Aud Hove 41559413
Enda eit EU-direktiv - vikarbyrådirektivet
I dag demonstrerer 10 av fagforbunda i LO mot vikarbyrådirektivet. Det er heile 700 000 medlemmar og dermed mange som er skeptiske til, eller sterke motstandarar av dette direktivet.
Ein ser at det er både positive og negative verkingar ved å innføre vikarbyrådirektivet, men hovudpoenget må vere at Norge fint kan gjennomføre dei positive verkingane for det norske arbeidslivet utan at vi skal vedta direktivet med sine negative verkingar.
Vi treng eit arbeidsliv med ei viss form for fleksibilitet, men i botnen må retten til fast tilsetjing, gode pensjonsrettar og mindre lønnsforskjellar ligge.
Sjølv om direktivet legg til rette for å betre situasjonen for dei tilsette i vikarbransjen og sikre ei meir seriøs bransje, er det jo nettopp at dei i utgangspunktet er i vikarbransjen som er utfordringa.
Senterparitet i Oppland meiner at EU-historia viser at vi er best tent med å styre sjølve over regelverk og retningsliner, og er sterkt skeptiske til nok ein gong å godta eit EU-direktiv.
Justeringar og endringar innan arbeidsliv og samfunnet elles gjer vi best gjennom demokratiske og opne prosessar utan å måtte kopiere andre.
Oppland Senterparti
Ivar Odnes Aud Hove