[15.08.08 00:00] Den 14. august var det oppslag i Aftenposten og NRK om skulevegar. Innfallsporten var at Vegdirektoratet tilrår at politikarane legg vekk planane om å trygge alle skulevegane i landet, ut i frå ein argumentasjon om at ei slik satsing ikkje er samfunnsøkonomisk lønsam.
Eg meiner at utgangspunktet for utspelet er heilt feil. Samfunnsøkonomiske betraktningar er ikkje nokon konkret og etterprøvbar vitenskap, og førebygging er det umogleg å måle resultat av.
Tryggare skulevegar handlar om mellom anna dette:
1) Å unngå alvorlege ulukker og spara liv.
2) Å gjera ungane og foreldra mindre redde.
3) Å leggje til rette for meir fysisk aktivitet. Altfor mange ungar sit for mykje. Vi veit at nye gang- og sykkelvegar gjer at mange fleire går og syklar, ikkje berre til og frå skulen, men også elles.
4) Å skape betre bumiljø rundt skulane. Mange stader er skulen hjartet i bygda, men dei vaksne er redde for å sleppe ut ungane i området fordi risikoen for ulukker er stor.
Vi i Senterpartiet vil ha ei større satsing på gang- og sykkelvegar i heile landet, og trygge skulevegar må vi arbeide for å få på plass i eit raskare tempo. Det er viktig at tiltaka som blir gjennomført er fornuftige ut i frå lokale forhold.
Ambisjonen er - og skal vera - at 80% av ungane skal kunne gå og sykle til skulen. Derfor har regjeringa auka dei statlege løyvingane til å byggje gang- og sykkelvegar. Frå 2007 til 2008 auka vi desse løyvingane med 100 mill kr, frå 240 til 340 mill.
Dette gir resultat, og vi vil gjera ein innsats for tryggare skulevegar framover også.