|
|
[04.11.09 09:55] Kjersti Toppe snakka tirsdag i Stortinget om korleis ein kan redusera ventetida i helsevesenet.
I stortinget vart det tirsdag 3. oktober debattert helspolitikk. Høgres representant Bent Høie meinte regjeringa ikkje strekk seg langt nok for å la private sjukehus behandle pasientar som står i behandlingskø. Kjersti Toppe svara slik:
- Eg vil først takka representanten Bent Høie som tek opp eit viktig tema. Eg er einig i at det er svært viktig å redusera ventetidene på prioriterte grupper i helsevesenet. Men eg meiner det er ei avsporing å gjera dette til berre eit spørsmål om å auka behandlingskapasiteten ved å ta i bruk fleire private sjukehussenger. Etter Senterpartiets meining ligg løysinga først og fremst i å førebyggja betre, slik at straumen av pasientar blir mindre. Ei sterkare prioritering av førebyggjande helsearbeid og av kommunehelsetenesta er det viktigaste grepet på sikt for å minska presset og redusera behovet for utgreiing og behandling i spesialisthelsetenesta.
Offentleg ansvar?
Ein annan viktig del av denne debatten om ventetider er den medisinske utviklinga, som går svært raskt. Vi blir stilte overfor vanskelege etiske spørsmål knytte til behandlingsformer om kvar ressursinnsatsen skal setjast inn. Det må heile tida gjerast avvegingar mellom kva slags tenester og behandlingar som skal vera det offentlege sitt ansvar, og kva slags tenester og behandlingar som ikkje skal vera det.
I regjeringsplattforma til den raud-grøne regjeringa står det at for å sikra eit godt helsetilbod til alle må vi ha ei sterk offentleg heseteneste der sjukehusa i det vesentlege er åtte og drivne av det offentlege, med private verksemder og avtalespesialistar som nyttige samarbeidspartnarar. Sjukehus som er åtte og drivne av frivillige organisasjonar skal sikrast gode vilkår gjennom avtalar med det offentlege. Regjeringsplattforma slår vidare fast at ledig kapasitet i dei offentlege sjukehusa skal utnyttast. Avtalar mellom helseføretak og private kommersielle sjukehus skal ikkje ha eit omfang som undergrev pasientgrunnlaget for dei små sjukehusa.
Offentlege sjukehus har lidig kapasitet
Helseformuleringane i regjeringsplattforma er heilt i tråd med Senterpartiets programformuleringar. I valkampen var eg på besøk på fleire lokalsjukehus i Hordaland, bl.a. i Odda og på Voss. Meldingane var klare, og dei går rett heim i denne debatten. Kvifor meiner Høgre at vi skal auka det private sjukehustilbodet når vi har offentlege sjukehus som har ledig kapasitet og som spør etter fleire oppgåver?
Senterpartiet meiner at vi først må nytta kapasiteten i det offentlege før ein vurderer å auka tilbodet av private helsetenester og føreset at dei regionale og lokale helseforetaka – som skal setja i verk tiltak for å redusera ventetidene – også prioriterer etter desse prinsippa.
Sjå til Skottland
Til slutt i denne debatten vil eg nemna det som no skjer med helsevesenet i Skottland. Det skotske parlamentet overtok styringa av National Health Service Scotland i 1999. Dei har sidan brote privatiseringstrenden og bruken av marknadsmekanismar for i staden å levera eit effektivt offentleg helsevesen. Konkurranseutsetjinga er i ferd med å forsvinna heilt. Det finst førebels liten forsking som kan seia sikkert om skottanes endringar gir eit betre og billegare helsevesen, men folk har merka seg at ventetidene har gått ned. Eg meiner dette er interessant og viser at satsing på eit sterkt offentleg helsevesen kan vera ein god måte å redusera ventetidene i helsevesenet på.