[18.10.08 00:00] Den raud-grøne regjeringa har nyleg lagt fram eit ambisiøst og godt budsjett som viser ei retning vidare. Likevel let sjølvsagt ikkje dei negative reaksjonane frå opposisjonen vente på seg. Det er jo oppgåva deira å vera misnøgde med regjeringa og å framheve kva dei sjølve står for, og det er vel og bra. Likevel må eg innrømme at irritasjonen breidde seg når Harald Tom Nesvik frå Fremskrittspartiet i trontaledebatten prestere å seie at vi har bak oss tre år med raud-grønt kaos.
Det er tydeleg at Nesvik, hans partifeller og resten av opposisjonen ønskjer seg politisk endring etter valet neste år. Då vil eg få minne om det som er sagt: at framskritt betyr alltid forandring, men forandring betyr ikkje alltid framskritt.
Om å drive politikk, sa Carl Joachim Hambro så treffande: Den politikken som er i pakt med framtida, må gå ut på å gjera mogleg i morgon det som er umogleg i dag.
Stortingsfleirtalet og regjeringa har hatt som mål å leggje til rette for at samfunnet og enkeltmennesket skal ha dei rammevilkåra som gir rom for utvikling, og som gir rom for gode liv. Derfor har vi mellom anna satsa på den lokale velferden, på helse og omsorg. Derfor har vi gjort ein stor innsats for full barnehagedekning, og derfor har vi løfta samferdsel – som den første regjeringa som har oppfylt rammene i Nasjonal Transportplan.
Vi har ikkje tenkt å la det bli med dette, og budsjettet viser nettopp det. Sjølv om omgrep som raud-grønt kaos og andre misvisande kommentarar haglar, er det ingen tvil: Regjeringa og Senterpartiet skal halde fram med å arbeide for å gjera mogleg i morgon det som er umogleg i dag, både i 2009 og i fire nye år etter valet.